Over og ut for pelsdyravl
NORANGSFJORDEN: Noregs einaste lønsame landbruksnæring skal leggjast ned. Heretter skal Kina produsera revepelsane.
Svein Arne Øye (til høgre) og Jon Arne Nordang produserer skinn av mink og rev på Øye ved Norangsfjorden. No må dei overlata marknaden til utanlandske produsentar.
Foto: Knut Hustad
Nordmenns tilhøve til dyr er ikkje alltid så lett å forstå. Tak katten. Vi kastrerer, steriliserer og slår i hel store mengder kvart einaste år. Katten er òg det største trugsmålet vi har mot fugl. Norske kattar tek rundt 10 millionar fuglar kvart einaste år. Hunden er på si side så hardt avla og selektert at sjukdomane står i kø: hofteledd, pustesystem, auge. Kvart år vert tusenvis tekne med til dyrlækjaren for avliving. Kva gjer vi så med dei daude skrottane? Ingenting vert utnytta.
Om vi derimot nyttar dyr til pels, ja, vi veit korleis vi stiller oss til det. Frå 2025 innfører vi eit forbod, som om vi skal tru ein offentleg rapport, fører til at staten kan måtte betala sju milliardar kroner i erstatning samstundes som vi tapar ei potensiell valutainntekt på opp mot 500 millionar i året.
Enorme inntekter
I 1913 importerte skipsreiar Arne Christensen det fyrste sylvrevparet til Noreg. Han betalte heile 60.000 kroner for det canadiske paret. Det vart starten på ei utruleg suksesshistorie, som delvis avløyste ei anna, nemleg turismen. Før fyrste verdskrigen var Norangsdalen på Sunnmøre ei av Noregs rikaste bygder. Kongehusa i Europa hadde av ein eller annan grunn fått sansen for norske fjordar. Både den tyske keisar Wilhelm og dronning Wilhelmina av Nederland nytta staden og hotella der som fast feriestad, og bøndene hadde gode tider. Men etter krigen var det langt på veg slutt. Krigen førte til at den frie rørsla vart redusert og kongehusa desimert. Bøndene måtte finna seg noko anna å gjera.
På Vartdal, grannekommunen til Hjørundfjorden, heldt Ole Erdal til. Han og fleire andre sunnmøringar kjøpte etterkomarane av det fyrste paret til Christensen. Dei gav opp mot 12.000 kroner per par. Det var ikkje nett lite pengar. Årsbudsjettet til Vartdal kommune låg på 30.000 kroner. Investeringa vart ei av Noregs mest lønsame. I gode år tente Erdal 120.000 kroner. Suksess har det med å avla suksess. Sunnmøre vart det norske episenteret for pelsdyrproduksjon. I 1940 var produksjonen komen opp i 500.000 skinn i det vesle gamle futedømet.
Toppåret for Noreg samla kom i 1969. Då produserte vi 3,2 millionar skinn for verdsmarknaden, og næringa var ei av Noregs største eksportgreiner. Men i 1969 fann vi også olje, og borna til pelsdyravlarane fann arbeid i den stadig veksande oljenæringa. Nokre har likevel halde ut. To av desse er Svein Arne Øye og Jon Arne Nordang. Dei produserer skinn av både rev og mink. Øye har pensjonert seg, men arbeider framleis med pelsdyra. Nordang har ti år att før han kan heva alderstrygd. Dei held til på Øye nede ved Norangsfjorden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.