Økonomi
Pengar frå dei rike til dei rike
Utviklingshjelp hjelper i det minste eliten i utviklingsland til å verta rikare.
«Berre sei nei til korrupsjon», oppmodar denne plakaten fotgjengarane på veg til Chipata i Zambia. Elitane seier med Plassbakkallen: «Då skal dei fattige ha takk».
Foto: Wikimedia
Lytt til artikkelen:
Vert verda ein betre stad av at vi overfører store summar til verdas fattige land? Det meiner eit nær samla storting. Berre Framstegspartiet, når dei ikkje er ein del av regjeringa, plar koma med svake protestar. Ja, denne artikkelen kjem litt ut av det blå, men ved eit tilfelle ser det ut til at summen regjeringa ynskjer å nytta til eit nytt regjeringskvartal, rundt 38–39 milliardar, svarar til den årlege utviklingshjelpa Noreg gjev over statsbudsjettet. Difor denne artikkelen.
Det vi kan slå fast, er at investeringa i eit nytt regjeringskvartal er ei investering som skal dekkjast inn over mange tiår, i motsetnad til u-hjelpa, som vert gjeven kvart år. Byggjeplanane har ført til stor motstand og ein endå større debatt. At vi kvart år løyver det same i u-hjelp, ser derimot ikkje ut til å uroa veljarane, avisene eller norske politikarar. Det heile ligg fast. Stortinget har vedteke at Noreg i kvart budsjett skal gje 1 prosent av nasjonalinntekta i u-hjelp, som har vorte ein av dei få postane på statsbudsjettet som korkje går opp eller ned på grunn av endra politiske prioriteringar. Lat oss likevel sjå litt nærare på pengebruken, og for å koma med konklusjonen med ein gong: At vi i Noreg kranglar så mykje om bruken av pengar til eit regjeringsbygg, er eit godt døme på korleis ein velfungerande stat verkar. Det er når innbyggjarane ikkje uroar seg for offentleg pengebruk, ein bør verta uroleg.
Det vi òg kan slå fast, er at same kor dyrt eit regjeringskvartal vert, vil det oppfylla ein funksjon, og det er neppe mange som vert steinrike på grunn av bygginga. Nei, det er ikkje sikkert at Statsbygg alltid er så kompetent, men få har skulda dei for å vera korrupte.
Diverre manglar det ikkje empiri på at mykje internasjonal u-hjelp har hamna i lommene til korrupte leiarar i den tredje verda. Spørsmålet er kor mykje, reint konkret, som hamnar i lommene til leiarar i den tredje verda.
Angus Deaton
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.