Kommentar
Politikarar redusert til sjablongar
Kva vil NRK med dramaserien Makta, anna enn å styrkja fordomar?
Dramaserien Makta er kjemisk fri for politikk. Alt dreier seg om posisjonar, skriv Bernt Hagtvet.Dramaserien Makta er kjemisk fri for politikk. Alt dreier seg om posisjonar, skriv Bernt Hagtvet.
Stillbilete frå trailer på NRKStillbilete frå trailer på NRK
Franskmennene har eit uttrykk: Une verité superieure. Grovt omsett tyder det omtrent dette: ei høgare rangs sanning – ei djupare sanning, trass i eit fyrsteinntrykk av noko motsett.
Dette inntrykket renn meg i hug etter dei fyrste episodane av NRKs storsatsing i haust: Makta. Ligg det ei djupare meining bortafor skildringa av Arbeidarpartiets leiarskap i fullt forfall?
Sosemiklar
Inntrykket som serien legg opp til av maktkampane i Arbeidarpartiet på 1970- og 80-åra, er ein gjeng sosemiklar der berre Gro heldt seg rasjonell. Det vert ikkje gjort nokon freistnad på å gjera greie for at dei ulike fløyene hadde ulike politiske program. Serien er kjemisk fri for politikk. Alt dreier seg om posisjonar. Serien gjev oss ikkje innsikt i politiske skilnader, verdisyn og ideologi. Det er ikkje teikn til at serien tek opp økonomisk politikk, sosial politikk eller internasjonal politikk.
Det er som om konfliktane i partiet berre gjekk på person, ikkje på politisk innhald. Men etter EF-avrøystinga var Arbeidarpartiet djup splitta. Det tek serien knapt opp.
Sidan det vert brukt originale namn, og sidan mange av bileta er frå kjende stader i Oslo, er det klart at vi står andsynes ein serie som skal gje inntrykk av – ja – ei høgare sanning. Serien riv bort alle illusjonar og uttrykkjer: Sjå her, slik er politikken, især i Arbeidarpartiet, men nokså ålment i Noreg. Politikk er stort sett berre skit.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.