Overtramp om einsretting
Den viktige kritikken frå Jon Hellesnes mot politisk servilitet råkar betre om han ikkje samstundes bagatelliserer demokratiske verdiar.
Checkpoint Charlie fotografert i 1964. Kontrollen var total og totalitær, skriv Ottar Grepstad.
Foto: AP / NTB scanpix
Kommentar
grepstad@online.no
Jon Hellesnes har gitt ut ein pamflett om den opprustinga som han meiner Nato er drivkrafta til. Kritikken mot den vestlege krigs- og forsvarsalliansen er openbert viktig. Måndag 25. februar presenterte han hovudpoenga sine på eit møte i regi av Samlagsrota i Oslo til verbalt tonefølgje av Kjartan Fløgstad.
Utfordra av Fløgstad snakka Hellesnes seg inn i eit lengre resonnement om einsretting. Kanskje var innbyggjarane i gamle DDR mindre einsretta enn vi nordmenn er no, fordi dei måtte få tak i annan informasjon enn den offisielle, sa Hellesnes. Det er å romantisere opposisjon både empirisk og prinsipielt.
Ikkje ufarleg
Det var ikkje ufarleg å følgje med i vesttyske massemedium eller på sendingar frå dei amerikanske propagandastasjonane Radio Free Europe og Radio Liberty. Kontrollen var total og totalitær. Den som har vore på museet ved Checkpoint Charlie i Berlin, vil vite at det var forbode å selje dykkarutstyr i Aust-Berlin i DDR-åra. Folk skulle ikkje sleppe unna ved å symje på elvebotnen over til vest. Ein filosof på trygg avstand frå all slik meiningsstyring innanfor eigne landegrenser burde vise meir respekt for det alvoret kvardagen i DDR faktisk innebar.
Prinsipielt er utsegna eit argumentativt overtramp. Viss det var alternativ til einsrettinga i DDR, var det vel også det under den tyske okkupasjonen av Noreg, som i andre land der totalitære makthavarar og system har undertrykt innbyggjarane. Korleis er det han tenkjer når det er slike analogiar han bruker?
Omtrentlege analysar
Jon Hellesnes var nøye med å seie at han ikkje har nokon illusjonar om dagens Russland. Derimot var han omtrentleg i sine analysar av vestleg demokrati, godt støtta av ein Kjartan Fløgstad, som endå ein gong ironiserte over den frie pressa. Fløgstad har skrive vesentleg betre refreng enn dette. Mange av dei autoritetsargumenta Hellesnes bruker i boka (og brukte på møtet), har jo vore publiserte av den pressa ein så gjerne harselerer over.
Også der er demokratiet ei kulisse, sa Hellesnes om Russland, og med det «også» trur eg han viste til USA. Oligarkane styrer. Jamvel spissformuleringar bør vere gyldige og sannferdige. Putins regime praktiserer ein mediesensur og mediekontroll av ei heilt anna verd enn Trumps primitive åtak på kritikarane sine. I Russland forsvinn kritikarane, i USA gir dei ut bøker, tvitrar, blir intervjua og diskuterer på opne møte.
Den viktige kritikken frå Jon Hellesnes mot politisk servilitet råkar betre om han ikkje samstundes bagatelliserer demokratiske verdiar. I vår del av verda er den nordiske modellen for samfunnsstyring under press frå fleire kantar enn det som gjeld opprusting. Demokratiske styreformer bør ingen ta for gitt, heller ikkje ein klok samfunnskritikar som på eit møte i Oslo gjorde historiske erfaringar lettvinte for seg.
Ottar Grepstad er forfattar og litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Jamvel spissformuleringar bør vere gyldige og sannferdige.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.