JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Alle skal med – bortsett frå Raudt

Martin Kolberg ser på etableringa av det raudgrøne samarbeidet som det viktigaste politiske arbeidet han har gjort.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Martin Kolberg fekk sin første jobb i Arbeidarpartiet i 1973. I fleire tiår har han vore mellom dei mest sentrale politikarane i partiet. I slutten av mars forlèt han sitt siste verv, som leiar i Buskerud Arbeidarparti.

Foto: Marthe Amanda Vannebo

13856
20220218

Martin Kolberg

Fødd 24. februar 1949, frå Lier i Viken.

Har arbeidd i partiorganisasjonen til Ap og AUF sidan 1973.

Har hatt ei rekke sentrale verv, mellom anna som statssekretær på 1990-talet, partisekretær 2001–2009 og stortingsrepresentant 2009 til 2021.

I 2021 trekte han seg frå rikspolitikken. I mars trekker han seg også frå vervet i Buskerud Ap, der han har vore leiar sidan 2018.

Kjelde: Store norske leksikon

Politikk

christiane@dagogtid.no

På Arbeidarpartiets landsmøte våren 2005 gjorde dåverande partisekretær Martin Kolberg noko som vil verte ståande i den politiske historia. Framfor den fullsette salen i Oslo Kongressenter ved Folkets Hus løfta han neven i vêret, og i takt med orda svinga han neven att og fram: «Fagbevegelsen, fagbevegelsen, fagbevegelsen.»

Dette var landsmøtet som skulle rotfeste det raudgrøne samarbeidet i heile partiet. Same haust vart samarbeidet mellom Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet ein realitet. Det var den første gongen Arbeidarpartiet gjekk i regjering med andre parti, og det sikra Arbeidarpartiet fleirtal og høve til å styre att, etter år med søkkande oppslutning og eit historisk dårleg valresultat i 2001. 

– Når enkelte spør kva som er det viktigaste eg har gjort, då er eg klar på kva det er. Det er at eg medverka til å etablere det raudgrøne samarbeidet, seier Martin Kolberg.

Dag og Tid treffer han i heimen hans på Tranby i Viken for å snakke om den aktuelle politiske situasjonen. Kanskje vert det ei stund til neste gong. Han har sagt at han ikkje skal vere som ein sjuande far i huset, som pip frå eit horn på veggen.

SV utanfor

I sommar gjekk Kolberg ut av Stortinget; i slutten av mars går han av som leiar i Buskerud Arbeidarparti. Han trekkjer seg tilbake etter nærmare 50 år som politikar i eit utal ulike roller. Best vert han kanskje hugsa som partiets mektige, og valde, partisekretær og for rolla han har spelt i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité. 

Og det viktigaste var altså dette: å sikre Arbeidarpartiets høve til å styre i ei ny tid, med andre parti. Også i dag må det å samle venstresida vere Arbeidarpartiets store ambisjon, meiner Kolberg. Men i regjeringa styrer Ap-leiar Jonas Gahr Støre med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum med mindretal. Utanfor sit SV, som kunne sikra dei fleirtal, i opposisjon. 

– Eg kritiserer ikkje at SV ikkje er med i regjeringa no, for eg kjenner ikkje alle grunnane til det, men for oss i Arbeidarpartiet må det vere eit mål å få SV inn i regjering på eit tidspunkt. 

Fleirtalsambisjon

Grunngjevinga vil gje meining for alle dei som deler Kolbergs syn på samfunn og politikk. Det handlar om å vinne val, sikre fleirtal og styre landet.

– Arbeidarpartiet var i dei første tre tiåra etter krigen den samlande krafta på venstresida. Sidan er det kome inn andre krefter og parti, og det må vi sjølvsagt respektere. Men vi må framleis ha ambisjon om å vere ei samlande kraft. Derfor er det viktig for oss å samle venstresida, slik at ho er sterk nok samla til å halde høgresida vekke frå regjeringskontora. Det er det viktigaste, seier Kolberg.

