JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Endå ein upopulær president

Det demokratiske partiet er for splitta til at Joe Biden kan få gjennom særleg mykje av sin politiske agenda. 70 prosent av amerikanarane seier at USA går i feil retning.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Etter krigen har berre éin president lege lægre på amerikanske meiningsmålingar om popularitet etter eitt år enn Biden.

Foto: Jonathan Ernst / Reuters / NTB

14236
20211105

Fakta

Biden har prøvt å få gjennom tre store planar: på velferd, klima og infrastruktur.

Ingen av planane er vedtekne, og alle framlegga er utvatna.

Berre 42 prosent av amerikanarane meiner han gjer ein god jobb.

70 prosent av amerikanarane seier USA går feil veg.

Politikk

jon@dagogtid.no

Ein nyvald amerikansk president plar ofte å ha ein stor fordel: Den tapande eller avtroppande presidenten som har sete i to periodar, er veljarane leie av. Og når dei er leie av ein president, er dei også leie av partiet han representerer. Ein nyvald president får dimed rett som det er eit fleirtal for eige parti både i Senatet og i Representanthuset, eller Huset. Slik gjekk det også for Joe Biden. Demokratane vann med god margin i Huset, og i Senatet fekk dei 50 senatorar, som vert eit fleirtal med dobbeltrøysta til visepresidenten.

Difor heitest det at ein nyvald president har to år på å få gjennom den dagsordenen han ynskjer, for etter to år plar presidenten og fleirtalspartiet å vera såpass upopulære at partiet hans taper – om ikkje båe kammera, så eitt av dei. Men den regelen gjeld i grunnen ikkje lenger. Amerikansk valkamp har utvikla seg til ein nær permanent tilstand. Alt eitt år før det komande valet tenkjer dei fleste i Huset på attval, og det gjer den tredjedelen av senatorane som skal veljast, òg. Dei fleste som er på val, oppheld seg året før valet mykje heime, anten på valmøte eller for å samla saman pengar til valreklame.

Gjekk ikkje bra

Biden har dimed berre fått eitt år på å få gjennom agendaen han meiner han er valt på. Det har ikkje gått godt, korkje i Kongressen eller på meiningsmålingane. Det er særleg tre område det har gått dårleg på: innvandring, som i stor grad er sjølvpåført, klima/infrastruktur og velferd. På dei to siste områda ligg ikkje skulda så mykje på Biden, som på Kongressen og særleg på Senatet.

Då kan vi seia velkomen til kolsenatoren og teppehandlaren Joe Manchin frå Virginia, som før var nokså ukjend i USA, men no er vorten ein av dei mest vidgjetne politikarane. Han har både vatna ut og stogga store delar av Bidens omfemnande klima- og velferdsplan. Planen har gått frå å vera på 3,5 billionar dollar dei komande ti åra, til no å vera vatna ned til 1,75 billionar dollar, kanskje mindre. Resultatet er at Biden og USA har vorte nokså impotente på klimatoppmøtet i Glasgow.

Det måtte kanskje gå slik, gjeve korleis valsystemet og dimed Det demokratiske partiet har utvikla seg.

Valgeometri

La oss, før vi går nærare inn på nederlaga til Biden, sjå litt på den negative utviklinga i valsystemet, ei utvikling republikanarane ber mest av skulda for, men demokratane er langt frå uskuldige. Systemet heiter gerrymandering, som på norsk vert noko slikt som «opportunistisk valgeometri» (OV). Det gjer seg ikkje gjeldande ved senatsval, med ved val til Huset. Det gjeld heller ikkje i alle delstatane. Nokre delstatar har tverrpolitiske distriktskomitear, men i eit fleirtal av delstatane vert valdistrikta kvar tidande år delte opp av dei til kvar tid rådande politikarane i delstatsforsamlingane. OV er logisk i ei maktperspektiv, men uheldig for demokratiet. Det fører til ei stadig sterkare radikalisering, både til venstre og til høgre.

Så kva er OV? Jau, det er anten å samla så mange som mogleg som røystar på det andre partiet i eitt valdistrikt, eller å spreia veljarane til dei andre tynt utover. Vi kan nytta Texas som døme. Texas har nemleg nyss vedteke nye valdistrikt til det komande husvalet, og andre val, for den del. Texas er tradisjonelt ein delstat dominert av republikanarar, men delstaten er også vorten populær hjå personar som tradisjonelt røyster på demokratane. Texas har låge skattar og er kjend for å vera relativt godt styrt. BNP per innbyggjar har gått kraftig opp dei seinaste åra, og Texas har snart teke att California i verdiskaping per innbyggar.

Nye innbyggarar

Texas har faktisk fått mange innflyttarar frå California, som har høge skattar, dei siste åra. Fleire akademikarar har flytta dit, dessutan ei rekkje oppstartsverksemder og større selskap. Til og med Tesla har varsla at dei vil flytta hovudkontoret frå California til Texas. I tillegg har det vore mykje innvandring frå Mellom-Amerika. Men at ei rekkje personar som tradisjonelt røystar demokratisk, flyttar inn, trugar makta til republikanarane.

Så kva gjer dei då? Dei lagar valdistrikt som ser underlege ut på karta, der dei stappar så mange demokratiske buområde dei kan, inn i eitt valdistrikt, eller spreier demokratiske veljarar tynt utover fleire. Som delstatsavisa Texas Tribune skriv om dei nye valdistrikta den republikanske guvernøren godkjende den 25. oktober: «Distrikta vart teikna for å halda republikanarane ved makta det neste tiåret òg.»

Dei få representantane frå Texas som vert valde til Huset, kjem i endå større grad til å vinna med stort fleirtal i framtida enn dei har gjort til no. Det er ein konsekvens av dei nye valdistrikta. Valdistrikt som til dømes er knytte til University of Austin, der demokratane vinn, vert knytte endå meir saman. Afroamerikanarar og latinamerikanarar, som også plar røysta demokratisk, om enn i mindre grad enn før, vert derimot spreidde utover område der eit stort kvitt fleirtal røystar republikansk.

Radikaliseringa

Det som skjer i Texas, er symptomatisk for mykje av USA. Det er visse område som er garantert å vera demokratiske i nær all framtid, typisk universitetsområde og dei store byane. Det same gjeld også ein del republikanske område der konservative kvite er i fleirtal, og der røystene til afroamerikanarar og søramerikanarar ikkje tel i det heile.

Kva slags menneske er det som plar vinna i område der partiet deira har eit klart fleirtal og ikkje står i fare for å tapa? Dei mest radikale. For som vi veit, radikale er dei som held ut interne maktkampar lengst. I New York dominerer den radikale venstresida i Det demokratiske partiet; i Sørstatane og Midtvesten dominerer den radikale høgresida i Det republikanske partiet.

Ja, dette er ei forenkling. For i delstatar som ikkje driv med OV, og der visse valdistrikt vekslar om å sende anten ein republikanar eller ein demokrat til Huset, der får USA moderate politikarar som må appellera til midten. Men i område som driv med OV, eller i alle høve alltid sender ein politikarar frå same parti til Washington, der vinn dei meir ekstreme.

Fire parti

I røynda har Huset no fått fire parti: radikale demokratar, moderate demokratar, radikale republikanarar og moderate republikanarar, som er den klart minste grupperinga. I Senatet er mekanismen annleis. Senatorar møter ikkje noko anna valdistrikt enn delstaten. Det vil seia at ein demokrat som vil vinna i ein konservativ delstat, ikkje har noko anna val enn å gå mot høgre. Sluttresultatet er i alle høve strekk i feltet, og særleg gjeld det i Det demokratiske partiet. For å seia det slik: Semja mellom dei radikale og moderate er ikkje nett stor. Forakta dei hyser for kvarandre, derimot…

I Huset dominerer dei radikale demokratane. Der vil dei ha radikale klima-, infrastruktur-, velferds- og skatteaukepakkar. Biden har prøvt å koma dei i møte. Den store velferds- og klimapakken er i så måte eit godt døme. Den skulle i hovudsak finansierast gjennom store skatteaukar for dei rikaste.

Gruvefolket

Då er vi attende til Joe Manchin frå Virginia. Han er valt inn frå ein delstat som har det lægste utdanningsnivået i USA. Han er valt inn av gruvefolket og er økonomisk støtta av gruveindustrien. Han er også den senatoren som Biden ringjer oftast. Det har ikkje hjelpt mykje.

Manchin har skore nådelaust i både skatteaukar og i subsidiar. Biden er fullt ut klar over at amerikanarar flest korkje vil ha høge straumprisar eller høge bensinprisar. Biden kan ikkje, om han vil verta attvald, auka prisen på energi. Dimed vil han subsidiera omlegging til det grøne. Desse subsidiane i kombinasjon med reguleringar, var tanken, skulle få kol heilt ut av amerikansk straumforsyning. I tillegg til massivt med vind og sol skulle det òg koma eit nytt og forsterka straumnett, var planen.

Manchin nektar å vera med på noko så radikalt, elles vert han ikkje attvald. Ja, kol er i ferd med å døy av seg sjølv, sidan kraftindustrien har gått over til gass, men kulturen i Virginia er framleis prega av kol. Klimadelen av klima- og velferdspakken skulle vera på 1,5 billionar dollar og slå botnen ut av den kolindustrien som framleis er att i USA. Joe Biden og Nancy Pelosi, leiaren i Huset, har skore klimadelen ned til 550 milliardar for å koma Manchin i møte. Denne veka sa Manchin at han også var usikker på om han kunne støtta den radikalt nedskorne varianten, av di også den legg opp til mindre kol.

Frå venstre til høgre

Men også velferdsdelen, som mellom anna skulle gå til betalt morspermisjon, billegare barnehage og gratis tannhelseteneste for eldre, er i store problem. Finansieringa er borte. Då kan vi seia god dag til den andre store fienden til dei radikale demokratane, Kyrsten Sinema frå Arizona. Sinema stod opphavleg langt til venstre i både verdi- og interessespørsmål og er opent bifil. Ho har teke ei lang reise frå venstre til midten, ja, nokre vil seia langt til høgre. Ho vart vald til senator i 2018, men sat før det i Huset, der ho røysta mot skattelettane til Trump.

Sinema bryr seg ikkje så mykje om klima og kol, men med ein gong ho uventa vart vald til senator frå ein konservativ stat, gjekk ho sterkt til høgre og røysta med Trump i over halvparten av forslaga regjeringa hans kom med. Ho har vatna ut eller sagt tvert nei til så godt som alle skatteaukeframlegg. Gong etter gong har ho tvinga dei radikale i Huset i kne, gong etter gong har Pelosi måtte koma med modererte framlegg til Senatet.

Bom stilt

Så der står Biden. Han prøvde å koma fleirtalet av dei folkevalde demokratane i møte ved å leggja fram radikale planar for velferd, klima og infrastruktur. Ingen av planane er så langt vedtekne, heller ikkje i utvatna form. Sjølv har han brent mykje politisk kapital mellom veljarane på å prøva og feila. Sentrumsveljarane liker han ikkje, av di dei er redde for skatteaukar og venstreradikale agendaer i den såkalla kulturkampen. Dei radikale veljarane liker han ikkje, av di han heile tida må gje etter for to senatorar.

Faren no er at alt ryk. Fleire radikale demokratar kan ikkje nær valet gå mot midten, for då står dei i fare for å ryka mot meir radikale demokratar i radikale valdistrikt. For kvar dag som går utan at noko vert vedteke, vert risikoen for at heller ikkje dei moderate planane vert vedtekne, større. Og støtte frå republikanarar kan Biden berre gløyma. Dei få moderate republikanarane i Huset, dei som ikkje støtta Trump etter at han kom med valfuskskuldingane, står i fare for å verta reinska ut.

Mistak

Har Biden gjort mistak? Tja. Han prøvde å støtta det radikale fleirtalet i Kongressen ved å leggja fram verkeleg store pakkar. Då spente han forventninga høgt. Men han kunne ikkje levera, av di demokratiske senatorar frå konservative statar ikkje kunne støtta pakkane av di dei då ikkje ville ha sjanse for attval. Det burde han nok ha forstått, sidan han sjølv var senator i ein mannsalder. I tillegg er det store misnøye med Biden mellom moderate demokratar i Huset. Dei meiner Biden har gjort det vanskeleg for dei å verta attvalde.

Men dei store problema på grensa til Mexico ber nok Biden ansvaret for sjølv. Trump førte ein hard politikk der, og særleg vart det reagert på at han internerte born. Desse borna kom åleine inn i USA av di foreldra rekna med at dei ikkje vart sende attende, og dimed seinare kunne nyttast som anker for resten av familien til å koma etter. Politikken var ikkje heilt ny, også under Obama vart born internerte, men Trump skrytte av kor effektiv han var til å skremma bort innvandrarar. I valkampen snakka Biden gong på gong om den inhumane innvandringspolitikken, og med éin gong han fekk makta, avvikla han presidentordrar Trump hadde gjeve på innvandringsområdet.

Ny rekord

Dei siste ni månadene har det vore eit sterkt press mot den amerikanske grensa i sør. Grensepolitiet har arrestert 1,7 millionar immigrantar som har teke seg ulovleg over grensa det siste året. Det er rekord. I tillegg har borna koma i høgre tal enn nokon gong, anten åleine eller saman med foreldre.

Heile 1,1 millionar av dei som har vorte arresterte, er foreldre som reiser med born. Dei har trudd på lovnadene til Biden om at den inhumane politikken skulle stogga. Ein av grunnane til at Biden har falle så fort på målingane om popularitet, er nok den manglande kontrollen på grensa mot sør. I ei meiningsmåling no i oktober sa berre 35 prosent av amerikanarane at dei støtta Bidens innvandringspolitikk.

Og det går verkeleg dårleg på meiningsmålinga NBC presenterte for to veker sidan, ei meiningsmåling på ti område, frå skatt til energi til innvandring, der dei spurde veljarane kva parti dei leit mest på. Etter at Biden vart vald, har republikanarane gått opp på alle dei ti områda.

Biden vann Virginia med 10 prosentpoeng ved presidentvalet. Tysdag denne veka var det guvernørval i delstaten. Dei fleste meiningsmålingane spådde demokratisk siger heilt opp til dei siste dagane. Republikanaren Glenn Youngkin, med sterk støtte frå Trump, vann klart. Youngkin førte ein valkamp mot kritisk rase- og kjønnsteori, som demokratane etter hans syn har innført i skulen.

Trump

Trump eig Det republikanske partiet no. Biden, derimot, vart valt inn for eit parti som er meir splitta enn nokon gong sidan sørstatsdemokratane var mot innføring av borgarrettar for afroamerikanarar på byrjinga av 1960-talet. Slik stoda er no, har korkje Joe Biden eller visepresident Kamala Harris store sjansen mot Trump dersom han stiller ved neste presidentval.

Det demokratiske partiet er for oppteke av interne maktkampar til å gje Biden sigrar. Trøysta får vera at på amerikanske meiningsmålingar om popularitet etter krigen har berre éin president lege lægre enn Biden etter eitt år. Det var Donald Trump.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I ei meiningsmåling no i oktober sa berre 35 prosent av amerikanarane at dei støtta Bidens innvandringspolitikk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis