Klima
Store spørsmål, små steg
At USA held seg borte frå klimatoppmøtet, treng ikkje øydelegge utfallet. – Klimakampen går først og fremst føre seg i kvart enkelt land, fortel Bård Lahn.
Tida er knapp, åtvarar klimaaktivistar under klimatoppmøtet i Belém nordaust i Brasil. Mange av statsleiarane dei kler seg ut som, er ikkje til stades under møtet.
Foto: Adriano Machado / Reuters / NTB
1,5 gradars oppvarming. Det var målet då verdas land blei samde om Parisavtalen for ti år sidan. Det kan synast lenge sidan no. Då det årlege klimatoppmøtet i Brasil – COP 30, som det formelt heiter – starta måndag, måtte sjølv FNs generalsekretær António Guterres medgi at vi er i ferd med å passere 1,5-gradarsmålet. Mange medlemsland har nølt med å melde inn utsleppskutt, og statsleiarar som Xi Jinping, Vladimir Putin og Donald Trump glimrar med sitt fråvær.
– Klima er ikkje like høgt på agendaen no som for ti år sidan, fortel Bård Lahn.
Han er førsteamanuensis ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved Universitetet i Oslo og forskar på internasjonal klimapolitikk. Måndag gav han ut boka Hvem bestemmer over klimaet?, om korleis klimapolitikken har utvikla seg fram til i dag.
– Entusiasmen som breidde seg etter Parisavtalen, er i stor grad borte. I dag er bakteppet annleis. Det er fleire geopolitiske spenningar, som krigen i Ukraina, handelskrig og ei sterkare kjensle av proteksjonistisk konkurranse, i dag enn for ti år sidan.
– Toppdiplomaten som leiar klimaforhandlingane, André Corrêa do Lago, indikerte måndag at rike land sakkar akterut i kampen mot klimaendringane. Han meinte i staden at Kina har tatt over leiarskapen. Har han rett i analysen?
– Det er heilt rett at Kina på mange område har tatt over ein leiarskap som USA og andre rike land burde tatt. I dag finst det to former for klimaleiarskap. Den første er den teknologiske. Her er Kina i tet. Rett nok har dei ikkje klart å få til ein nedgang i eigne utslepp enno, men dei bygger ut nesten dobbelt så mykje solenergi som resten av verda til saman. Dei leiar òg an i å utvikle ny energiteknologi. Det er ein enorm vekst i fornybarindustrien i Kina, og det kan få mykje å seie for utviklinga framover.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.