Om det norske og det samiske (3)

Kunstlivet er blitt ein viktig arena for urfolkskampen til samane, men korleis står det til med presisjonen? Har omgrepet «urfolk» djupt problematiske røter i kolonitida?

Kunstnaren Máret Ánne Sara stilte ut verket «Pile o’Sápmi Supreme» med 400 reinskallar framfor Stortinget i 2017.
Kunstnaren Máret Ánne Sara stilte ut verket «Pile o’Sápmi Supreme» med 400 reinskallar framfor Stortinget i 2017.
Publisert Sist oppdatert

XI

Om harde vitskapar som arkeologi, juss og genetikk blir påverka av den etniske dimensjonen, seier det seg sjølv at det same kan skje på kulturfeltet. Det er naturleg, ja, litt av vitsen, at kunst og kultur skal ta opp i seg og tolke konfliktar, ta tak i vanskelege spørsmål og gjerne få oss til å sjå ting på nye måtar.

Kunsten skal vere fri, men samstundes, eller kanskje nett derfor, blir ulike typar politisk ideologi ofte dominerande. Det er forståeleg, for ideologiar trengst for å skjøne verda, og lovnadene deira om frigjering frå gamle strukturar gir mange håp om noko anna, om at endring frå det som er urettferdig og destruktivt, er mogleg. Samstundes kan ideologiar føre til at mange ser verda gjennom dei same brillene. Frigjeringa slår over i ein ny dogmatikk, i nye reglar og gruppetenking. På 1970-talet stod til dømes marxistisk teori sterkt, deretter den ironiske postmodernismen.

I dag er identitetspolitikk, postkolonial teori, dekolonialisering, kapitalismekritikk og ulike grøne/økologiske rørsler knytte til naturkrise og global oppvarming, assosierte med venstresida. Urfolksproblematikk treffer midt i blinken ved at han sameinar nesten alle desse problemfelta. Antiglobaliseringsrørsla spela òg ei rolle inntil for ti år sidan, men derfrå har det blitt heilt stille, det er som om denne rørsla er blitt kvelt av nyliberalismen. Urfolk har ofte ei ganske uimotståeleg tiltrekkingskraft for mange aktivistar, kunstnarar og kuratorar – og folk som meg.

Periferien syg på null tid til seg ordbruken og tenkemåtane som blir skapte i sentrum. Dermed dukkar dei same argumenta og engelskspråklege formuleringane ofte opp – anten debatten går føre seg på den andre sida av jorda eller i Noreg, anten han handlar om aboriginar, amerikanske urfolk eller samar. Utslaga er nokre gonger positive (større merksemd kan verne mot overgrep), andre gonger er dei parodiske.

Hausten 2021 publiserte NRK podkastserien om Samenes historie. Alt før serien var ferdig, blei det debatt, og han varte i mange månader, på nettstader som Khrono, Nordnorsk debatt eller facebookgruppa «Indigenous people are joining forces». NRK-serien var meint å få fram noregshistoria frå eit samisk perspektiv, og leiande historikar på ulike felt, norske og samiske, var inviterte til å delta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement