JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Den massive høgredreiinga

Kvifor er det så vanskeleg å få til breie demokratiske fleirtal i verda i dag?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Autokrat: Jair Bolsonaro, Brasil.

Autokrat: Jair Bolsonaro, Brasil.

Autokrat: Jair Bolsonaro, Brasil.

Autokrat: Jair Bolsonaro, Brasil.

11628
20220812
11628
20220812

Til no i det tjueførste hundreåret kan to tendensar skimtast i verdspolitikken:

framveksten av autoritære regime i nye former

ei ålmenn svekking av politisk autoritet og leiarskap

Ei krise i den politiske klassen, om ein vil. Og difor også ei krise i tilhøvet mellom politikarane og veljarane.

Spørsmålet vert stilt oftare og oftare: Er fleire land blitt ustyrbare? Er det umogeleg å samla fleirtal til breie, samlande, moderate partikonstellasjonar og slik styrka politisk autoritet?

Fleire har teke opp dette fenomenet det siste, til dømes Tarjei Skirbekk, som i ein brei analyse i boka De moderne folkepartienes fall i Europa drøftar denne trenden. Han spør: kvifor har dei tradisjonelle moderate massepartia i Europa møtt slik motgang? Kva er årsakene til denne fragmenteringa?

AUTORITÆR VENDING

Mitt synspunkt kan formulerast slik: Det vi ser verda over no, er grovt sett ein kamp mellom ulike typar populistisk nasjonalisme og liberal internasjonalisme.

Om vi skal ta ei breitt sveip, kan vi kanskje seia at dette er ein strid med djupe idéhistoriske røter i Europa. Det står om arven etter opplysningstida på 1700-talet og den franske revolusjonen i 1789 på den eine sida, og reaksjonen mot desse grunnleggjande straumdraga på den andre.

Denne motsetninga kan gjevast andre formuleringar. Frå opplysningstida står:

vitskap og rasjonalitet mot synet på politikk som ein kamp mellom ven og fiende

universell moral og fridomsstrev mot stadbunden, innettervend lokal moral og overlevert religiøs autoritet

overnasjonalt, mellomfolkeleg samarbeid forankra i reglar og konvensjonar – FNs universelle menneskerettskonvensjonar er det fremste moderne uttrykket for dette brorskapet – mot nasjonal suverenitet, sjølvberging og etnisk separatisme.

Altså: Abstrakt prinsipielt menneskesyn med like rettar, uavhengig av nasjonalt opphav, ideologi, rase eller kjønn, versus etnisk-nasjonal nativisme. Menneskerettstankens syn på menneskeleg likeverd, toleranse og like rettar vert i denne siste tradisjonen sett på som abstrakt tankespinn.

Denne spenninga utgjer etter mitt syn det store temaet i politikken sidan Napoleon og den industrielle revolusjonen. Det er dette vi ser refleksar av i dag.

I kortform kan vi seia at her møter vi det klassiske problemet i den politiske teorien sidan antikken: tyranni versus fridom.

MANGLANDE RASJONALITET

I vår moderne tid tar denne striden nye, drastiske former, sidan det breie folket no trykkjer meir direkte på elitane og valsystemet enn nokon gong. At demokratiet er representativt, synes gløymt. Rommet vert opna for alle former for populisme, der kjernen er at det er refleksane til det enkle folket – og berre dei – som skal vera direkte tungtvegande for politikkutforminga. Alle former for mellomliggande ledd blir i dette perspektivet elitestyrde hindringar for folkerøysta.

Demokratia står andsynes eit gigantisk problem med folkedanning når grunnlaget for informert og sakleg politisk opinion vert svekt slik.

UNDERGREV DEMOKRATIET

Lat oss no sjå nærare på den autokratiske vendinga. Namn som Xi i Kina, Modi i India, Putin i Russland, Maduro i Venezuela, Erdogan i Tyrkia, Orbán og Kaczynski i Ungarn og Polen, Bolsonaro i Brasil og Duterte (og no Ferdinand Marcos junior) på Filippinane er alle døme på denne antidemokratiske vendinga sidan 2015.

Det post-castroistiske regimet på Cuba er òg ein del av trenden, for ikkje å gløyma Assad i Syria og Al-Sisi i Egypt og regima i Sudan, Sør-Sudan og Somalia, som aldri har vore demokratiske. I Algerie er alle freistnader på demokratisering stagnerte. Sjølv i Tunis, der den arabiske våren tok til, ser det ut til at demokratiet vert avløyst av ein sterk presidentmakt som trugar reformene.

USA PÅ VIPPEN

USA syner alle desse tendensane i reinform. Trump høyrer til i same høgrepolitiske familien. Å kalla Boris Johnson autokrat er ikkje så treffande. Men dei demagogiske, populistiske metodane han la for dagen under Brexit-valkampen, minner om eit temperament med autoritære tendensar.

Både Trump og Johnson synte at politikk også dreier seg om karakter, som dei begge mangla, og som bidrog til å fella dei. Begge er døme på eit klart forfall i politisk autoritet.

I USA er teikna på fall i politisk autoritet openberre. Ikkje berre blant republikanarane. På den demokratiske sida er Joe Biden problemet. I sommar har han hatt ein approval-skåre på 39, som er lågare enn Trumps skåre på same tid i presidentskapet sitt.

At også demokratane har problem med partidisiplinen, synte seg i byrjinga av juni, då faneberaren til dei progressive, representanten Alexandria Occasio-Cortez, nekta å svara på om ho ville røysta på Biden i 2024. Partiet er no nærast redningslaust delt.

Det er stor uro også blant veljarfolket. New York Times kunne i sommar melda at 58 prosent av dei amerikanske veljarane meiner det politiske systemet i landet treng radikal reform.

RIKSRETT SOM HEMN?

I Spectator 18. juni opnar kommentatoren Freddy Gray for ein interessant tanke om situasjonen i USA: I dagens USA vert val ei anna form for borgarkrig. Riksrett kan bli brukt som hemn etter kvart maktskifte – i ein evig runddans. Steve Bannon har alt varsla dette om republikanarane tek over Representanthuset. Etter haustens val kan det bli det nye republikanske fleirtalet sin tur til å innleia riksrett, skriv Gray. I så fall er dette nok eit teikn på drastisk svekking av politisk autoritet.

Det gjer det ikkje betre at ingen heilt veit om Biden, snart 80 år, kjem til å stilla på nytt, eller om han bør det. At visepresident Kamala Harris er enda meir upopulær, inngår i bildet.

MØNSTERET RAKNAR

Ein finn dei same trendane andre stader. Kan henda skal vi kalla tendensane ein antipolitisk trend:

Frankrike: Emmanuel Macron vann presidentvalet lett, men miste fleirtalet i nasjonalforsamlinga i juni. (Partiet hans, LRM, gjekk ned frå 266 til 161 mandat.) Marine Le Pens ytre høgreparti, RN, fekk det største talet på representantar nokon gong, 89. Og Marine Le Pen vart kalla «putinistisk», etter flørtinga med den russiske diktatoren før invasjonen. Også venstresidas fellesplattform, Nupes, under Jean-Luc Mélenchon, fekk fleire mandat. Presidenten kan verta innestengd, utan koalisjonspartnarar. (Dei næraste, dei konservative, har ikkje folk nok til å utgjera eit fleirtal.) Le Figaro talar om den djupaste konstitusjonelle krisa i landet sidan de Gaulles femte franske republikk i 1958. Die Zeit skriv om «det tomme rommet» bak Macron og set presidentens «u-makt» («Ohnmacht») som overskrift på valkommentaren. Vanmakt er vel den beste norske omsetjinga.

Belgia: Det lingvistisk delte kongedømet har levd i månadsvis utan ei regjering dei siste åra, og synes kronisk uregjerbart. Blir Frankrike ei – Gud forby! – forstørra utgåve av Belgia?

Israel: Landet har gjeve opp si vaklande samlingsregjering og får nok eit nytt val i november, med Benjamin Netanyahu som den sannsynlege vinnaren. Eit klassisk døme på autoritetssvekking.

Canada: Justin Trudeau skreiv ut nyval i september for å få fleirtal, men lukkast ikkje. På forsommaren fekk Trudeaus liberale parti berre 8 av 124 sete i Ontarios delstatsforsamling.

Sverige: Magdalena Andersson overlevde med éi røyst i overvekt mistillitsframlegget på førsommaren. Det skuldast at ein kurdisk representant stemde med henne. Som det heiter: Politics makes strange bedfellows. Utsikta til eit styringsdyktig fleirtal ved valet i haust er uklare.

Tyskland: Olaf Scholz’ SPD er nede i ein bølgjedal etter 16 år med Angela Merkel. Det vesle liberale partiet FDP, som har finansministeren, er eit uromoment i koalisjonen på grunn av politiske skilnader. SPD er no på tredjeplass i gallupundersøkingane. Scholz har alt tapt to delstatsval. Kor lenge varar koalisjonen hans?

Italia: Statsminister Mario Draghi, ein EU-teknokrat som ikkje er vald, har gjeve landet eit flakkande bilete av stabilitet, etter alt å døme på grunn av ein relativt kompetent handsaming av pandemien. (Han fekk 55 prosent oppslutnad i siste gallupen.) Men Draghi opplevde i juli at den populistiske Fem Stjerner-rørsla under den uføreseielege Beppe Grillo ikkje ville stø han, og han leverte inn avskilserklæringa si. Det vert val i september, og det ser ut til at han vil tapa i haust for den veksande høgrekoalisjonen mellom populistane i Italias Brør, Fem Stjerner-rørsla, Forza Italia og Lega Nord, etterfølgjaren etter det nyfascistiske partiet MSI.

I Nederland og Spania har regjeringane store stor problem med skuldingar om hackaråtak på mobiltelefonar. Snille og tolerante Nederland har opplevd gateopprør mot vaksinekrav. (Men statsminister Ruppe sit godt, enn så lenge). I Spania tapte regjeringa regionvalet i Andalucía, der 20 prosent av veljarane bur. Andalucía er tradisjonelt ein bastion for sosialistane, men er i spel.

Under pandemien oppstod det ein fredstilstand mellom folk og styresmakter (med nokre unntak). Folk flest godtok i overraskande grad (igjen med unntak) strenge tiltak. Tillit til styresmaktene var nøkkelordet. Og mykje sympati kom då styresmaktene gjekk i krigen mot pandemien.

Denne pakta synes no borte. Det som står igjen, er dei enorme kostnadene etter nedstengingane, ikkje minst for skuleborn og studentar, som slit med å tetta hola i utdanninga si.

SVIKTANDE RESPEKT

Ser vi litt bakover, er det mogleg å sjå dei meir grunnleggjande trendane. Levekostnadene stig og prisane på bensin, straum og mat aukar drastisk. Inflasjonen stig. I dei fleste vestlege land ligg no inflasjonen på mellom 6 og 9 prosent, det høgste sidan «stagflasjonen» på 70-talet. (I Tyrkia er inflasjonen notert no til nærmare 80 prosent, i Bolsonaros Brasil til 12 og i Putins Russland til 17 prosent.)

Til vinteren vil venteleg dette mønsteret forsterka seg, dersom Putin stengjer av gasseksporten og presset mot regjeringane aukar.

Her ligg Putins strategi: At Vesten blir trøytte av krigen og ikkje vil stø hjelpepakkene til Ukraina fordi levekostnadene heime blir uhandterlege.

STAGFLASJON

På 70-talet kom også fagfolk med åtvaringar om at Vesten var uregjerbart. The Trilateral Commission, med mellom andre Samuel Huntington som medlem, skreiv då at forventningane til styresmaktene gjekk dramatisk mykje lenger enn kva skattegrunnlaget kunne innfri. Kombinasjonen av stagnasjon og inflasjon (stagflasjon), som vi også har no, er det farlegaste trugsmålet mot demokratiet, sa dei alt då.

Og enda den gongen kjende vi ikkje til krigen mot terroren midt på 2000-talet og finanskrisa i 2008, som meir enn noko anna reiv bort tilliten mellom folk og styrande (bankar som var for store til å falla). Masseflukta frå krigsramma Midtausten til Europa som kom i 2015, kunne ingen då tenkja seg, like lite som at islam kunne fostra ein slik totalitær mentalitet som i Isis. Krigen som Russland fører i Ukraina i dag, med massiv bombing av sivile mål, kunne ingen sjå for seg.

USTABILITET

Ustabilitet var noko av følgja av stagflasjonen. Storbritannia hadde fire val på 1970-talet og fire statsministrar; USA hadde fire presidentar frå 1972 til 1981. Regjering etter regjering trudde ein kunne låna seg ut or problema. No sit vi med rekninga og den sure kløen, med veljarar som ikkje veit kva dei vil og kor dei vil. Og populistiske leiarar som har gløymt at politikk også dreier seg om karakter.

Autoritetskrise? Det er nok ei forskjønnande omskriving av djupe strukturtrekk som vi berre delvis forstår.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det står om arven etter opplysningstida på 1700-talet og den franske revolusjonen i 1789 på den eine sida, og reaksjonen mot desse grunnleggjande straumdraga på den andre.

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis