Politikk

Det nye distriktspartiet

Klima «er rammen rundt all annen politikk», skriv Ap i det nye programmet. Dei kunne like godt ha skrive at distriktspolitikk er mykje viktigare enn annan politikk.

Jonas Gahr Støre held avslutningstalen på Aps digitale landsmøte.
Jonas Gahr Støre held avslutningstalen på Aps digitale landsmøte.
Publisert

Å lesa partiprogram er ikkje nokon fest, og det vert berre verre med åra. I takt med at Oljefondet veks, veks dei politiske overboda. Men då eg såg at Sigbjørn Johnsen og Jonas Gahr Støre har vore medlemmar av programkomiteen til Arbeidarpartiet for perioden 2021–2025, vart eg litt letta. Støre var ein velfungerande utanriksminister, sjølv om han ei lita stund var ein usynleg helseminister, og dessutan er han trena og forma av Gro Harlem Brundtland. Johnsen var spesielt dei fyrste åra ein aldeles strålande finansminister. Dessutan leidde han Pensjonskommisjonen, som rett nok ikkje fekk gjennom alle framlegga, men likevel gjorde Noreg mykje meir økonomisk berekraftig, sjølv om Stortinget i det siste har prøvd å øydeleggja pensjonsreforma.

Sagt i klartekst: Dette må då borga for god gamaldags realisme. Det byrjar med dårleg historie. Den fyrste setninga er denne: «Vi får til mer sammen enn hver for oss. Norges vei fra fattig samfunn til et rikt land handler aller mest om et sterkt fellesskap og om å få til noe sammen.» Dette er Aps klassiske myteskriving. Noreg har vore eit rikt land i svært mange år. Alt ved starten av 1500-talet vart vi Europas største eksportør av sagtømmer, ein situasjon som varte i 350 år. I hundrevis av år var vi ein storeksportør av tømmer, fisk og mineral.

grunnlovsforsamlinga

Dei siste 150 åra, som vi har god internasjonal statistikk for, har Noreg stort sett vore eit av Europas ti rikaste land målt per innbyggjar. Det som gjorde Noreg verkeleg rikt, var 1814, som gjorde slutt på enorme overføringar av norske pengar til København.

Eg veit det ikkje hjelper å skriva dette, Ap har sagt det same heilt sidan dei fekk regjeringsmakta i mellomkrigstida, og dei kjem til å seia det i alle år framover: Men skilnaden på oss og andre europeiske land er at vi dei siste 30 åra har vorte steinrike på grunn av oljen og gassen. «Vi har gått frå å vera eit rikt land til å verta eit utruleg rikt land. Takk vera at Stortinget stort sett samla har vore samde om å skattleggja energirikdomen hardt, men lurt, har fellesskapen fått det meste av desse verdiane», er diverre er setning vi aldri kjem til å finna i eit Ap-program.

Særleg realistiske er dei heller ikkje i resten av opningskapittelet: «Vi skal bidra til å redde verden fra klima- og naturkrisen på en måte som reduserer forskjellene og skaper arbeidsplasser i Norge.» Klimakrisa handlar om dei verkeleg store tala. Søkk Noreg i havet i morgon, er klimakrisa framleis like stor. Men jau, slike formuleringar lyt vi akseptera snik seg inn i alle program. «Noreg kan ikkje gjera noko særleg frå eller til med klimakrisa, men vi skal no i det minste få ned utsleppa her heime», er ikkje ei formulering eit landsmøte kan vedtaka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement