Politikk
Eit endra parti
Høgres utkast til program er vagt, barnleg og til dels meiningslaust. Det er sikkert medvite.
Erna Solberg på digital landsmøte-kick-off i Høyres hus.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Den fyrste meldinga av utkast til partiprogram før stortingsvalet vert den mest urettvise. Det er ei umogleg oppgåve å skriva program når ein har hatt makta så lenge. Røyndomen og den nære historia trengjer seg på. Alle partar hadde vore tente med å ignorera framlegget til Høgre-program. Også Dag og Tid.
«Vi tror på Norge» er til dømes opningssetninga i Høgres nye utkast til partiprogram. Kan ein ikkje laga ein negasjon, vert det tøvete. «Vi tror ikke på Norge.» Nei, parti kan ikkje skriva slik. Stryk på banalitetsprøva.
Men spørsmålet til hausten er om dei som har ei borgarleg orientering, kan tru på Høgre. Mennesker, ikke milliarder var tittelen på ei bok som journalisten Odd Isungset skreiv for Erna Solberg i 2011. Der sa Solberg dette: «Menneskerettighetene har en lei tendens til å tape for næringsinteressene. Det ser vi tydelig både når det gjelder nasjoners og firmaers forhold til menneskerettigheter i Kina.» Slik skal det lyda. Stå opp mot tyrannen i aust!
Så fekk Høgre både stats- og utanriksministeren. I april 2016 underskreiv vi ein avtale med Kina, på engelsk, men som vi omset her: «Den norske regjeringa har full respekt for Kinas utviklingsspor og samfunnssystem og vil sterkt rosa den historiske utviklinga Kina har gått gjennom, ei utvikling utan parallellar. Noreg vil igjen streka under at vi forpliktar oss til eitt-Kina-politikken, har full respekt for Kinas sjølvstende og territoriale integritet, og at vi legg sterk vekt på Kinas interesser. Den norske regjeringa vil ikkje støtta handlingar som undergrev desse, og vil gjera vårt for å unngå framtidige skadar på dei bilaterale relasjonane våre.» Men no har altså Høgre funne ut at dei har sjølvtillit på vegner av Noreg.
Ein glad statsminister
Solberg har vore statsminister i åtte år til hausten. Som maktmenneske har ho vore ein suksess. Ho er både blid, sympatisk og raus. Det finst ikkje mange statsministrar i norsk soge som har vore likt av fleire. I valet mellom Jonas Gahr Støre og Erna Solberg svarer langt fleire Solberg som statsminister, syner meiningsmålingane. Men ho har gjort partiet Høgre til noko heilt anna. Noreg under hennar leiing har lagt seg flat for Kina, ikkje satsa på Forsvaret, kritisert ein amerikansk president, knapt sett ned skattane, og auka dei offentlege utgiftene i ei grad få om nokon trudde var mogleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.