Politiet ser deg

– Personvern er mykje av ein illusjon, seier personvernadvokat Ove Vanebo.

Christian Tybring-Gjedde og Ingvil Smines Tybring-Gjedde på veg til rettssaka mot Laila Anita Bertheussen i sal 250 i Oslo tingrett.
Christian Tybring-Gjedde og Ingvil Smines Tybring-Gjedde på veg til rettssaka mot Laila Anita Bertheussen i sal 250 i Oslo tingrett.
Publisert

I Oslo tingrett går det no føre seg ei rettssak mot Laila Bertheussen. Det mest private i livet hennar vert eksponert – ikkje berre livet hennar, men livet til personar ho har vore i kontakt med. Og kvar dag rapporterer pressa fortløpande det som kjem fram i retten. Ove Vanebo er tidlegare statssekretær i Justisdepartementet og no senioradvokat med personvern som spesiale i Kluge advokatfirma AS.

– Eg er med i fleire chattegrupper på Facebook. Må eg berre rekna med at om ein i dei gruppene vert tiltalt, så kan politiet offentleggjera ting eg har skrive?

– Det må du i stor grad rekna med. Det vi må ha klart for oss, er at personvern ikkje er eitt fenomen regulert av éin lov. Det er eit lappeteppe, og det er ei mengd kryssande omsyn. Vi har straffprosessloven, vi har lovverk for ytringsfridom, vi har menneskerettar, og vi har GDPR, EUs personvernforordning, som omhandlar handsaming av opplysningar, til dømes innhenting av opplysningar, overvaking på arbeidsplassen og oppretting av register. Men i denne saka er det berre å konstatera at straffeprosesslovgjeving gjev politiet ein veldig vid tilgang til opplysningar. Ja, innhentinga av opplysningar skal vera passande og naudsynt. Men politiet har i grunnen tilgang til det aller meste.

– Men tak denne journalisten i HRS. Vi kan meina mykje om henne, men her har ho gjort jobben som journalist. Ho har fått tak opplysningar som har ålmenn interesse. Men no vert ho hengd ut til turk i pressa kvar dag. Er det rettvist?

– Då er vi over i eit anna sett med reglar, dette at pressa spreier opplysingar frå rettssaka. Vi har alle rett til eit personvern, men vi har òg ein rett til å spreia opplysningar som er rette og har ålmenn interesse. Det er altså ei avveging mellom retten til personvern og privatliv versus retten til ytringsfridom. Det sentrale er Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Vi finn at nær all lovgjeving på det området i Noreg trekkjer vekslar på vurderingane der. Så lenge noko er sant og har ålmenn interesse, og pressa handlar profesjonelt, reieleg og i god tru, har pressa vide rammer. Jussen her seier at det som har kome fram, har sentral samfunnsinteresse, sjølv om journalisten i HRS ikkje har gjort noko som helst gale.

– Det du i grunnen seier, er at vi ikkje bør leggja att spor nokon som helst stad på nettet?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement