Pengane blæs bort

Equinor har søkt om over tre milliardar kroner for å elektrifisera Snorre og Gullfaks med havvind. Får dei ja, vert det eit særs dyrt og tvilsamt klimaprosjekt.

Hywind Tampen havvindpark, slik Equinor ser han føre seg frå Gullfaks.
Hywind Tampen havvindpark, slik Equinor ser han føre seg frå Gullfaks.
Publisert

«Rent-seeking» er eit faguttrykk frå samfunnsøkonomien som ikkje har eit tilsvarande godt norsk ord, men gode gamle Trygve Haavelmo kalla det tilkaringsverksemd. Det er når ei verksemd eller ein person prøver å få tak i pengar ved å manipulera omgjevnadene økonomisk eller juridisk i staden for å tena pengar på vanleg vis, til dømes gjennom handel eller produksjon. Her lyt det strekast under at tilkaringsverksemd på ingen måte er ulovleg.

Tilkaringsverksemd er særs freistande i Noreg sidan staten er uhorveleg rik. Ingen bransje er fri for dette, og for at vi ikkje skal leggja oss open for kritikk, lyt vi vedgå at heller ikkje pressa er framand for å kara til seg. TV 2 betaler ut massive utbyte til danske eigarar medan dei bed om stadig meir pengar frå staten. Klassekampen fortel om kor kald den norske staten er, samstundes som heile redaksjonen er finansiert av skattebetalarar som ikkje held avisa. Nynorskrørsla får stadig meir pengar i takt med at det relative talet på nynorskfolk går ned og ned, og ja, også Dag og Tid får litt statsstøtte.

Men kulturfeltet får i røynda småpengar, dei store pengane hentar ein der politikarane har dårleg samvit, men uklåre tankar om korleis ein skal kvitta seg med det dårlege samvitet. Dårlegast samvit har vi for tida truleg innanfor utviklingshjelp og klima. Her skal vi snakka om klima, og korleis den skitne statsoljen, Statoil, som har skaffa oss ein tredjedel av velstanden vår, prøver å verta den fornyelege energien, Equinor.

Messe for olje

Under oljemessa i Stavanger, ONS, den 28. august, kalla Equinor inn til pressekonferanse. Dei ville fortelja at dei vurderer å byggja havvindmøller på Tampen-området i Nordsjøen, for slik å forsyna Gullfaks- og Snorre-felta med inntil 35 prosent av den årlege krafta dei treng for å drifta felta. Om Equinor lukkast med prosjektet, kan dei i ei tenkt framtid kanskje redusera utsleppa med 200.000 tonn CO2, som svarar til utsleppa frå 100.000 konvensjonelle gjennomsnittsbilar på det norske fastlandet.

Dette må vera bra? Ja, jau, kanskje, eller nei. Problemet er kostnadene. Per dags dato vil ei slik havvindutbygging kosta fem milliardar kroner, og med ein sånn pris vil det heile gå med store underskot. Slik stoda er no, er det langt meir lønsamt å brenna gass for å skaffa den naudsynte energien, og det sjølv om Equinor betaler store avgifter til staten for å brenna gassen. Difor har Equinor søkt staten, gjennom Enova, som gjev ut subsidiar for å få ned CO2-utsleppa i Noreg, om 2,5 milliardar kroner. Men Equinor har òg søkt andre om pengar, mellom anna Næringslivets NOx-fond, som har sagt at det vil gje inntil 566 millionar kroner til prosjektet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement