Kommentar

Om paradis og helvete

Oscar-vinnaren The Zone of Interest er eit forsøk på å skjøne korleis mange kunne sjå Nazi-Tyskland som eit godt samfunn.

Leirkommandanten i Auschwitz og familien har funne sitt eige «paradis» ved porten til helvete i den Oscar-vinnande filmen The Zone of Interest. Men lydar og lukter finn vegen over gjerdet.
Leirkommandanten i Auschwitz og familien har funne sitt eige «paradis» ved porten til helvete i den Oscar-vinnande filmen The Zone of Interest. Men lydar og lukter finn vegen over gjerdet.
Publisert Sist oppdatert

På overflata handlar han om korleis kommandanten i Auschwitz, oberstløytnant Rudolf Höss, og kona Hedwig lever dagleglivet sitt i eit vakkert hus like ved konsentrasjonsleiren. Dei trivst godt, Hedwig vil ikkje flytte derifrå. Filmen er urovekkande på mange plan. Eitt av dei er korleis lydkulissane i bakgrunnen byggjer opp ei usagd soge om terror og massedrap: Vi ser ikkje, men vi høyrer, og anar. Eit anna døme på det som ikkje vert uttalt, er ei scene frå byen Oświęcim der ei kvinne stenger eit vindauge. Openbert fordi lukta frå forbrenningsomnane i dødsleiren vert for sterk. Ingenting vert sagt, men vi forstår.

Det vi ikkje forstår, er kvifor og korleis Hedwig og Rudolf Höss trivst så godt i Auschwitz. Det er ikkje til å forstå. Vi skal ikkje forstå slikt. Eller er det mogeleg å forstå Rudolf Höss?

Ein grunngjeven roman

Filmen byggjer på ein roman av den britiske forfattaren Martin Amis. Boka kom i 2014 og handlar om mykje meir enn ekteparet Höss. Mellom anna gjev tittelen, «Interessesona», meir meining for romanen enn for filmen sin del. For Angelus Thomsen, ein av hovudpersonane som ikkje opptrer i filmen, arbeider med å etablere ei stor industriverksemd i området (interessesona). Eitt av temaa i boka er at verksemda skal bruke straffangar, krigsfangar og jødiske fangar for å etablere ein fabrikk som skal produsere syntetisk gummi. Der skal dei som ikkje vert gassa i hel, arbeide seg i hel.

Filmen er berre lausleg bygd på romanen. Dei framstår som to heilt ulike forteljingar om det same brotsverket. Likevel er bakteppet det same, og boka inneheld noko såpass uvanleg som ein kommentert gjennomgang av dokumentarlitteraturen Amis har lagt til grunn. Regissør Glazer er meir tru mot Amis’ kommentarar enn mot sjølve det skjønnlitterære verket.

«Paradis»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement