JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

På sporet av tapte heimar

Norske jødar hadde tapt nær alt dei eigde i Holocaust. Erstatningslova etter krigen tok likevel ikkje omsyn til behova deira.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
14 år gamle Leif Grusd på jernbanestasjonen i Malmö sommaren 1945, på veg heim til Noreg etter krigen.

12231
20220225

Bakgrunn

773 jødar vart deporterte frå Noreg under andre verdskrigen, og over 1200 flykta til Sverige.

Alt dei eigde, vart konfiskert av naziregimet under krigen.

Etter krigen vart det laga lover om erstatning for tapt eigedom, men dei var ufordelaktige for holocaustoverlevande, og store verdiar vart ikkje tilbakeførte.

Herman Sachnowitz var den einaste i familien som overlevde Auschwitz. Då han kom tilbake til Noreg etter krigen, fann han heimen til familien i Larvik plyndra: «Jeg gikk gjennom huset som tyskerne hadde hjemsøkt. Stuene var tomme, ribbet for alt, de som jeg.»

Under krigen gjennomførte okkupasjonsmakta og Quisling-regimet ein systematisk likvidasjon av jødisk eigedom som gjekk hand i hand med det fysiske folkemordet. Norske jødar skulle ikkje berre drepast – alle spor etter dei og livet dei hadde levd, skulle viskast ut. Medan norske jødar flykta til Sverige eller blei deporterte til Auschwitz, blei alt dei eigde, konfiskert av naziinstitusjonen Likvidasjonsstyret.

På kort tid flytta nye personar inn i heimane deira. Eigedelane – klede, møblar, leiker, servise – vart selde på auksjonar og spreidde for alle vindar. Både NS-medlemer, såkalla «frontkjemparar», privatpersonar, forretningsfolk og statlege institusjonar gjorde seg rikare på jødiske tap.

Ingenting kunne erstatte drepne familiemedlemer eller viske ut trauma etter krigen. Men eitt tilhøve ved Holocaust kunne delvis gjerast om: Det statlege ranet av jødisk eigedom under naziregimet.

Restitusjonsoppgjeret

Etter krigen tok den norske staten fatt på arbeidet med å erstatte det som hadde gått tapt eller blitt øydelagt. Dei skreiv erstatningslover og oppretta tilbakeføringsinstitusjonar der ein kunne søkje om å få dekt tapa. Men store delar av dei jødiske verdiane vart aldri gjevne tilbake. Det vart avdekt av historikaren Bjarte Bruland og psykologen Berit Reisel då dei i 1996 fekk i oppdrag frå Justisdepartementet å undersøkje denne historia som ein del av Skarpnesutvalet. I masteroppgåva mi frå 2021 om tilbakeføringa av jødisk eigedom spurde eg: Kvifor enda det slik?

Delar av svaret ligg i dokumenta der desse erstatningslovene vart laga – forarbeida til lovene, som vart skrivne mellom 1945 og 1947. I dei har byråkratar og stortingsrepresentantar lagt fram forslag til lovparagrafar og forklart kva for funksjon ordningane var meinte å ha. Seks av desse lovene handla om kompensasjon for fast eigedom, leigehusvære, eigedelar og verksemder, og desse fekk mykje å seie for tilbakeføringa av jødisk eigedom.

Jødar knapt nemnde

Ingen av desse lovene handla spesifikt om jødisk eigedom. Dei var meinte for befolkninga som heilskap – for alle som hadde fått huset sitt konfiskert eller heimen bomba og blitt fråstolne eigedelar. Forarbeida til dei seks lovene er på fleire hundre sider, men jødar var berre nemnde ti gonger. Trass i at denne gruppa var overrepresentert blant dei som trong erstatning.

Til samanlikning er nordlendingar nemnde over 130 gonger i forarbeida, og motstandsfolk over 50 gonger. Og lovgjevarane gav ekstra merksemd til dei, ikkje berre i talet på nemningar: Lovene er tydeleg tilpassa behovet deira og gav dei ekstra rettar til erstatning.

Nettopp i den manglande merksemda jødar fekk i lovgjevingsprosessen ligg store delar av svaret på kvifor erstatningsoppgjeret var så ufordelaktig for dei. Forarbeida syner få spor av at lovgjevarane har freista å tilpasse lovene til dei særskilde behova som oppstod i kjølvatnet av eit folkemord.

Hadde norske jødar hatt same erfaring som resten av befolkninga, ville denne manglande merksemda ikkje vore eit problem. Men slik var det ikkje. Dei hadde vore utsette for systematisk forfølging. Alle hadde mista nokon, mange titals familiar var totalt utsletta, eigedelane var spreidde for alle vindar, og dei fleste hadde mista nesten alt dei eigde.

Store kutt

Erstatningsordningane fekk uheldige konsekvensar for dei som hadde overlevd Holocaust. Om hus og husvære sa lovene at dei som eigde fast eigedom, hadde rett til å få han tilbake. Men dei fleste norske jødar eigde ikkje heimen sin, men leigde han. Lovene opna berre for at personar som hadde gjort ein motstandsinnsats, kunne få leigehusværa tilbake. Mange norske jødar hadde delteke i motstanden, men dei fleste hadde mista eigedom i Holocaust, ikkje i sanksjonar mot heimefronten. Slik fekk norske jødar få rettar til å få tilbake heimane sine.

Når det gjaldt eigedelar, hadde dei rett til å få desse tilbake om dei vart funne, men dei fleste jødiske eigedelane var vanskelege å spore opp: Dei var no i heimane til Waffen SS-soldatar, NS-medlemer og andre privatpersonar. Norske jødar vart difor som regel viste til erstatningsordningar.

Etter lovene vart ikkje tapte eigedelar erstatta fullt ut, men etter ein prosentsats som blei mindre og mindre dess høgare tapet var. Det vil seie at dei som hadde mista mest, fekk prosentvis minst tilbake – ei ordning som ramma jødar som offer for ein total forfølgingspolitikk spesielt hardt. Ein som hadde tapt eigedelar til ein verdi av 20.000 kroner, kunne få tilbake 14.900. Det var eit tap på 5100 kroner, som på dette tidspunktet var omtrent ei gjennomsnittleg årslønn.

Men erstatningane kunne òg bli vidare avkorta dersom sakshandsamarane meinte at ein ikkje hadde trong for pengane, eller dersom dei ikkje skulle brukast til å byggje opp att det tapte. Mange norske jødar stod plutseleg som arvingar til drepne familiemedlemer – søsken, onklar, tanter, søskenborn – som dei normalt sett aldri ville ha arva frå. Då kunne tilbakeføringsinstitusjonane kutte erstatninga med grunngjevinga at dette var ei «uventet fortjeneste».

Det var endå vanskelegare å få erstatning for jødiske verksemder. Det fanst gode erstatningsordningar for tapte varelager, men det gjaldt berre varelager som gjekk tapt som følgje av brann, våpen og bomber. Konfiskasjonar vart ikkje inkluderte, og dermed hadde mange norske jødar ikkje rett på erstatning for varelagera dei vart fråtekne i Holocaust.

Vidare vart mange jødiske verksemder aldri atterreiste fordi eigarane var drepne, og då kunne erstatningane òg avkortast, sjølv om dei elles hadde falle innanfor ordninga.

Lov etter lov var altså ufordelaktig for dei norske jødane, og store verdiar vart aldri tilbakeførte.

Dårleg utgangspunkt

Grunnane til at det enda slik, er mange. Lovene var inspirerte av eller bygde på tidlegare lover og ordningar, men der var det ikkje mogeleg å finne føringar for føresegner som var fordelaktige for Holocaustoverlevande. Lover skrivne før krigen og dermed før Holocaust, var ikkje tilpassa utfordringane skapte av eit folkemord, og lovene som var skrive under krigen og under det nazistiske styret, kom naturlegvis ikkje norske jødar til gode.

Vidare var lovene bygde på to økonomiske prinsipp som slo uheldig ut for jødiske skadelidande. «Gjenreisingsprinsippet» favoriserte erstatningar til dei som skulle byggje opp igjen det tapte, men mange jødiske eigedelar hadde ikkje blitt øydelagde, men var overtekne av andre.

«Utjamningsprinsippet» skulle syte for at byrdene etter krigen skulle verte jamt fordelte, men dette prinsippet var grunnlaget for ordningane som gjorde at større tap fekk mindre erstatning, noko som ikkje var til gagn for dei som hadde tapt mest. Eit tredje prinsipp som favoriserte dei som hadde delteke i motstandskampen, var heller ikkje til nytte for dei som hadde tapt eigedelar i eit folkemord.

Manglande forståing

Men den viktigaste grunnen til at oppgjeret vart så ufordelaktig for Holocaustoverlevande, var at lovgjevarane hadde ei underutvikla forståing av folkemordet. Dei hadde enno ikkje eit omgrep om at likvidasjonen av jødisk eigedom skilde seg frå andre materielle tap, eller at jødiske erfaringar under krigen skilde seg frå opplevingane til dei ikkje-jødiske landsmennene deira. Lovgjevarane tok ikkje omsyn til jødar fordi dei ikkje hadde ei klar oppfatning om at dei trong å bli tekne særskilt omsyn til i utgangspunktet.

Spesielt to setningar i lovarbeida er avslørande: Andre verdskrig var «ikke rettet mot enkelte personer eller persongrupper eller mot visse verdier, men mot samfunnet som helhet». Og krigen «hadde total karakter, den var rettet mot alle og enhver, og det var undergitt tilfeldighetenes spill hvem og hvor de enkelte krigsskadene rammet». Ei slik forståing er ikkje avgrensa til desse erstatningslovene, men er òg å finne i andre delar av samfunnet, både i og utanfor Noreg.

Jødar vart aldri aktivt utestengde frå ordningane eller eksplisitt fråtekne rettar. Problemet er heller at dei aldri vart aktivt inkluderte. Lovene var ekskluderande, ikkje fordi dei skapte ny diskriminering, men fordi dei ikkje klarte å ta eit oppgjer med tidlegare diskriminering og forfølginga under krigen.

Ei sjuande lov

Ei sjuande lov medverkar ytterlegare til å tydeleggjere denne mangelen på handling. Dei fleste norske jødar som ikkje hadde kome heim etter krigen, hadde status som sakna, ikkje døde. Etter lovverket anno 1945 kunne det ta mange år før arvingane fekk tilgang til midlane.

Men i 1947 vedtok Stortinget «loven om forsvunne personer». Til liks med dei seks erstatningslovene fekk ho stor innverknad på tilbakeføringa av jødisk eigedom, men med ein viktig skilnad: Forarbeida til denne lova syner tydeleg at behova til norske jødar var tekne i med i vurderinga.

Mens forarbeida til dei seks erstatningslovene knapt nemnde jødar, starta preposisjonen til denne lova med følgjande setningar: «Under krigen kom et stort antall nordmenn bort under slike omstendigheter at det må anses for overveiende sannsynlig at de har mistet livet. I første rekke kan her nevnes de norske jøder (…).» Deretter følgde ei skildring på ei og ei halv side av deportasjonane av og drapa på norske jødar. I dette eine dokumentet får norske jødar meir merksemd enn i alle forarbeida til erstatningslovene til saman.

Lova var ikkje eksepsjonell fordi ho tok ekstra omsyn til jødiske skadelidde, men fordi ho tok omsyn til jødar i det heile. Lova løyste ikkje dei ufordelaktige konsekvensane av dei andre lovene, men gjorde det enklare for arvtakarar å få tilgang til midlane til sakna familiemedlemer. For mange innebar det at dei raskare kunne flytte tilbake i heimen sin og få tilbake verdiar dei sårt trong, sjølv om kutta i erstatning frå dei andre lovene framleis gjaldt.

Denne lova er viktig, ikkje berre fordi ho bidrog til nokre lettar i byrdene til mange norske jødar etter krigen, men òg fordi ho syner kva innverknad det fekk når lovgjevarane tok jødiske behov etter folkemordet med i vurderinga når dei utforma lovene. Og ikkje minst illustrerer ho at slike tilpassingar var mogelege.

Verdien av ein heim

Tilbakeføringa var sentral for hundrevis av menneske som hadde mista nær sagt alt dei eigde under krigen, og som skulle gå i gang med å byggje opp att livet sitt etter krigen. Samstundes var tilbakeføringa aldri berre ei økonomisk sak. Husværa, kleda, smykka, servisa, møblane og leikene var langt meir enn berre materielle verdiar. Dei var familieheimar, arvestykke, barndomsskattar, bryllaupsgåver og minne. Dei var ei tilknyting til ei tapt fortid og drepne familiemedlemer, og til ei kjensle av tryggleik, tilhøyrsle og normalitet.

Dette vert òg reflektert i vitnemåla til norske jødar som kom heim etter krigen. Sjølv om huset til Herman Sachnowitz vart ribba for innhald, fann han trøyst i å kome heim. «Ingen ventet meg her. Men på sett og vis var de nærmere nå, mine kjære, nærmere enn på lenge, og det ble her jeg tok den endelige avskjed med dem alle», skreiv Sachnowitz i memoarane sine.

Det er framleis mykje vi ikkje veit om tilbakeføringa. I det heile er norsk-jødisk liv i etterkrigstida lite kartlagt. Sjølv om tilbakeføringa ikkje er inkludert i dei fleste framstillingar av Holocaust i Noreg, er det på mange vis det siste kapittelet i denne historia.

Elise Barring Berggren

Elise Barring Berggren er historikar og gjesteforskar ved Jødisk Museum i Oslo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ingen av desse lovene handla spesifikt om jødisk eigedom.

Lovgjevarane tok ikkje omsyn til jødar fordi dei ikkje hadde ei klar opp­fatning om at dei trong å bli tekne særskilt omsyn til i utgangspunktet.

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis