Politikk
Eitt år i ingenmannsland
«Grå og konturlaus», sa Siv Jensen om si eiga regjering. Spørsmålet er om det vert mindre grått framover.
Statsminister Erna Solberg på Dagsrevyen på NRK 20. januar 2020.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Nasjonen er attende til det som har vore normalsituasjonen dei siste femti åra. Stortinget og ikkje regjeringa skal styra landet. Frp fann til slutt ei perfekt sak å gå av på: islam. Men kva kjem no til å henda? Kven vert taparar og vinnarar i den nye maktkonstellasjonen? Å spekulera om framtida er ikkje god journalistikk, men av og til må det vel gjerast. Siv Jensen har vore nokså open om kva som låg an til å henda. Ho sa på pressekonferansen måndag at Frp var åt å gå på to nederlag i regjeringa, og det var vindkraft og den såkalla iskanten i Barentshavet. Frp har tydelegvis ynskt at vi ikkje skal få nye vindturbinar på land, og at vi skal flytta den flytande iskanten så langt nord som råd er. Avgjerda om korleis det går, er no flytta frå regjeringa over til Ap.
På Dagsnytt 18 no måndag nekta Jonas Gahr Støre å svara på kva Ap meinte om iskanten. Han sa at dei skal lytta til dei faglege innspela når spørsmålet vert lagt fram for Stortinget. Men iskanten er ikkje fag, han er politikk, særleg sidan den røynlege iskanten flyttar seg nordover. Saka er vanskeleg for Ap. Unge veljarar og fagforeiningane som organiserer offentlege tilsette, vil ha iskanten langt mot sør, for slik å hindra ny oljeutvinning. Dei private fagforbunda og folk flest i Finnmark vil ha iskanten mot nord, for å få meir oljeutvinning. Støre kjem til å tapa same kva. Berre for Frp er saka enkel, dei vil så langt mot nord som råd er.
Meir magasinkraft
Heller ikkje når det gjeld vindutbygging, veit vi kvar det heile endar. Det som verkar nokså klart, er at vi treng meir fornyeleg kraft om vi skal elektrifisera så mykje som Stortinget no ynskjer. Om det ikkje skal seljast fossile personbilar etter 2025, og om oljeselskapa skal elektrifisera heile sokkelen, bør det truleg byggjast ut ny kraft. Vindturbinar til havs er ikkje lønsame på sokkelen av di vi har så djupt hav, men no har altså vindturbinar vorte samfunnsøkonomisk lønsame på land. Senterpartiet, dei som i si tid opna opp for all denne vindutbygginga vi har fått, seier no at kommunane skal få vetorett på alle eventuelle konsesjonssøknader. Seier Ap seg samd, vert det ikkje bygt ut meir vind på land enn det alt er gjeve løyve til, sidan folkemeininga har snudd. Igjen får Støre her eit problem.
Eit alternativ kan vera å byggja ut mykje meir magasinkraft. I skrivande stund produserer alle norske magasin så mykje kraft dei kan av di magasina er så fulle og det er så mykje snø i fjella. Det meste tyder på at Noreg får langt meir nedbør i framtida, og at denne vinteren er ein peikepinn på kvar vi skal. Frp ynskjer å byggja ut mykje meir vasskraft. Det er nok ikkje Senterpartiet imot, sidan det vil gje bønder med vatn gode inntekter. Også her sit Ap med lykelen. Skal dei framleis halda seg på Stoltenberg-lina, som var at «tiden for store vannkraftutbygginger er over», eller skal vi igjen byrja med store magasin? Seier Ap nei til nye magasin, seier dei samstundes nei til store framtidige inntekter. Seier dei ja til nye vindturbinar, seier dei samstundes nei til mange veljarar.
Pengebruken må ned
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.