Analysane etter at SV trekte seg frå regjeringssonderingane i Hurdal, har gått i fleire retningar. Mangla Støre autoritet? Eller var SV kravstore og tvilande til regjeringsprosjektet?

– Det framstår som eit lite mysterium at Arbeidarpartiet ikkje klarte å halde SV innanfor.

– Ja… Eg vil ikkje vurdere det eller kritisere det som skjedde i Hurdal. Eit element som også har spelt ei rolle her, er at partiet Raudt er plassert som det er. Det utfordrar SV. Dei såg seg då kanskje tente med å ikkje vere i regjering og dermed vere forplikta. I denne situasjonen kunne det gjere dei sårbare. Men vi skal gjere det vi kan for å heile tida leggje til rette for at SV kan komme i regjering. Det meiner eg. 

Skyr ytre venstre

– Og kvifor ikkje Raudt?

– Fordi Raudt ikkje er eit sosialdemokratisk parti. Det finst to typar radikalisme, høgre- og venstreradikalisme. Det har sosialdemokratiet måtta leve med i alle år. Vi tok i si tid det fundamentale oppgjeret med kommunistane. No vil eg understreke at Raudt ikkje er eit kommunistisk parti, men dei vil avvikle marknaden. Det inneber at dei prinsipielt tek avstand frå den økonomiske organiseringa i Noreg og i heile verda, og meiner vi kan føre ein annan type økonomi, ein slags planøkonomi. Det er heilt illusorisk. Det er skrivebordspolitikk, men det gjev dei høve til å oppføre seg populistisk, og det gjer dei. Vi kan ikkje ha noko med eit slikt parti å gjere. Det vil absolutt ikkje tene norske arbeidstakarar. Sjølv om det finst enkeltpunkt hos dei som det kan vere noko i, så er det å ta Raudt inn i regjering heilt utenkjeleg. 

– Knapt nokon ser vel for seg at Raudt ville fått gjennomslag for å avvikle marknaden?

– Nei, men derfor skal vi ikkje ha noko med dei å gjere. Eg kjenner desse lommene i fagrørsla som støttar opp under noko av det Raudt står for. Eg kjenner dei godt. Det er veldig moro å halde på med slikt på møte, men det har inga reell forankring. Raudt er ikkje kommunistisk som AKP (m-l), som avviste demokratiet, men eg har levd med desse folka i det politiske livet mitt.

Eigentleg er det ein alvorleg ting for venstresida at det dukkar opp ytterparti som splittar venstresida, seier han.

– Det har vore det store problemet for venstresida i Europa i mange tiår. Til slutt kan du seie at flasketuten snur seg og peikar på oss i Arbeidarpartiet likevel, fordi vi burde ha oppført oss slik at folk ville vendt seg til oss og ikkje til Raudt. Det finst element i politikken til Raudt som eg forstår at folk synest er bra, men grunnleggjande kan dei ikkje få plass i regjering eller i noko formalisert samarbeid. Det er haldninga mi, og den trur eg er representativ. 

Upopulær regjering

Støre-regjeringa har fått ein hard oppstart. Då dei tok over, tok nordmenn til å verte alvorleg leie av koronapandemien. Og når det skulle vere vanlege folk sin tur, fekk vanlege folk historisk høge straumrekningar. Lite regn i Noreg, kombinert med lite vind i Europa og underskot på gass har ført prisane opp i Sør-Noreg, som er kopla til den europeiske marknaden med utanlandskablar. Og med det har dei omdiskuterte kablane vorte enda meir omdiskuterte. 

Sjølv om regjeringa har stabla på plass krisepakkar, har populariteten dalt. I ei meiningsmåling utført av Opinion for Dagsavisen, ANB og Fri Fagbevegelse 9. februar vart Høgre det største partiet og Raudt det tredje største. 

– Trur du tilbakegangen til regjeringspartia hadde vore mindre om Ap hadde klart å få SV med i regjering, og dermed hatt eit fleirtal bak seg i Stortinget?

– Det er i nærleiken av eit hypotetisk spørsmål. Eg klarer ikkje svare klart på det, men vi lever i ei tid der oppslutning svingar kraftig. Retninga Støre-regjeringa har sett, er grunnleggjande sett ei anna retning enn vi såg under Solberg-regjeringa, så eg håpar og trur at vi vil klare å auke oppslutninga. Poenget mitt står fast uansett, for både i oppgang og nedgang er det vårt ansvar å halde venstresida samla – og å halde fagrørsla inne i den politiske aktivitetssfæren. 

Eit sterkt band

Fagrørsla, fagrørsla, fagrørsla. Det er ikkje berre lett å plassere Kolberg politisk på ein høgre–venstre-akse i Arbeidarpartiet. Men bandet til fagrørsla har også vore ein raud tråd i det politiske livet hans. 

Men forholdet mellom LO og Ap er ikkje alltid roseraudt. Fire av ti LO-medlemmer røysta på Arbeidarpartiet ved valet i fjor, ifølgje ei meiningsmåling partiet sjølv stod bak, publisert i Fri Fagbevegelse. Mange røystar altså på andre parti. Ulike EU-direktiv har ført til motsetningar, og blant arbeidarar i kraftkrevjande industri er det frykt for høgare straumprisar.

– Kva er dei største utfordringane mellom Arbeidarpartiet og fagrørsla i dag, slik du ser det?

– Slik eg vurderer det, er det inga stor og fundamental utfordring mellom Ap og fagrørsla. Eg ser ho ikkje, svarar Kolberg.

– For dei grunnleggjande målsetjingane i fagrørsla og dei føremåla Arbeidarpartiet har for samfunnsutvikling, er særs samanfallande. Utfordringa er å halde den politiske merksemda i fagrørsla oppe. 

Kolberg seier han ser tendensar i delar av fagrørsla som uroar han. Ein del har den haldninga at dei ikkje vil vere så partipolitisk bundne og heller ikkje ha så markante politiske synspunkt. Tanken er at dei ved å vere mindre politisk bundne vil trekkje til seg fleire medlemer. 

Slike tendensar står i sterk motstrid til det Kolberg kallar sin politiske filosofi, som kort oppsummert inneber å oppretthalde posisjonen arbeidsfolk har i samfunnet gjennom politisk og organisatorisk arbeid. 

Kolberg er opptatt av at kvardagen arbeidsfolk har i eit rikt Noreg, ikkje er ei sjølvfølgje. Og at dei sosialdemokratiske partia må skaffe tilslutning til at folk som går på jobb mot løn, er arbeidsfolk i politisk forstand. 

– Det å få merksemd kring dette i kommande generasjonar er krevjande, men heilt nødvendig. Den store utfordringa er å få fagrørsla tett med på dette. Eg har aldri nokon gong bede fagrørsla på noko servilt vis om å støtte Ap. Men om ein startar å sjå på seg sjølv meir som eit forsikringsselskap enn ei fagrørsle, då vinn høgrerørsla samfunnsutviklinga. Då vert fagrørsla nøytralisert. Den historiske forståinga av at det fundamentale skiljet i verda går mellom kapital og arbeid, er like gyldig i dag som ho alltid har vore og alltid vil komme til å vere.

– I mange andre land vert arbeidarklassen konstant sett under press. Til dømes i USA, der lønningane går systematisk ned, og ein må finne seg i det fordi ein ikkje har ei motkraft til kapitalen. 

Ber NHO takke

– Eg trudde kanskje du ville nemne utfordringar som til dømes den kraftkrevjande industrien og deira trong for rimeleg straum.

– Ja, det trudde du kanskje, men eg prøver å tenkje i lange linjer, og det store trugsmålet er om fagrørsla nøytraliserer seg sjølv. Når det gjeld overgangen til ny energi, som du indikerer, er eg optimistisk på fagrørsla sine vegner. Norsk fagrørsle har aldri vore reaksjonær. Ho har aldri motsett seg utvikling. Ho har vore med på og medverka til at Noreg har vore innovativt, og til at vi har utvikla industri og produksjon på topp i Europa innan visse nisjar. 

Og no seier Kolberg noko som er så viktig for han at han ikkje seier det éin gong, men tre: NHO-folk bør kvar dag sjå seg i spegelen og takke LO. 

– Vi har fått LO med på alle overgangane som krevst i overgangen til grøn økonomi, og som vi regjerer på i dag. Det viser fagrørsla si seriøse organisering. Sjølv om utviklinga kan utfordre dei etablerte arbeidsplassane og dei industrimiljøa vi har i dag, til dømes innan olje, ser LO at dette må endre seg på eit tidspunkt. Vi går mot ei tid, heldigvis og takk og pris, der olja og gassen vert mindre viktig. 

Raskt skifte

– Burde ikkje Noreg sørgje for at overgangen gjekk litt raskare?

– Kanskje, men eigentleg går det i historisk perspektiv enormt fort.

– Det synest kanskje ikkje ungdommane i AUF?

– Nei, og bra er det. Ungdoms­generasjonen skal berre skyve på, det hadde vore ille om det var dei som bremsa. Men i realiteten går det veldig fort. Og som eit seriøst parti må Ap ta vare på det teknologiske vitskaplege verdiskapingsgrunnlaget og byggje nytt oppå der. Ta nødvendige steg i rett retning, slik at det ikkje vert hol der arbeidsfolk fell igjennom og mistar arbeidsplassar. Det kjem vi aldri til å gjere.

– Apropos miljø, så er det eit anna parti de ikkje har vilja samarbeide med, og det er Miljøpartiet Dei Grøne (MDG)?

– Eg har sagt at Ap må stille seg i spissen for klimapolitikken i Noreg, og at det er den mest sentrale sosialdemokratiske oppgåva. Det er veldig viktig at vi trekkjer den strøyminga i samfunnet til oss og gjer ho til vår.

Han meiner at MDG har stilt seg sjølv på sida ved å krevje ein sluttdato for oljeverksemd.

– Det går ikkje. Eg håpar på ei modning i MDGs politiske tenking som gjer at dei kan verte inkluderte på venstresida på rett måte. Eg set pris på mykje av det dei seier og tenkjer, men det er ikkje alltid mogleg å setje i verk politikken slik dei vil. Derfor får dei heller ikkje den tilslutninga som dei naturleg burde hatt. Dei hamnar under sperregrensa.

 Vekstøkonomien

Er det nokon som hugsar at Kolberg i 2007 starta ein debatt om vekstøkonomien? Temaet opptek han ikkje mindre i dag. 

– Det essensielle i tenkinga mi kring klimautfordringa er at ho må styrast av demokratiet og ikkje av marknaden. Dette er det berre fagrørsla og Ap som har sterk nok kraft til å ivareta, seier Kolberg. 

– Det vi djupast sett snakkar om, er jo forandring av den økonomiske organiseringa. For du klarer ikkje å komme over på grøn økonomi, ein økonomisk balanse mellom natur og produksjon, om du held fram med å basere deg på at du skal bruke meir og meir fortare og fortare. Det er ikkje mogleg.

Heile mentaliteten i samfunnet på snuast, og vi må få ein produksjon som er i balanse, seier han.

– Det kjem aldri marknaden til å klare. Marknaden klarer berre ordningar som gjer at du tener meir og meir fortare og fortare. Det er den historiske erfaringa. Og marknaden produserer ulikskap. Det er berre demokrati som produserer likskap. Så det vi står overfor, er eit oppgjer med dette. Eit oppgjer med vekstøkonomien. Du kjem ikkje forbi det.

Dette skal ha vore ein pågåande diskusjon mellom Martin Kolberg og Jens Stoltenberg då han var statsminister.

– Jens sa at vi ikkje kan ha stagnasjon i økonomien. Det har han òg rett i. Vi må finne balansen mellom veksten i økonomien og naturen, men veksten kan ikkje utfordre klimamåla. Der er balansepunktet.  

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– For oss i Arbeidarpartiet må det vere eit mål å få SV inn i regjering på eit tidspunkt.

– Heile mentaliteten i samfunnet må snuast, og vi må få ein produksjon som er i balanse.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis