Minneord

Øyvind Østerud (1944–2025)

Professor i statsvitskap Øyvind Østerud.
Publisert

Professor Øyvind Østerud døydde 23. juni, 81 år gamal, etter eit kort sjukeleie. Med han er ein sjeldsynt energisk og mangfaldig forskarprofil borte. Øyvind Østerud var ein av dei fremste i etterkrigsgenerasjonen av norske samfunnsforskarar – intellektuelt svolten og nysgjerrig, utettervend og urnorsk på same tid, personleg open og modig, ein sann ven og rettleiar. Glimt i auga hadde han òg, og han sette poesien til Stein Mehren høgt.

Han var ein av dei få i norsk statsvitskap som meistra alle underdisiplinane i faget: internasjonal politikk (som professoratet hans var utlyst i), politisk teori, offentleg politikk og administrasjon, komparativ politikk og politisk åtferd. Han gav viktige bidrag i alt. Denne faglege appetitten viste seg især i læreboka han gav ut i 1991, Statsvitenskap: innføring i politisk analyse, karakteristisk følgd opp av ei lita con amore-bok, Invitasjon til statsvitenskap, like etter. Fagleg glede, erkjenningstrong og formidlingstalent i kombinasjon – ein skal vera nokså tung i hovudet for ikkje å verta med på ferda.

Samanhengen er klar: Studiet av politikk føreset breidde og djupe historiske kunnskapar, eit ope sinn for variasjonar i tid og rom og systematisk innsamling av fakta. Kultursensitivitet òg. Filosofisk skarpsinn kjem godt med. Desse kjenneteikna viste seg også i stilen han la opp til som førelesar. Øyvind Østerud var sjeldsynt klår både som førelesar og skribent. Det var ein sann svir å følgja resonnementa hans mot alle former for pretensiøs tåketale: tanketomt dilldall forkledd som djupn. Les til dømes disseksjonen hans av tendensen i faget internasjonal politikk, inspirert av fransk postmodernisme, til å redusera studiet av makt til variasjonar av tekst.

Øyvind Østerud døydde same dagen som president Emmanuel Macron vitja Noreg, fyrste gong på 41 år ein fransk president kom på besøk. Det ville Øyvind Østerud ha likt, frankofil som han var. Far hans tok han med seg til Paris i 1958–59, der unge Øyvind høyrde Charles de Gaulle tale. Vi hadde mange diskusjonar om den ulukksalige Algerie-krigen, der brutalitet frå båe sider var legio (tortur i dei arabiske stroka i Oran hjelpte til med å knekkja den algirske frigjeringsfronten FLN, eit skamsår i fransk historie).

Ikkje tilfeldig vart den store sosiologen og filosofen Raymond Aron Østeruds faglege førebilete. Aron var ein av dei første som sa ifrå om at krigen i Algerie ikkje kunne vinnast og måtte avsluttast. Aron, med si historiske forankring, det realistiske grunnsynet og motet til å trå ut i ålmenta, tiltrekte Østerud. Det galdt også Arons eldskrift mot dei politiske pilegrimane på den totalitære venstresida (Opium for dei intellektuelle, 1955).

Tidleg streka Østerud opp dei faglege vegane sine. Bråmogen skeiv han på 1960-talet om ideologi i velferdssamfunnet (særleg synleg når vasskraftutbygging vart omtala som ideologifritt teknokrati) og Herbert Tingstens tese om at ideologiane var døde. Det var dei ikkje, dei berre kom attende i nye former, forkledde som uavvendelege utviklingstrekk i moderne samfunn. Lett kunne denne tenkinga utarte til antidemokratisk elitedans. Set ljos på trollet, så sprekk det! Det er underteksten her.

Så følgde ein periode med historisk sosiologi og nasjonsbyggingsteori der Stein Rokkan var inspirasjonen. Østerud, som Rokkan, såg ut over Europa, sjølv om Noreg for dei båe var heimland og ankringspunkt.

Østerud kan vel kallast ein slags nasjonalkonservativ, ein norsk gaullist som heldt fast ved nasjonalstaten som ramme for identitet og politikk utan å verta nokon heimføding – han lika å verta fortald at han skreiv godt nynorsk. Gløym ikkje at han kom frå landdistriktet kring Årnes og skreiv doktorgradsavhandlinga si om bondepolitikk i Skandinavia. Han sa ein gong at det intellektuelle høgdepunktet hans kom på realskulen på Eidsvoll landsgymnas.

Han skreiv djupt og perspektivrikt om eit Europa av nasjonar, og motstanden hans mot norsk EU-medlemskap fann især si rot i skepsisen mot å flytta norsk lovgjevingsrett utanlands.

Her kom det eit særs viktig berøringspunkt med analysen av «rettsleggjeringa» av politikken, eit hovudpunkt i den maktutgreiinga han leidde saman med Fredrik Engelstad til 2003: tendensen til å la ikkje-valde «aktivistiske» domarar utvida feltet for juridifisering og trengja ut politisk aktivitet og rettar, noko som i sin tur førte til ei fragmentering av folkestyret og ein avmektig stat. Det var især denne tendensen på europeisk nivå som uroa den kvilelause statsvitaren, som her fann ei samansmelting av fag og personleg meiningsdanning.

Østerud var i det heile ein sterk forsvarar av demokratiet. Det siste store prosjektet vi hadde saman, var ei bok om demokratiet og kritikarane av folkestyret.

Han var også ein offentleg intellektuell, alltid klar til å reisa viktige spørsmål i ålmenta, som då han tok opp kostnadene ved internasjonaliseringa av norske universitet. I kjølvatnet av maktutgreiinga hans kom det kritikk frå feministisk hald. Eg seier med Ibsen: då «gnistred hans øjne stygt», og då var det få som «uden frygt» kom Øyvind Østerud nær. Kontrollert i det ytre, varm og bevegande, og utolmodig vis-à-vis tåketale i det indre – det var Øyvind Østerud.