Ortega og dei knuste ideala
Nicaragua er eit døme på revolusjonen som åt borna sine. Ein maktsjuk caudillo av det klassisk latinamerikanske slaget har vakse ut av revolusjonshelten Daniel Ortega.
Nicaragua denne sommaren er eit godt døme på den gamle innsikta at makt korrumperer, og absolutt makt korrumperer absolutt.
Foto: Moises Castillo/AP/NTB scanpix
Av og til går historia i ring – eller tek seg opp att. Som tragedie, ikkje som farse. Nicaragua denne sommaren er eit godt døme på den gamle innsikta at makt korrumperer, og absolutt makt korrumperer absolutt. Kan hende er det eit og anna å læra her for framtida?
Eg har sjølv ei historie av ein viss relevans her. I 1984 fekk CMI (Chr. Michelsens institutt) eit oppdrag frå Norad. Lenge hadde det gått ein debatt om kva slags rørsle FSLN-sandinistane var, dei som hadde styrta tyrannen Anastasio Somoza Debayle i ein folkeleg revolusjon 19. juli 1979. Somoza-diktaturet hadde vara i over 40 år.
Og kva slags samfunn tok dei revolusjonære sikte på å byggja? Var sandinistane genuine demokratar? Eller ulvar i fåreklede, altså folk som berre var fasadedemokratar, venstrepopulistar som bak eit verbalt liberalt-konstitusjonelt ytre tok sikte på å skipa eit venstrediktatur á la Cuba gjennom folkeleg mobilisering?
Alle såg at FSNL var ei blanding av marxisme, tredje verda-ideologi, frigjeringsteologi og antiamerikanisme. Men kva bestod dette blandingstilhøvet i? Og hadde dei unge revolusjonære sans for meiningsmangfaldet?
DEMOKRATIAGENT
Norad var budd på å stø organisasjonar og rørsler som kunne styrkja det vaknande demokratiet i landet. Dei ville ha direkte observasjon, og den spansktalande Jan Egeland og eg vart sende ned.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.