Utanriks
Petros seige strid
USAs president er i jamt munnhoggeri med Colombias president, som har grunn til å sjå på Trump som eit trugsmål. 3. februar møtest dei endeleg ansikt til ansikt.
Gustavo Petro, som blei vald til president i 2022, er den første venstreorienterte statsleiaren i Colombia. På agendaen hadde han ei rekke reformer og ein omfattande fredsplan.
Colombia er krigsherja. Over 7 millionar er internt fordrivne, lokalsamfunn er kontrollerte av væpna grupper, og barn blir tvangsrekrutterte.
Colombia husar 3 millionar migrantar frå nabolanda.
Colombia er òg verdas største kokainprodusent, noko som gjer forholdet til andre land anstrengt. Til dømes har USA dei siste månadane bomba minst 30 båtar utanfor kysten av Sør-Amerika som ledd i kampen mot smugling. Og Ecuadors president Daniel Noboa innfører no 30 prosent toll på varer frå Colombia fordi Petro ikkje får bukt med narkotikaproduksjonen og utstrekt ulovleg gruvedrift.
Noboa går dermed i sporet til Donald Trump, som lenge har kritisert Petro for ikkje å slå hardare ned på narkotikaproduksjonen og få has på kriminaliteten som følger med.
Palestina-aktivist
Det er mangt ved Petro som ergrar Trump. Petro har blant anna omtalt krigen mot narkotika som feilslått. Då Petro talte i FNs generalforsamling i 2022, sa han at utfordringane knytte til kol- og oljeproduksjon er like viktige å ta tak i som kokainproduksjonen. Petro var tidleg ute med å peike på miljøspørsmål og er uttalt propalestinsk.
Før han blei politikar, var han med i ei væpna rørsle. I dag kritiserer han USAs ICE, som han meiner han opererer på same vis som nazistane og fascistane.
– Dei forfølger og provoserer folk, og no har det gått så langt at dei ikkje berre går etter innvandrarar frå Latin-Amerika (…), no drep dei òg statsborgarar i USA, sa han til The New York Times 8. januar.
– Held dei fram slik, risikerer USA å bli ståande aleine mot resten av verda.
«Senil i hovudet»
8. januar markerer eit skilje i forholdet mellom Trump og Petro. Men la oss først spole tilbake til hausten 2025, då det blei ordkrig på sosiale medium. Trump omtalte blant anna Petro som ein leiande aktør i narkotikahandelen. Petro «oppmodar til massiv narkotikaproduksjon», skreiv han på Truth Social.
«Dette har utan samanlikning blitt den største næringa i landet, og Petro gjer ingenting for å stanse det, trass omfattande subsidiar frå USA.»
Trump skreiv at Petro, ein «svært upopulær leiar», har ein frekk tone, og at viss han ikkje straks får slutt på narkotikaproduksjonen, vil USA gjere det, og «ikkje på vennleg vis».
Petro på si side har kalla Trump «senil i hovudet».
Jaguaren
I desember kom Donald Trump med trugsmål mot både Colombia og Venezuela.
– Colombia lagar kokain. Dei har kokainfabrikkar, og så sel dei kokainen til oss. (...) Den som driv med det, risikerer å bli angripen, sa han under ein pressekonferanse 2. desember.
Petro svarte slik på X same dagen: «Kom, herr Trump, til Colombia, eg inviterer deg, så får du vere med på å øydelegge dei ni laboratoria vi tar kvar dag, for å hindre at kokainen når USA. Utan missil har eg og regjeringa mi øydelagt 18.400 laboratorium. Bli med, så skal eg vise deg korleis dei blir øydelagde: eitt laboratorium kvart førtiande minutt.»
«Men ikkje kom med truslar mot suvereniteten vår», heldt han fram. «Då vekker du jaguaren. Å gå til åtak på suvereniteten vår er å erklære krig. Ikkje øydelegg 200 år med diplomati. Du har alt baktalt meg, ikkje hald fram. Er det eitt land som har bidratt til å hindre at tusenvis av tonn kokain blir konsumert av nordamerikanarane, så er det Colombia.»
Grønt framfor svart
På nyåret var det presidenten i nabolandet Venezuela, Nicolás Maduro, verda retta blikket mot, då han blei pågripen, frakta til USA og sikta for brotsverk knytte til narkotikatrafikk. Men alt dagen etter, 4. januar, retta Trump fingeren mot Petro.
– Colombia is very sick, run by a sick man, sa han til pressa.
– Han lagar kokain og sel det til USA. Men det får han ikkje gjere så mykje lenger.
7. januar, etter at Trump hadde uttalt at eit militært åtak på Colombia ville vere lurt, sa Petroat no hadde Trump vekt jaguaren, det vil seie det antiimperialistiske Latin-Amerika. Han oppmoda innbyggarane til å gå ut i gatene og vise støtte.
Petro sa òg at Trump hadde eit feilaktig inntrykk av han fordi dei ikkje hadde prata saman. Få timar seinare tok Trump kontakt. Mens tusenvis av menneske demonstrerte utanfor presidentpalasset i Bogotá, som bestilt, tok dei to ein prat – i 55 minutt – om narkotikahandelen og forholdet mellom USA og Latin-Amerika.
Petro tok blant anna opp spørsmålet om kol og olje. Han skal ha sagt at «viss USA hadde halde seg til Parisavtalen, og gått over til grøn energi, hadde vi ikkje hatt krig i verda».
Rett etter samtalen skreiv Trump på Truth Social at dei to hadde avtalt at dei skal møtast i Det kvite huset, og at han såg fram til det.
Innreisenekt
Problemet er at Trump tok visumet frå Petro i september i fjor, etter ein propalestinsk demonstrasjon i New York der Petro bad USAs soldatar om ikkje å følge ordrane til Trump, det vil seie ikkje rette våpen mot mannen i gata.
– Ikkje lyd Trump, ropte han.
– Sikt heller på tyrannane og fascistane.
Innanriksministeren i Colombia, Armando Benedetti, skreiv på X at det burde vore den israelske statsministeren, Benjamin Netanyahu, som blei fråtatt visumet sitt – ikkje Petro. «Men sidan imperiet beskyttar han, tar dei heller den eine presidenten som evnar å seie sanninga.»
Petro har fleire gonger kritisert Trumps støtte til Israel.
Krevjande natur
Då han deltok i den propalestinske demonstrasjonen i New York, var hovudærendet ei FN-samling. Her sa han blant anna at USA ikkje bombar båtar utanfor Venezuela og Colombia for å stanse narkotikahandelen, men for å «herske over Colombia og Latin-Amerika» ved hjelp av vald og tyranni. Han sa at å bombe ein båt, når ein enkelt og greitt kan stanse han og pågripe mannskapet, er i praksis ei drapshandling.
– Vi har i lange tider samarbeidd med USAs styresmakter og andre styresmakter om å beslaglegge kokain til sjøs utan at nokon har døydd, talte han.
– Det er ikkje nødvendig å drepe nokon.
Petro hevdar at dei colombianske styresmaktene jobbar hardt for å konfiskere narkotika og få bukt med kriminelle bandekrigar. Men det er krevjande fordi landskapet er unikt, med kyst, store fjellområde og mykje jungel, og fordi landet er ridd av borgarkrig.
– Dei siste 75 åra har vore så valdelege at 700.000 har mista livet. Tidlegare var årsaka politisk konflikt; no handlar det om narkotika, seier han i eit intervju på BBC 16. januar.
Han understrekar at det er avgjerande å skape dialog.
Ein høg pris
At Trump hevdar at Colombia ikkje gjer nok, er undergravande, seier han.
– Vi har utført 1440 væpna arrestasjonar og pågripe 40.000 kriminelle. Problemet er at dei raskt kjem i gang igjen, fordi det dreiar seg om pengar.
Rota til problema er at folk kort og godt er grådige, meiner Petro.
– Det er oligarkane si skyld at vi har narkotikahandel, seier han til BBC.
Han trekker fram at han sjølv lever nøkternt. Han har overlevd fleire drapsforsøk og må leve med at heile familien er i eksil. Ein grunn til at han blei vald, seier han, er at han ikkje er korrupt.
I eit intervju i El País i februar i fjor, der journalisten spør kva han har lært av å vere president, svarer han: «Det har gjort meg ulykkeleg. Eg betaler ein høg pris.»
No er det bestemt: 3. februar skal Petro og Trump møtast i Det kvite huset.
Petro seier til CBS News at han møter Trump for å avverje verdskrig.