Miljø

Plasten som var borte

Havoverflata inneheld mykje mindre plast enn ein skulle tru. Men å senda han på havet er likevel ikkje lurt.

Ein fugl kviler seg på ein haug av plastleidningar i Chillion-elva i Callao i Peru. Slik vil vi sjølvsagt ikkje ha det.
Ein fugl kviler seg på ein haug av plastleidningar i Chillion-elva i Callao i Peru. Slik vil vi sjølvsagt ikkje ha det.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Var det éin ting du ikkje burde snakka med Norman Mailer om, var det plast. Då stogga han aldri. Han snakka om plast, han skreiv om plast, han var på radio og fjernsyn om plast. Han hadde plast på hjernen. Han hata plast. «Av og til trur eg nokon har sleppt ut ei vond kraft i universet som gjer med samfunnet det kreft gjer med kroppen, og den vonde krafta er plast. Plasten kryp inn i alt. Plasten fører til metastase. Plasten sig inn i kvar ei pore av produksjonslivet. Snart kjem det ikkje til å vera noko som helst som ikkje er laga av plast. Dei kjem til dekkja fortaua med plast, og kroppen vår, beingrinda, kjem til å ha vorte bytt ut med plast.»

Mailer ville likt den moderne motstanden mot plast. Men det vert likevel berre meir av plasten. Plast utgjer ei av dei fire største søylene – saman med stål, sement og ammoniakk til kunstgjødsel– i verdas industri, og desse søylene berre veks og veks.

Den amerikanske forfattaren Michael Shellenberger er ein tidlegare amerikansk miljøvernaktivist som no meiner at særleg ungdomen er vorten altfor pessimistisk når det gjeld klima og miljø, og samstundes meiner han at verda må satsa på atomkraft. Shellenberger er ikkje heilt på lag med den rådande tidsånda. Dei som ikkje liker han, bør likevel sjekka fotnotane hans. Han legg ned mykje arbeid. Men ja, plast, særleg i havet, er eit problem, skriv han i den siste boka si, bestseljaren Apocalypse Never. Berre i USA har plastforbruket gått opp ti gong per hovud sidan 1960. Fire land – Kina, Indonesia, Vietnam og Filippinane – produserer eller er ansvarleg for halvparten av plasten som endar opp i havet, og problemet berre aukar på.

Praktisk

Slik er det av di plast er så utruleg praktisk. Plasten hindrar matsvinn, han er lett, han er i alt helseutstyr som tenkjast kan, og så underleg det enn høyrest ut, er han meir klimavenleg enn dei fleste alternativa. Papirposar slepper ut langt meir CO2 i produksjonen, og får du, som NRK Folkeopplysningen har peika på, ein økologisk bomullspose til handling når du vert konfirmant, må du nytta han til du er 70 år før du har sett att eit lægre miljøavtrykk enn om du nyttar ein ny plastpose til handling kvar dag. Plast er ein uunngåeleg del av eit moderne liv i velstand.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement