JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ortega og dei knuste ideala

Nicaragua er eit døme på revolusjonen som åt borna sine. Ein maktsjuk caudillo av det klassisk latinamerikanske slaget har vakse ut av revolusjonshelten Daniel Ortega.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nicaragua denne sommaren er eit godt døme på den gamle innsikta at makt korrumperer, og absolutt makt korrumperer absolutt.

Foto: Moises Castillo/AP/NTB scanpix

8625
20180824
8625
20180824

Av og til går historia i ring – eller tek seg opp att. Som tragedie, ikkje som farse. Nicaragua denne sommaren er eit godt døme på den gamle innsikta at makt korrumperer, og absolutt makt korrumperer absolutt. Kan hende er det eit og anna å læra her for framtida?

Eg har sjølv ei historie av ein viss relevans her. I 1984 fekk CMI (Chr. Michelsens institutt) eit oppdrag frå Norad. Lenge hadde det gått ein debatt om kva slags rørsle FSLN-sandinistane var, dei som hadde styrta tyrannen Anastasio Somoza Debayle i ein folkeleg revolusjon 19. juli 1979. Somoza-diktaturet hadde vara i over 40 år.

Og kva slags samfunn tok dei revolusjonære sikte på å byggja? Var sandinistane genuine demokratar? Eller ulvar i fåreklede, altså folk som berre var fasadedemokratar, venstrepopulistar som bak eit verbalt liberalt-konstitusjonelt ytre tok sikte på å skipa eit venstrediktatur á la Cuba gjennom folkeleg mobilisering?

Alle såg at FSNL var ei blanding av marxisme, tredje verda-ideologi, frigjeringsteologi og antiamerikanisme. Men kva bestod dette blandingstilhøvet i? Og hadde dei unge revolusjonære sans for meiningsmangfaldet?

DEMOKRATIAGENT

Norad var budd på å stø organisasjonar og rørsler som kunne styrkja det vaknande demokratiet i landet. Dei ville ha direkte observasjon, og den spansktalande Jan Egeland og eg vart sende ned.

Vi kom til eit land i djup konflikt. Oppgåva vår var å intervjua folk frå ulike parti for om mogleg å leggja grunnen for støtte til organisasjonar som ville ha demokratiske val og fleirpartistyre basert på ei demokratisk grunnlov.

Alt på flyplassen slo ideologien mot oss: digre propagandaplakatar av Sandino og José Marti. Nokså ubehageleg. Dei som på den tida flaug til Nicaragua med Aeroflot via Moskva og Havanna, hadde sett same type plakatar med Marx, Lenin og Castro.

Med eitt slo det oss at sandinistane hadde eit uklart omgrep om staten som noko anna enn ein partihage. Vi såg eit sandinistisk politi og ein sandinistisk hær. Samanblanding av stat og rørsle? Ubehageleg.

Noreg hadde alt sendt papir for å stø opposisjonsavisa La Prensa, som var truga med stans, og Haag-domstolen hadde dømt USA for å mineleggja hamnene i landet – ein dom som USA berre hadde forakt for, sjølvsagt, noko som utanriksminister Svenn Stray ikkje tok klart avstand frå.

Revolusjonen i Nicaragua var midt i eit internasjonalt spenningsfelt som seinare skulle enda med contras-mobiliseringa nord i landet med direkte pengebidrag frå Reagans USA. Eg var då leiar for programmet for menneskerettsstudiar ved CMI, og dermed skamlaust medlem av det Terje Tvedt kallar det «humanitært-menneskerettslege komplekset». Vi var alt i gang med noko så politisk ukorrekt som på oppdrag frå Departementet for utviklingshjelp å gje ut årbøker der vi tok for oss menneskerettssituasjonen i dei norske samarbeidslanda.

I ein viss forstand er det rett å kalla oss forskarar som dreiv politikk. Målet var klart og heilt openbert: gjennom norsk bistand å fremja demokrati i u-landa.

BRENNBART

Men det var ikkje lett. Då dei fyrste årbøkene kom ut i 1983/84, merka vi snøgt at departementsfolk av Kerala-generasjonen – etter det fyrste norske bistandsprosjektet i den indiske provinsen Kerala på femtitalet – ikkje såg med blide auge på menneskerettsrapportering.

Under reaksjonen låg det ein peikefinger: Kva rett hadde vi i Vesten til å irettesetja u-land for brot på menneskerettane? Vesten med så mykje blod på hendene etter kolonialisme, folkemord og utbytting?

Vi svara med å peika på Noregs relativt imperialismefrie fortid og meinte ein slik tankegang gav frilisens til overgrep under dekke av å vera eit «progressivt» regime. Vi skulle merka denne mentaliteten seinare, i Nicaragua.

IDEALISMEN

Den norske Latin-Amerika-kjennaren Vegard Bye, som var i Nicaragua i 1979, fangar godt inn den idealistiske starten den gongen. I Bistandsaktuelt skildra han nyleg kombinasjonen av ungdomsopprør med ideal av sosial rettferd, fridom og politisk deltaking, alfabetiseringskampanjar og kollektiv FSLN-leiing. Sandinistfronten var styrt av ni mann, med Daniel Ortega som president. Revolusjonen tok sikte på å læra bøndene å skriva og lesa, omfordele jorda og byggja opp eit fungerande helsestell. Sandinistane gav ein heil generasjon von om eit betre liv, skriv Bye. Og dei ni commandantes inspirerte tilsvarande rørsler i nabolanda El Salvador og Guatemala.

I dag er det lett å sjå at mykje av solidaritetsarbeidet var utslag av god gamal revolusjonsromantikk, kan hende med røter til Paris 1968. Forståeleg nok.

Men kva gjekk gale? Korleis kunne ein slik start enda som eit korrumpert, valdeleg og undertrykkjande maktapparat under Daniel Ortega?

SVAK STATSBYGGING

Årsakene til denne forfallshistoria kan liggja i at sandinistane ikkje fekk til å byggja sterke statsinstitusjonar. Mykje av skulda må leggjast på den CIA-finansierte contras-krigen, som i meir enn ti år førte med seg store tap av liv og stadige åtak på kooperativ og infrastruktur. Økonomien vart øydelagd, og dei ytterleggåande kreftene i sandinistregimet fekk overtaket.

Så vil nokon seia: Kvifor lefla sandinistane med sovjetinspirerte land og kontaktar, slik at dei dermed la seg i skotlina i den kalde krigen? Det var ikkje Sovjet som var idealet, sjølv om det var enkelte commandantes, blant dei Sergio Ramirez, som beundra Sovjet-blokka og stod DDR nær. Men det var Cuba som var idealet til sandinistane. Men frå Cuba kom ikkje noko demokratisk ideal.

VENSTREKRITIKK

Valet i 1984 var på god veg til å kunna kallast legitimt. Men det hadde mørke sider òg. I vårt team hadde vi ein antropolog, Stener Ekern. Antropologar er gode til å leggja øyra til bakken. Ekern peika på at sandinistane trakasserte veljarar i gatene ved hjelp av las turbas-gruppene sine, ein slags provokatørar, særleg nord i landet.

På atlanterhavskysten, i Puerto Cabezas, oppdaga vi at sandinistane hadde gjort seg skuldige i grove overgrep mot dei lokale miskitoindianarane, og vi rapporterte det. Så vart vi skulda av SV-arar heime for å undergrava sandinistane under dekke av å vera menneskerettsrapportørar.

Underteksten syntest å vera at slik kritikk kunne svekkja freistnadene på å byggja opp eit progressivt regime i Managua. Det skjedde ved å gje ammunisjon til høgrekreftene.

ORWELL I NICARAGUA

Nokre av oss fekk då ein historisk déjà vu: var det ikkje slik venstresida møtte George Orwells klassiske skildring frå Barcelona i 1937, Homage to Catalonia? I den boka ville han avsløra korleis kommunistane dreiv Stalins innanrikspolitikk under borgarkrigen. Metoden var å knusa anarkistane og trotskistane, Stalins motstandarar. Ein borgarkrig innanfor borgarkrigen.

Orwell hadde møtt same kritikk i London: Ikkje kritiser Sovjet, for det stør fascistane. Orwells svar var utvitydig: Du kan ikkje vera antifascist utan å vera antitotalitær.

ORTEGA TILBAKE

I 1990 hadde folk fått nok av krigen og valde Violeta Chamorro til president. I 2006 kom Daniel Ortega attende som president, no sponsa av den bolivariske presidenten Hugo Chavez i det då rike oljelandet Venezuela. I 2018 kalla Ortega seg framleis sandinist, men nesten alle av dei gamle stridsbrørne hans hadde då forsvunne. Dei meiner han har falle revolusjonsideala i ryggen.

Vegard Bye summerer opp: I staden for å fremja folkeleg deltaking har regimet forfalle til å bli ein slektning av Somoza-dynastiet som Ortega kjempa mot på 1970-talet.

Valfusk, maktmisbruk, valdelege gjengar à la 1980-talet i gatene, pakter med dei mest reaksjonære delane av det nicaraguanske borgarskapet, partnarskap med kyrkja om den mest restriktive abortlovgivinga i verda... Ortega har overlate mykje av makta til kona Murillo, som er visepresident. Meir og meir kjem konturane av eit einevelde fram.

DANMARK UT

For tida fasar den danske bistandsorganisasjonen Danidas ut hjelpeprogramma sine i landet. Danskane er klare på at ekteparet Ortega/Murillo sidan 2006 har delteke i valsvindel, deling av makt og skamlaus opportunisme. FSNL er redusert til eit privat maktapparat for ekteparet.

Illusjonen om at Ortega var noko anna enn ein klassisk latinamerikansk caudillo, er no borte. Det heile viser ein politisk kultur godt skildra av Gabriel Garcia Marquez i Hundre års ensomhet.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og Høyskolen Kristiania og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I dag er det lett å sjå at mykje av
solidaritetsarbeidet var eit utslag av god gamal revolusjonsromantikk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis