Samfunn

Nynorsk i spel i Rogaland

SJERNARØY: Nynorskbruken i skulen går tilbake over heile Rogaland. No avgjer stavanger­politikarane om målforma skal avviklast i skulen i Sjernarøy.

Fredrik Hetland Granberg har barn på skulen og i barnehagen på Sjernarøy og er blant pådrivarane for at oppvekstsenteret skal byte målform.
Publisert Sist oppdatert

«Skulemålet er tolleg avgjerande for nynorsken i landet», heitte det i Målreising 1967, debattboka som vart arbeidsprogrammet for Noregs Mållag i ei viktig tid.

Redaktør for boka var rogalendingen Berge Furre, som 14 år før hadde vore med å stifte det fyrste ungdomsmållaget i Oslo og jobba for betre kår for nynorsk i osloskulen.

Furre voks opp på øya Bjergøy, ei av sjernarøyane i Ryfylke, der nynorsken har vore einerådande i skulen sidan 1903, ifølgje Stavanger Mållag.

No kan det derimot gå mot slutten.

Samstundes med stortingsvalet tidlegare i haust, vart det i Sjernarøy halde rådgjevande folkerøysting om målform ved oppvekstsenter på øygruppa, og resultatet gjekk i favør av bokmål.

9 av 10 ville byte

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement