JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Barnevern bak lukka dører

Kvifor går dei aller fleste barnevernssaker i Noreg for lukka rett, når lova seier at dei skal vere opne? Er det fordi open rett stort sett gir eit anna resultat enn lukka?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hovudgrunngjevinga for å halde dørene lukka er at barn skal vernast, forklarer Anita Skippervik og Yngve Nedrebø.

Illustrasjonsfoto: Thomas Johannessen

10512
20200214
10512
20200214

Barnevern

janh@landro.bergen.no

I Noreg er det lovfesta at alle rettsmøte i utgangspunktet skal vere offentlege, frå 2014 står det også i Grunnlova. Innsyn skal sikre offentleg kontroll og avmystifisere rettssaker. Men dette hindrar ikkje at så godt som alle barnevernssaker her i landet går for lukka dørar, også om privat part har eit sterkt ønske om open rett. Til overmål er mange av desse sakene dårleg dokumenterte, eller dokumentasjonen er halden unna det offentlege.

Når Noregs Høgsterett nett har hatt oppe tre barnevernssaker til behandling, skjedde det i open rett. Kanskje kan det sende eit signal til alle dei som vil operere i det skjulte.

Statsarkivar Yngve Nedrebø og jurist Anita Skippervik har engasjert seg i denne problematikken. Dei har især arbeidd med barnevernssaker og har hjelpt ei rad foreldre i møte med barnevern, politi og rettsvesen. Dette har gitt dei god innsikt i systemet og korleis arbeidet med omsorgsovertaking skjer.

– Hovudgrunngivinga for å halde dørene lukka er at barna skal vernast, forklarar dei to.

Det omsynet er det ingen som vil setje seg mot. Men når sjølv privat part ønskjer opne dører – og ikkje får det – må det vere andre «vitale» interesser som krev vern. At desse litt uklare interessene stadig vinn fram, kan vere ein del av forklaringa på at Noreg gong på gong blir felt i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg i slike saker. For det som skjer bak stengde dører, får sjeldan eit korrigerande blikk på seg.

Dei to syner til utvalet Stortinget i 2009 sette ned for å greie ut og lage framlegg til revisjon av Grunnlova for å styrkje stillinga menneskerettane har i norsk rett. Der står det: «Bare gjennom offentlighet kan det oppnås sikkerhet om at den enkelte har fått en rettferdig rettergang slik hun eller han har krav på.»

– Også Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) opnar for at saker om omsorgsovertaking kan gå for lukka rett?

– Ja, men då etter konkret vurdering i kvar einskild sak. Noreg, derimot, har valt ei kollektiv løysing, der barnevernssaker skal vere lukka for innsyn. Vi opplever altså at staten lukkar dørene på eit heilt rettsområde, utan noka vurdering av kva dette har å seie for rettstryggleiken til dei involverte. Interessant nok har fleire norske lukka saker vore førte for open rett i EMD.

Lite kriminalitet

Dei som ikkje vil opne dørene, viser gjerne til ein rapport frå FNs barnekomité, som uttrykkjer frykt for at informasjon om barnevernssaker knytte til kriminelle handlingar, seksuelt misbruk eller fysisk eller psykisk mishandling, skal nå ut til ålmenta. Men statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at berre 5,4 prosent av sakene om omsorgsovertaking dreier seg om noko av dette.

– Kva då med dei 94,6 prosent andre sakene?

– Det veit vi ikkje så mykje om, for her i landet har ein funne å kunne gjere unntak frå dei grunnleggjande prinsippa om openheit og dokumentasjon i ein rettsstat. Likevel veit vi at meir enn 60 prosent av omsorgsovertakingane i Noreg skjer fordi foreldra blir skulda for å ha dårlege foreldreeigenskapar eller fordi foreldra skal ha psykiske problem, helseproblem eller økonomiske problem.

– Det kan vel vere reelt nok?

– Ja, men i iveren etter å få born bort frå foreldra, altså for å «bevise» at foreldra manglar omsorgsevne, har dei mest absurde argument vore nytta.

Skippervik og Nedrebø nemner ein norsk spesialitet som blir kalla «krystallkulesaker». Dette er saker der så å seie alle ser at borna har det trygt og godt heime hos foreldra, men der nokon har sett i krystallkula og er «bekymra» og krev omsorgsovertaking ved å vise til «mogleg framtidig omsorgssvikt». I slike saker finst ingen bevis. Men magekjensla hos ein sakshandsamar eller ei nemnd kan vere nok. Eller kva som er føremålstenleg.

Som døme på korleis dette kan ytre seg, legg dei fram ein tekst skriven av ein kommuneadvokat. Slik argumenterte han i ei «krystallkulesak»:

«(...) i denne sak handler det ikke om barnets beste, men om hensiktsmessighet. Hvis barna ikke har tatt skade av sine foreldre, så er det hensiktsmessig å flytte dem. Hvis de derimot er tilknytningsskadet, da har det ingen hensikt å flytte dem fra foreldrene. Men i herværende sak er tilknytningen mellom barn og foreldre, i hvert fall mellom barn og mor så god, at det er hensiktsmessig å flytte barna nå. Grunnet den trygge og gode oppvekst mor har gitt dem, vil det være forholdsvis enkelt å få til en vellykket plassering hos fremmede.»

Fylkesnemnda aksepterte «logikken» hans. Men så nådde «resonnementet» ut i det offentlege, og då sytte tingretten for at borna fekk reise heim att.

Kva det å vere open har å seie, går tydelegast fram av barnevernssaker som har nådd ut til ålmenta, forklarar Skippervik og Nedrebø. Dei viser til at med få unntak har avgjerder i slike saker blitt snudde ved ankebehandling. Kven er det då som treng det løyndomsvernet domstolane så lett gir? Når mange foreldre ber om open rett, heng det tvillaust saman med at dei har sett kva som skjer der openheit rår.

Moglege følgjer

Skippervik og Nedrebø syner også til ein forskingsrapport frå Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) om kva som skjer eller kan skje med born etter at andre enn foreldra har fått omsorga for dei: Dei har 27 gonger større risiko for å bli drepne, risikoen for å døy av sinnsliding eller rus er 21,3 gonger høgre og risikoen for sjølvmord er 4,8 gonger så stor. Sjølv om nokre av desse borna kan ha vore skadde før dei blei skilde frå foreldra, er tala så høge at dei burde skremme til den største aktsemd.

­– De er også kritiske til korleis barnevernssaker blir dokumenterte?

– Her synest både vilje og evne å vere svært mangelfull i norsk rettsvesen. Tvistelova av 2005 har eit kapittel om «Opptak av parts- og vitneforklaringer under hovedforhandling». Her står det klart (pkt. 4): «Partene har samme rett til utlån av opptak som til innsyn i rettens øvrige prosessmateriale», og at opptaka skal arkiverast saman med saka. Men pkt. 2b seier at dette kan fråvikast dersom retten ikkje har tilgjengeleg «nødvendig utstyr for opptak».

15 år etter at lova blei vedteken, er dette situasjonen ved dei fleste domstolar i Kongeriket.

– Men gir ikkje lova høve til private opptak i slike tilfelle?

– I 2015 sa dåverande justisminister Anders Anundsen (Frp): «Når det gjelder muligheten for å gjøre private opptak i retten, før en offentlig ordning kommer på plass, er utgangspunktet at det ikke er noe generelt forbud mot private lydopptak av forhandlingene i sivile saker. Domstolen har imidlertid anledning til å nekte lydopptak hvis det virker forstyrrende på forhandlingene, jf. Domstolloven § 133.»

– Dermed skulle vel alt vere greitt?

– Slett ikkje. Mange framstøytar har vore gjorde, i fleire fylke. Når sjølv ikkje dommaren kjenner lova, blir det ikkje lett. Eit døme frå Sogn og Fjordane tingrett, der opptaksutstyr ikkje fanst, syner korleis situasjonen er. Og same praksis går igjen i andre domstolar og fylkesnemnder. Her var domstolen i utgangspunktet positiv til private opptak, men sette fleire vilkår i direkte motstrid til lova. Ved slutten av kvar rettsdag skulle opptaket leverast retten for oppbevaring. Partane skulle ikkje få høve til å sitje med kopi av opptaket, og retten ville slette opptaket når saka var rettskraftig avgjord. Lova seier at opptak skal arkiverast, og at partane har rett til utlån. Men domstolen nektar utlån, nektar kopi og dei slettar opptak.

Dokumentasjon

Som statsarkivar med lang fartstid veit Nedrebø at det som står i norske rettsbøker, ofte er svært lite utfyllande. Difor meiner han at uviljen mot å dokumentere er eit direkte åtak på rettstryggleiken. I strid med lova, men velsigna av domstolar og fylkesnemnder, blir norske borgarar gjennom denne praksisen nekta innsyn i sentrale delar av eiga sak. For all framtid.

Dei to fortel at sletting av dokumentasjon gjeld også før sakene kjem til domstolane. Mykje av det heilt sentrale underlagsmaterialet som nemndene nyttar, som rapportar frå psykologar og sakshandsamarar, blir likeins sletta, sameleis med filmar, testar og journalar. Når partane krev innsyn, er svaret anten at det er sletta eller at dei ikkje kan få det utlevert.

– Den norske arkivlova frå 1992 slår mellom anna fast at materiale «som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon», skal arkiverast, «slik at desse kan verta tekne vare på og gjorde tilgjengelege for ettertida». Forskrifta til lova seier at grunnlagsmateriale for vedtak skal takast vare på, for berre slik kan ein skjøne grunnlaget for vedtaket. Likevel kan dei som er sette til å forvalte lov og rett her i landet, glatt sjå bort frå dette – utan at det får konsekvensar.

Manglande statistikk

På bakgrunn av alt som blir ulovleg sletta, må ein ikkje bli overraska over at Statistisk sentralbyrå ikkje kan presentere haldbar statistikk frå barnevernet, legg Skippervik og Nedrebø til. Dei fortel at på direkte spørsmål om barnevernets arbeid med tilbakeføring av barn, var svaret frå Seksjon for levekårsstatistikk i SSB: «Dessverre har ikke SSB tall for tilbakeføring selv om vi innhenter opplysningen via det årlige fil-uttrekket fra kommunenes barnevernstjenester. Kvaliteten er så dårlig at vi ikke kan publisere disse tallene.»

– Barnevernsfeltet omset for 30–40 milliardar kroner i året, men kvaliteten på dei dataa dei legg inn i systema sine, er altså for dårlege til at dei kan nyttast til å lage statistikk.

Skippervik og Nedrebø peikar på ei løysing på mange av barnevernssakene som dei meiner er betre, langt meir effektiv og framfor alt mykje meir skånsam enn opne rettsmøte: å ta i bruk paragraf 3 i staden for paragraf 4 i barnevernslova. Det inneber å satse på hjelpetiltak framfor tvang. Då Kongsberg barnevern for nokre år sidan snudde opp ned på praksisen sin, reduserte dei talet på tvangsvedtak med 90 prosent i løpet av tre år.

– Dei gjorde mykje meir bruk av familie; slik reduserte dei dramatikken i desse sakene, samstundes som plasseringane var mellombelse. Og dette er kjernen i fleire av dommane mot Noreg i EMD: Alle plasseringar skal i prinsippet vere mellombelse; barnevernet skal frå dag éin arbeide for attendeføring.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Sletting av dokumentasjon gjeld også før sakene kjem til domstolane.

Statsarkivar Yngve Nedrebø og jurist Anita Skippervik

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis