Økonomi
Overskot i krisetid
Same kor mange pengar Erna Solberg pøser over oss, greier vi ikkje å tæra på formuen. Til og med under koronaen går Noreg med overskot.
Statsminister Erna Solberg på ein pressekonferanse om covid-19 saman med helsedirektør Bjørn Guldvog og helse- og omsorgsminister Bent Høie.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Lytt til artikkelen:
Få samfunnsøkonomar vil hevda at Erna Solberg har hatt god økonomistyring. Nesten same kva Frp, Venstre og KrF peiker på, seier Solberg ja. Det vil taka tiår før Høgre igjen kan skulda Ap for uansvarleg økonomistyring.
Under koronaen har det vore ekstra ille. Solberg har til dømes gjeve tre milliardar til Norwegian, eit selskap som alle kunne sjå var konkurs. Ja, ho har attpåtil lova ein skipstunnel som subsidierer kvar båt med 26.000 per passering, skal vi tru Finansdepartementet. I tillegg har ho som den fyrste statsministeren i etterkrigstida nær konsekvent auka pengebruken i reviderte statsbudsjett. Ho deler altså ut gåver ikkje berre éin, men to gonger i året. Men her kjem paradokset: Ikkje eingong Solberg maktar å nytta alle pengane som kjem inn.
Bruttonasjonalproduktet seier noko om kor mykje vi skapar, kor mykje vi produserer av varer og tenester. Bruttonasjonalinntekt (BNI) seier noko om kor mykje vi tener. BNI er det vi får betalt for det vi lagar og hentar ut av naturen. Veldig enkelt sagt fortel BNI oss noko om kor mykje vi som nasjon får inn på konto gjennom ein periode. 1 prosent av BNI gjev vi til utlendingar og til Terje Rød-Larsen i utviklingshjelp. Resten kan vi nytta til å kjøpa oss ting.
Og det er det Solberg har prøvt å få oss til å gjera. Ho har gjeve pengar til Petter Stordalen, permitterte, trygda, alderspensjonistar, ja, nesten alle har på eit eller anna vis fått ekstrapengar frå Solberg. Skatte- og avgiftsletten nyt vi alle godt av. Det syner att i nasjonalrekneskapen. Førre veke la Statistisk sentralbyrå (SSB) fram tala for tredje kvartal, som i praksis er tala for sumaren, ein sumar då særleg Distrikts-Noreg skulle gå konkurs på grunn av manglande turisme. Betalingsbalansen mot utlandet er det som fortel oss om ein nasjon samla, både offentleg og privat sektor, sparer eller tærer på formuen. Betalingsbalansen gjekk i pluss. Igjen. Som det står alt i ingressen i saka SSB har laga om tala: «Disponibel inntekt, som viser hva landet har igjen til konsum og sparing, vokste hele 9,8 prosent.»
11.700 til kvar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.