– Eit uansvarleg fleirtal
– Eg kjenner meg trygg på at folk veit at utan oss hadde den generelle innvandringa frå den tredje verda vore mykje høgre, seier Jon Helgheim frå Frp etter at partiet gjekk med på å henta 3000 kvoteflyktningar til Noreg neste år.
Jon Helgheim er innvandringspolitisk talsperson for Frp.
Foto: Frp
Samtalen
Jon Helgheim
innvandringspolitisk talsperson for Frp
Aktuelt
Frp går med på å henta 3000 kvoteflyktningar til Noreg

jon@dagogtid.no
Framstegspartiet inngjekk tysdag ein budsjettavtale med regjeringa. AS Noreg offentleg sektor skal taka ut 14 milliardar til frå Oljefondet, vi skal framleis halda fram med å vera den staten i verda som tek mot flest kvoteflyktningar per innbyggjar, og vestlendingane får Stad skipstunnel, som truleg set noregsrekord i manglande samfunnsøkonomisk lønsemd. Frp er rett nok ikkje nøgd med avtalen. Partiet seier det står på sitt framlegg til alternativt statsbudsjett, men når det er røysta ned, kjem Frp til å røysta subsidiært for forhandlingsresultatet dei har fått til.
– Skulle USA taka mot relativt like mange kvoteflyktningar som Noreg, hadde det svara til 233.000. Dei tek mot 20.000. Ingen land er i nærleiken av å taka mot så mange som vi. Kva skal vi seia om at Frp går med på det?
– Det er ikkje til å koma forbi at i Noreg har vi eit fleirtal som er uansvarleg på dette feltet. Ja, vi er sjølvsagt sterkt mot å taka mot 3000, men for oss handlar det om totalen. Den har vi fått ned vesentleg. Det kjem langt færre flyktningar til Noreg enn før vi gjekk inn i regjeringa. Vi må 25 år attende for å finna like låge tal som no, og det skjer trass i at vi tek mot 3000 kvoteflyktningar per år.
– Men det er svært dyrt. Ifylgje Brochmannutvalet kostar ei kvinne i visse innvandrargrupper statskassa rundt 9–10 millionar gjennom livet.
– Det kostar vesentleg meir enn det om vi ser på dei som har flyktningbakgrunn. Ein mannleg flyktning som får opphald, kostar 19,3 millionar. Denne innvandringa er ekstremt dyr, og ho fører til at vi kan hjelpa langt færre ute i verda.
– Og likevel går de med på langt fleire kvoteflyktningar enn det tidlegare storting har ynskt?
– Det finst diverre få i Noreg som forstår denne logikken, eller vil forstå den logikken. Ja, alle i Noreg veit at om vi hadde hatt fleirtal, så hadde vi ikkje henta 3000. Vi ynskjer å hjelpa i nærområda, sidan det er mykje meir effektivt og når langt fleire for den same pengesummen. Men der er ikkje folk eller dei andre partia. Eit klart fleirtal mellom veljarane vil taka flyktningar til Noreg i staden for å hjelpa langt fleire i nærområda.
– Så då er de i Frp dårlege pedagogar som ikkje får folk til å forstå denne logikken?
– Vi kommuniserer vårt syn særs godt. Alle, ja, alle i Noreg veit at vi vil taka mot langt færre. Men vi må berre innsjå at det synet ikkje har eit fleirtal hjå veljarane. Dei meiner at det er viktigare å henta folk hit enn å hjelp dei ute. Men eg er òg trygg på at veljarane veit at utan oss hadde endå fleire vorte henta hit. Det er berre Høgre og Frp som vil taka mot færre kvoteflyktningar. Dette handlar ikkje om kva vi har sagt, det handlar om at veljarane har makta og vil noko anna.
– Er ikkje dette litt for enkelt? Carl I. Hagen fekk Frp opp i 30 prosent av veljarane på meiningsmålingar. Han hadde om noko ein endå tydelegare retorikk på innvandringsfeltet.
– Det er mykje som speler inn når folk vel å røysta på eit parti. Det er veldig mange spekulasjonar om kva som flyttar veljarane. Men det verkar som folk ikkje er like opptekne av innvandring som før. Ja, det har nok vore eit ynske om å få ned den generelle innvandringa, og det har vi fått til. Men det ser ut til at veljarane er opptekne av at når det kjem færre asylsøkjarar, kan vi taka mot fleire kvoteflyktningar, og det sjølv om ein asylsøkjar kostar nett like mykje som ein kvoteflyktning. Ja, vi skulle ynskja at talet på kvoteflyktningar gjekk mot null, men når vi har gått med på 3000, har vi gjort det i byte mot ei sterk innstramming av asylinnvandringa. Eg kjenner meg trygg på at folk veit at utan oss hadde den generelle innvandringa frå den tredje verda vore mykje høgre.
– Men no har de pressa gjennom ei forverring av budsjettbalansen på 14 milliardar. Det vert dyrt for skattebetalarane.
– Kva meiner du no? Vi har då fått til ein vesentleg reduksjon av avgifts- og skattetrykket.
– Når de bruker oljepengane no, må framtida betala i form av høgre skattar eller dårlegare offentlege tenester. Frp var opphavlege eit parti for nedsetjing av offentlege utgifter og senking av skattar og avgifter.
– Det er berre tull, det der. Vi har alltid vore for å nytta delar av skattepengane. Sjølv om vi tek litt meir av overskotet i Oljefondet, aukar det framleis. Vi tappar ikkje Oljefondet på ein uansvarleg måte. No senkar vi avgiftene sterkt. Vi vil og har alltid meint at Oljefondet skal koma vanlege folk til gode.
– Men offentleg sektor berra aukar. Må de alltid røysta for at han skal verta større?
– Nei, vi skal redusera offentleg sektor. Det er fryktelege mykje daudkjøt. Det er enormt med offentleg byråkrati, og offentleg utgifter og forbruk som kan kuttast.
– Men i denne regjeringsperioden har Noreg vorte verdsmeister i storleik på offentlege sektor. I år går 65 prosent av BNP gjennom offentlege budsjett på fastlandet.
– Denne regjeringa må svara for det denne regjeringa gjer. Vi er ikkje ein del av denne regjeringa. Eg kan berre svara for det Frp vil gjera.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er berre tull, det der. Vi har alltid vore for å nytta delar av skattepengane.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.