JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Den totalitære kommunismen

Raudt-leiaren Marie Sneve Martinussen bør lesa seg meir opp på historia til kommunismen før ho prøver å ufarleggjera kva det inneber å kalla seg kommunist.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nazismen, kommunismen og fascismen var diktatoriske rørsler som delte forrykte mål og ekstreme verkemiddel for å nå dei.

7285
20240524
7285
20240524

Raudt-leiaren Marie Sneve Martinussen sa til NRK i pinsehelga at det er uproblematisk å kalla seg kommunist. «I Raudt kan ein kalla seg kommunist, sosialdemokrat, feminist, anarkist eller bassist (...). Det å definera seg som kommunist er ikkje noko problem i seg sjølv.»

Å ufarleggjera omgrepet kommunisme slik Martinussen her gjer, er å slå strek over det kommunismen har stått for i praksis. Kallar ein seg kommunist, har ein ikkje skjøna kor totalitær og valdeleg kommunismen var frå fyrste stund. Å gjera kommunismen uproblematisk og romantisk er ikkje berre naivt, men farleg, og syner ein mangel på respekt for alle dei millionane av menneske som er drepne i namnet til kommunismen.

Kommentaren på NRK reiser spørsmålet om ein partileiar og ein stortingsrepresentant sitt tilhøve til ideologiske grunnomgrep. Då kan det vera på sin plass å minna om den store debatten i det tjuande hundreåret, med rot i 1917, om demokrati, revolusjon og kommunisme.

Vi har mange døme på kor viktig namngjevinga er for vår forståing av samtida. Den britiske historikaren Eric Hobsbawm (som var kommunist) kalla til dømes tida frå 1914 til 1989 «det korte hundreåret» og «ekstremismens hundreår». Slike samanfatningar fangar opp mykje innsikt.

Ei militaristisk, valdsmetta, hypernasjonalistisk, viljesfundert, antidemokratisk og til dels machoorientert rørsle voks ut av Versailles-freden i dei slegne landa og Russland. Bak stod ein ny totalinvaderande stat fødd av krigen.

«Å ufarleggjere omgrepet kommunisme er å slå strek over det kommunismen har stått for i praksis.»

Drivkreftene til tidsånda var mange: Industriell planlegging av våpenproduksjon ned til detaljnivået – det var eins i alle dei krigførande landa. Nitid kartlegging av alle våpenføre menn, rasjonering og nye propagandaformer saman med innrullering av kvinnene i produksjon og distribusjon, la grunnen for ei ny stats- og samfunnsform. Ei ny og til då ukjend mobilisering av dei breie massane, politisk, økonomisk og ikkje minst kulturelt, var grunntanken.

Hundretusenvis av såra soldatar og enkjer måtte føra til opprusting av det medisinske hjelpeapparatet. Byråkratiet for administrasjon av trygdeytingar bidrog til å auka statens innsyn i einskildmenneskets liv og helse.

Den som straks sette ord på denne utviklinga, var fascistleiaren Benito Mussolini: lo stato totalitario var hans (eller rettare filosofen Giovanni Gentiles) nemning på den komande epoken.

For at det dreidde seg om ei historisk nyskaping, utan kjende modellar i den lange historia til diktatura frå Roma til Napoleon III midt på 1800-talet, det var alle samde om.

Meir presist: Var det totalitære diktaturet og dei medverkande folkerørslene runne av eiga rot, var dei si eiga årsak, så å seia? Sui generis, ein eigen art, si eiga rot, som det heitte?

Eller låg rota til desse to totalitære rørslene i kolonialismen, antisemittismen og dei pangermanske og panslaviske tankestraumane, og dermed i det borgarlege 1800-talet? Dei introduserte mangelen på proporsjonar i massepolitikken og det einslege massemennesket som vilkår og utløysande årsak til den nye totalitære staten.

Det var den kontroversielle hovudtolkinga til Hannah Arendt i hennar klassikar The Origins of Totalitarianism frå 1951. Verdskrigen, ja, men trådane gjekk lenger attende og fann sine tyngdepunkt midt i det etablerte europeiske samfunnet. Dei nye diktatura var ikkje ein avart i det borgarlege samfunnet, men tvert om ei naturleg forlenging.

Det som særmerkte dei nye masserørslene i Italia, Tyskland og Sovjet, var primært den totale ideologien som ikkje berre hadde ein spesifikk historiefilosofi. Alle rørslene hadde òg eit eige menneskesyn – det ariske overmennesket og det altruistiske sovjetmennesket. Det nye mennesket, frigjort frå fortidas leivningar og slagg, var måla for det nye samfunnet. For å byggja det mennesket måtte alle ressursar setjast inn, med regimentering som tilgrunnleggjande årsak.

Dette nye diktaturet, med ein eigen historiefilosofi, grenselaus statsmakt, massemobilisering og militarisering, tok form først i Italia (1922), så i Sovjet (frå 1928) og så i Tyskland (1933).

The Times skreiv i 1933 at framtida høyrde desse nye totalitære diktaturformene til – det liberale demokratiet stod framfor sin svanesong, meinte avisa. Særskilt klårt stod det etter at Hitler fekk makta i 1933.

Dette er det 20. hundreårets store debatt, som Raudt-leiaren Marie Sneve Martinussen bør lesa seg meir opp på før ho prøver å ufarleggjera kva det inneber å kalla seg kommunist.

For å fylla denne debatten med historisk innhald skal eg difor drøfta kva som skil og kva som er sams for masserørslene i det tjuande hundreåret:

⬥Kommunismen og fascismen/nazismen var begge diktatoriske rørsler, antiliberale og sentralistiske, som ved hjelp av massiv terror ville gjera til inkjes alle friviljuge band og rettar i det sivile samfunnet, inklusive fagorganisasjonar. Ekstrem antipluralisme (einsretting, som nazistane sa) var sams. Medan alle typar liberalisme skil mellom politikk og privatliv, er fellesgrunnlaget for dei totalitære rørslene å bryta ned skiljet.
⬥Både kommunismen og nazismen/fascismen la i ulik grad økonomien under strikt kontroll frå eit byråkratisk og monopolistisk parti.
⬥Alle rørslene såg på vald som ein politisk føremålstenleg og nyttig reiskap for å fremja eit lydig folk.
⬥Begge bygde arbeids- og konsentrasjonsleirar basert på slavearbeid. (Men Stalin brukte ikkje gass, Mao Zedong var tilhengjar av svolt og Pol Pot køller av spareomsyn).
⬥Ideologien i desse masserørslene var totalitær – ikkje berre autoritær (som Franco) – fordi passivitet vart sett på som forræderi og privatliv som potensielt regimefiendtleg (og politiet oppmuntra familiemedlemmer til å melda kvarandre). Dette var det ytste punktet i massemobiliseringa. Det galdt i same lei å halda folket konstant i age gjennom uavlatelege oppmarsjar støypt i ein ny estetikk.
⬥Felles forakt for autonome domstolar. Rettsapparatet var ei forlenging av partidiktaturet.
⬥Glorifisering av uinnskrenka førarmakt med hysterisk masseoppslutnad.
⬥Militarisering med innretning av økonomien til ekspansjonsføremål. Forakt for dei små nasjonane sin rett til sjølvstende – om dei kom i konflikt med dei totalitære statane sine imperieambisjonar. Verdsherredøme som ultimat mål.
⬥Etablering av eit enormt spionasje- og overvakingssystem og hemmeleg politi.

Nokre skilnader er det. Hitler drap folk, især jødar, etter rasekriterium. Lenin lét Tsjekaen og seinare Stalin NKVD skyta folk etter kvotar («folkefiendar»). Eller han svelte dei ut, som i Ukraina i 1933–1934.

Stalin var ein verre massemordar enn Hitler, Mao verst. For folk som vil kalla seg «kommunist», er dette ein arv som burde føra til skam, ikkje til trivialisering og ufarleggjering.

Det betyr ikkje at dei som kallar seg kommunistar, vil det vonde. Men problemet er at i den kommunistiske ideologien ligg det ein kime til massive overgrep, fordi kommunismen ikkje godkjenner legitim opposisjon, sjølvstendig rettssystem og ytringsfridom.

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis