Miljø
Går god for giftløyvet til oppdrettarane
Dei ekstreme nivåa av gifta tralopyril i sjøbotnen viser ikkje at godkjenninga av stoffet var feil, meiner seksjonsleiar Anne Line Filtved i Miljødirektoratet.
Faksimile frå Dag og Tid 7. november.
Dag og Tid fortalde sist veke om giftstoffet tralopyril, som blir brukt til å impregnere nøtene i oppdrettsmerdar for å hindre tilgroing. Ifølge produsenten skulle stoffet brytast raskt ned i vatn. Norsk institutt for vassforsking (Niva) har funne ekstremt høge konsentrasjonar av tralopyril i botnen ved oppdrettsanlegg og notvaskeri – opptil 120.000 gonger det nivået Niva rekna som trygt. Stoffet er òg funne i krepsdyr, muslingar og fisk. Konsekvensane for livet i sjøen er ukjende. I fjor brukte oppdrettsnæringa 108 tonn tralopyril til impregnering, og mykje av dette lek ut i sjøen.
Godkjenninga av stoffet tralopyril stammar frå EU-systemet for regulering av biocid, medan Miljødirektoratet godkjenner produkt med tralopyril i Noreg. Kva tenker direktoratet om dei ekstreme funna? Dag og Tid spurde Anne Line Filtved, leiar for kjemikalseksjonen.
– Vi synest ikkje det er hyggeleg at Niva har funne stoff som vi ikkje ønsker i miljøet. Det er urovekkande, seier Filtvedt. Ho veit ikkje korleis Niva har kome fram til at konsentrasjonane var opptil 120.000 gonger trygge nivå. Ifølge Miljødirektoratet er dei målte nivåa mindre giftige for livet i sjøen enn det Niva meiner.
– Oppfylte kriteria
– Ein viktig premiss for godkjenninga av tralopyril var at det skulle brytast raskt ned i vatn. Funna til Niva viser at dette ikkje stemmer i praksis. Er godkjenninga gjeven på feil premissar?
– Nei. Vi godkjenner stoff etter kriteria i biocidforordninga til EU. Testane som er lagde til grunn, viser at stoffet blir brote ned i naturen. Det produsenten har oppgjeve om tralopyril, oppfylte kriteria for godkjenning, seier Filtvedt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.