Pisa-geispet
Den fyrste Pisa-granskinga skaka Skule-Noreg. No ligg vi dårlegare an.
Kunnskapsminister Jan Tore Sanner er uroleg for kjønnsgapet i lesing. Innvandrarborna snakkar han mindre om. Her frå framlegginga av Pisa på Jordal skole i Oslo.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
SAMTALEN
Baard Meidell Johannesen
Tidlegare rådgjevar i NHO
AKTUELL
Ny Pisa-gransking
SAMTALEN
Baard Meidell Johannesen
Tidlegare rådgjevar i NHO
AKTUELL
Ny Pisa-gransking
jon@dagogtid.no
Før den fyrste Pisa-granskinga av norske femtenåringar som kom i 2001, var det nokså brei semje om at Noreg hadde verdas beste skule. Det hadde vi ikkje. Vi var dårlege i rekning og middelmåtige i naturfag og lesing. Det førte til ei stor sjølvransaking, kunnskapslyft og mykje meir pengar til norsk skule. 18 år seinare har vi fått ei ny gransking. Baard Meidell Johannesen har tidlegare arbeid med kunnskapsfeltet for NHO. Han har òg vore tilsett i det som då var Kyrkje- og undervisningsdepartementet.
– Korleis gjekk det denne gongen?
– Heilt flatt. Inga endring. Ja, det har gått opp og ned gjennom åra, og det var ein tendens ei tid til at det gjekk litt betre. Men i det store og heile er det jamt.
– Men fleire har fått fritak?
– Ja, det er det einaste feltet med ein klar auke. Dei aller svakaste vert stadig fleire. Det skjuler truleg ein tydeleg og reelle læringsnedgang i kullet. Dei har fjerna dei 7,9 prosent svakaste frå granskinga. Dei har altså ikkje vorte testa. I den fyrste granskinga var fritaksprosenten på 2,7. Vi er no mellom dei landa i OECD som har det høgste fritaket.
– Kva med dei med innvandringsbakgrunn, det er vel der den store endringa har kome?
– Ikkje om du skal tru kommentarane i media og andre stadar. Før eg snakka med deg, kom eg ut av eit NHO-seminar om den siste granskinga. Innvandrarar vart ikkje nemnde med eitt ord. Alle, òg på dette seminaret, snakkar om kjønnsgapet, og i lesing er det verkeleg stort. Men gapet mellom dei med minoritetsbakgrunn og majoritetsbakgrunn er mykje større enn til dømes lesegapet mellom gutar og jenter.
– Har det likevel vore ei betring i prestasjonane til dei med innvandringsbakgrunn?
– Det vi ser, er at det registrerte gapet mellom minoritet og majoritet er litt mindre no enn det var i 2001. Men vi veit ikkje kor reelt dette er, sidan vi kan ha grunn til å tru at det er mange med fritak som har minoritetsbakgrunn. Éin grunn til at gapet no er litt mindre enn i 2001, kan vera at det relativt sett er mange fleire med andregenerasjonsbakgrunn mellom dei som har minoritetsbakgrunn. Sidan det er så mange fleire innvandrarar no, aukar naturleg nok gruppa som er fødde her mykje meir enn gruppa med born som er fødde i andre land. Og det sjølv om det likevel er fleire no som er fødde i andre land, enn det var i 2001.
– I 2001 var vi sjokkerte over kor svake dei svakaste var i Noreg samanlikna med Finland. Difor skulle vi satsa på dei. Det gjekk ikkje så bra?
– Litt stygt sagt er det einaste lyftet i Pisa at vi har lyfta ut dei svakaste. Og dei svake er nok verkeleg svake. Der finn du slike som lærarane meiner ikkje kan lesa oppgåvene.
– I den svakaste lesegruppa finn vi desse som forskarane meiner ikkje vil kunne fungera i arbeidslivet. Det er vel ekstra urovekkjande med tanke på arbeidsdeltakinga?
– Det er fleire ting å seia om dette: Ja, mellom dei som vert trygda unge, er det nok mange her. Men vi har òg noko som heiter PIAAC, som er ei tilsvarande gransking som Pisa i lesing, men for dei som er i arbeidslivet. Det vi ser der, er at kjønnsgapet heilt forsvinn. Der les kjønna like godt. Med ein gong gutane kjem seg ut av skulen og inn i arbeidslivet, hentar dei inn gapet veldig fort.
– Så når gutar må, vil dei?
– Nja, OECD seier at den einaste forklaringa dei finn, er at PIAAC vert gjennomført utanfor skulen. Dei som les svakt, men likevel får arbeid, greier seg veldig godt. Vi må med andre ord ha eit svært lærande arbeidsliv i Noreg. Mykje kan tyda på at vi har eit skulesystem i Noreg som er gira inn på jenter og ikkje gutar.
– Men er det noko å gjera med det?
– Det måtte eventuelt vera å endra innvandringspolitikken, sidan dei med innvandringsbakgrunn gjer det så svakt og vert stadig fleire, men det er neppe aktuelt. Men skal eg spekulera på eit overordna plan, handlar det vel mykje om at vi er så rike og har så mykje velferd her til lands. Det er noko med kulturen i land som er rike og har gode velferdsstatar, som gjer at læringstrykket nok vert mindre. Til dømes ser vi her i Noreg at svært få vel å taka ingeniør- og realfag i høgre utdaning. I fattige land er slike fag mykje meir populære.
– Det verkar som vi har vant oss til Pisa. Ingen snakkar om sjokk denne gongen?
– Nei. Det er noko i utrykket «Vert du kokt sakte nok, går det greitt». Det som kanskje er mest interessant, er at dei to fyrste kulla som vart testa, starta eitt år seinare i skulen. Vi finn altså null spor att av tidlegare skulestart og mykje høgre pengebruk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er noko i dette utrykket
at vert du kokt sakte nok, går
det greitt.
Fleire artiklar
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement