– Palestinarane har tapt
Donald Trump har lagt fram ein fredsavtale for palestinarane. – Det heile er noko stort tull, seier professor Hilde Henriksen Waage.
Tysdag presenterte Donald Trump og Benjamin Netanyahu det dei kalla ein fredsplan for Midtausten. Representantar for ei rekkje arabarstatar var til stades for å støtta avtalen.
Foto: Joshua Roberts / Reuters / NTB scanpix
Tysdag la Donald Trump og Benjamin Netanyahu fram det dei kalla ein fredsavtale mellom Israel og palestinarane, som dei to sa skal få ein ny stat på Vestbreidda med Aust-Jerusalem som hovudstad.
Hilde Henriksen Waage er historieprofessor ved Universitetet i Oslo og har skrive mykje om konflikten mellom Israel og palestinarane.
– Kvifor kjem denne planen nett no?
– Denne planen har vore varsla i tre år no. Donald Trump har lova at han skal leggja fram hundreårets fredsplan. Det er nærliggjande å tru at planen kjem av to grunnar: Den eine er at Benjamin Netanyahu for tredje gong på kort tid prøver å verta attvald. Han har ikkje makta å danna fleirtalsregjering. Dessutan har han desse korrupsjonsskuldingane hengande over seg. Slik sett er dette ei utstrekt hand til Trumps god ven, Netanyahu.
– Og den andre grunnen?
– At Netanyahu også kan spela rolla som Trumps nyttige idiot. Han må stilla opp nett når Trump har mest bruk for han. For som vi alle veit: Også Trump ønskjer å verta attvald, og Trump har no fått større problem med riksrettssaka enn det såg ut til for berre kort stund sidan. Den tidlegare tryggingsrådgjevaren John Bolton har skrive eit manus, og lekkasjane frå dette manuset er ikkje bra for Trump. Det aukar risikoen for at Bolton vert kalla inn som vitne. Trump har no trong til noko grandiost for å avleia det som har vorte ein vanskeleg innanrikspolitisk situasjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.