Politikk

Då kraftprisen vart sleppt fri

For 30 år sidan la nokre økonomar fram ein rapport som revolusjonerte kraftmarknaden og gav det offentlege mykje høgre inntekter. Men samstundes fekk politikarane langt mindre makt.

VIPPA. Saknet etter den svarte boksen i sikringsskapet som sytte for ein ikkje brukte fleire watt enn hushaldet abonnerte på, er til å leva med.
VIPPA. Saknet etter den svarte boksen i sikringsskapet som sytte for ein ikkje brukte fleire watt enn hushaldet abonnerte på, er til å leva med.
Publisert

Alle som lærte seg litt sosialøkonomi i 1980-åra – anten på gymnaset eller universiteta – lærte då som no om såkalla naturlege monopol. Men ikkje heilt på same viset då som no. Illustrasjonen på eit naturleg monopol var ofte eit bilete frå ein storby i eit utviklingsland. Det vi såg, var ein kabel- og leidningsfloke utanfor hus. Det var eit svare kaos, og så sa læraren noko sånt som dette: «Tenk å vera elektrikar eller montør og skulle finna ein feil i denne floken.» Poenget førelesaren ville ha fram, var at elmarknaden og elnettet var eit såkalla «naturleg monopol», at det var ei meiningslaus sløsing med ressursar og med natur og rom at alle kunne både byggja opp nett og levera straum.

Ein skulle vera ein lite oppvakt elev om ein ikkje forstod kvifor den norske kraftmarknaden var som han var, klart det offentlege måtte ha full kontroll, med både nett, utbygging og straumprisar.

Men fyrst litt om sauesjukdomen mædi og eit anna monopol, som vi etter kvart kom til var alt anna enn naturleg, NRK. I byrjinga av november var det eit jubileumsseminar ved Norges Handelshøyskole (NHH) i Bergen. Der var ein av direktørane i Hydro, noverande president i NHO, Arvid Moss, som i si tid var ein særs ung stabssjef ved statsminister Jan P. Syses kontor, den gongen Sp framleis var eit borgarleg parti. Moss kom inn på mædi.

Laurdagskos

Alle vi som var til stades, visste kva mædi var for noko, sidan forsamlinga var dominert av eldre menn. Tenk deg at du og ektefellen din nett hadde lagt borna i det nye husværet på Stovner. De skulle kosa dykk med noko nytt, kanskje noko så dristig som pizza. Flaska med raudvin var opna, ho hadde dette måleriet av ein spanjol med langt skjegg utanpå, og det stod noko med Rioja på etiketten. Klokka var 22.40. No skulle det vera vaksenstund. Så høyrde de røysta til Stein Ørnhøi. Programmet «Mædi – sykdommen som truer norsk sauehold» var tilbodet de fekk den kvelden. AKP og SV hadde mange programleiarar i NRK i dei åra.

Jubileumsseminaret var om rapporten Markedsbasert kraftomsetning i Norge. Den var skriven av Jørgen Bjørndalen, Eivind Tandberg, Berit Tennebak og leiaren for gruppa, tidlegare konkurransedirektør Einar Hope, som òg har vore professor ved NHH. Det heile var eit samarbeidsprosjekt mellom NHH og Sosialøkonomisk institutt på Blindern. Den rapporten kom for 30 år sidan og må vel seiast å ha revolusjonert førestillinga om kva som var naturlege monopol. For forfattarane hevda at jau, nettet var nok eit naturleg monopol, men det var ikkje sjølve krafta, den kunne omsetjast til frie prisar. Eller som det stod i rapporten: «En hovedsats i analysen er at omsetningsfunksjonen kan gjøres markedsbasert, mens transportfunksjonen (transmisjon og distribusjon av kraft) har kostnadsegenskaper som tilsier at man står overfor naturlige monopoler.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement