Oljefondet

I fjor tente Oljefondet omtrent 1000 milliardar på aksjar åleine. I september passerte det for fyrste gong 1 billion amerikanske dollar.

Oljefondet har blitt ein storeigar i dei kjende handlegatene Regent Street og Oxford Street i London. Her frå hjørnet mellom dei to gatene.
Oljefondet har blitt ein storeigar i dei kjende handlegatene Regent Street og Oxford Street i London. Her frå hjørnet mellom dei to gatene.
Publisert

Av og til må det vera lov å nytta ein klisjé, særleg når det gjeld Oljefondet: Det har vore litt av ei reise! Førre veke kom årsrapporten til Oljefondet – eller oljefond og oljefond, fru Blom. Av ein eller annan merkeleg grunn kallar Oljefondet seg Statens pensjonsfond utland, og det sjølv om ikkje ei krone av Oljefondet er bunde opp til pensjon. Eit meir rimeleg namn hadde vore Statens salderingsfond utland, sidan Oljefondet går til å finansiera underskota på statsbudsjett. I alle høve: Her kallar vi Oljefondet nett Oljefondet.

Oljefondet er så stort at det nesten ikkje er til å forstå. Men vi skal gjera ein freistnad. Fyrst må vi likevel koma med litt metakritikk. Årsrapporten er fylt av fjordbilete sjølv om ikkje éi krone av fondet er investert i Noreg. Rett nok kan vi ikkje vita om bileta er frå Noreg, sidan det ikkje står noko om kvar bileta er tekne.

8,5 billionar

Så tala: Då klokka slo midnatt den 31. desember 2017, var verdien på Oljefondet 8.488.454.661.933 kroner, eller snautt 8,5 billionar, og alt er altså investert i utlandet. Om vi legg til alt det andre staten eig av finanspapir her heime, passerer vi 11.000 milliardar i statleg finansformue, som vert omtrent 2 millionar per innbyggjar.

Finansdepartementet vil rett nok ha oss til å tru at det ikkje er mykje pengar, for dei seier at kvar innbyggjar i Noreg i gjennomsnitt representerer 14 millionar kroner i nasjonalformue. Eit så høgt tal kjem det til ved å inkludera noko dei kallar humankapital, som dei set til 10,5 millionar kroner. Humankapital er tenk-på-eit-tal, det er det Finansdepartementet trur vi kan tena inn i gjennomsnitt i framtida. Men framtida kjenner ingen. Finanskapital er derimot noverdien av det vi kan selja, det er fuglen vi har i handa.

Det vi òg kan slå fast, er at ingen demokrati har så mykje investert i utlandet som Noreg. Til og med amerikanarar vert nok imponert om vi fortel dei at den 19. september 2017 passerte fondet 1000 milliardar dollar. 66,6 prosent av fondet er investert i aksjar, 30,8 prosent er investert i rentepapir, og 2,6 prosent er unoterte eigedomsinvesteringar. I røynda er eigedomsinvesteringane mykje høgre, sidan aksjeselskap òg eig eigedom, men det skal vi lata liggja her.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement