Økonomi

Vona ligg i enden av regnbogen

Kommunereforma vart særs dyr. Ein eller annan gong lenge etter at dei ansvarlege har gått av, må rekninga gjerast opp.

Statsråd Jan Tore Sanner (H) då han la fram kommunereformene våren 2017, ei av dei dyrarare reforma i noregshistoria.
Statsråd Jan Tore Sanner (H) då han la fram kommunereformene våren 2017, ei av dei dyrarare reforma i noregshistoria. Statsråd Jan Tore Sanner (H) då han la fram kommunereformene våren 2017, ei av dei dyrarare reforma i noregshistoria.
Publisert

Nyårsdag 2020 vart kommunane Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy slegne saman til Ålesund kommune. Det har skapt misnøye, og misnøye i dag gjev seg uttrykk på sosiale medium. «Folkeopprør mot urimelige kommunale avgifter/eiendomsskatt Ålesund kommune» heiter ei gruppe som har fått 6000 medlemar. Der er folk sinte, og dei nyttar STORE BOKSTAVAR! Frustrasjonen handlar i stor grad om at dei kommunale avgiftene har gått opp. Men at avgiftene går opp, er diverre ikkje til å unngå etter samanslåingar. Det kommunale etterslepet på kloakk og vatn er til dømes svært ulikt utover landet. Særleg små kommunar har akseptert ein lægre standard enn meir sentrale kommunar. Men lova er klar: Kommunar kan ikkje ha ulikt avgiftsnivå. Når ein sentral kommune med låge avgifter tek til seg ein kommune med låge avgifter og utdatert vass- og kloakksystem, stig avgiftene båe stadar om standarden skal verta sams.

Også eigedomsskatten skal vera lik, men her slepp av byråkratiske grunnar Ørskog og Haram denne skatten inntil vidare. Ikkje alt var på plass før samanslåinga vart gjennomført. At nokre må betala og andre ikkje, skapar òg misnøye. Men det som skapar mest misnøye, er det faktum at samanslåingsreforma til Jan Tore Sanner ikkje fører til innsparingar. Men det var reforma heller ikkje meint å gjera. Ho skulle skapa «robuste» kommunar med høgre kompetanse, men ho skulle ikkje føra til lægre pengebruk. «Den norske kommunereformen er ikke en sparereform», som statssekretær Grete Ellingsen (H) i Kommunaldepartementet sa det i 2017.

Forståeleg

At reforma ikkje skulle vera ei sparereform, er forståeleg. For sjølv om nye kommunar no har fått ei rekkje leiarar og mellomleiarar som driv med dobbeltarbeid, hadde reforma vore mykje mindre populær om ho hadde ført til storstilte oppseiingar. Slik tenkjer ikkje medlemane av Facebook-gruppa på Sunnmøre. Til dømes har den nye rådmannen no fått ei stor gruppe som arbeider under rådmannen. Særleg ei kort nyhendesak i Sunnmørsposten har irritert mange. I artikkelen står det: «De tre rådmennene som ikke er på lista – Liv Stette i Ålesund, Turid Hanken i Haram og Anny Sønderland i Sandøy, har gjennom kartleggingssamtaler formidla at de ikke har som primærønske å gå inn i ei lederstilling. De tre vil få tilbud om spesialrådgiverstillinger under rådmannen innen fagområda organisasjonsutvikling og samfunnsutvikling, heter det.» Spesialrådgjevarstillingar plar, som vi veit, vera ei retrettstilling der ein får halda på gamal løn, men slepp personalansvar.

Det er heller ikkje slik at den nye kommunen har fått færre politikarar. Kommunestyret i Ålesund tel no 77 personar, om lag halvparten av talet på stortingsrepresentantar. Desse 77 har ikkje synt stor sparsemd før samanslåinga. Sanner sette – sjølv om det tidleg var visse planar om restriksjonar – ikkje eit tak på meirforbruk før reforma. Difor har ein del kommunar som rekna med å verta slegne saman med andre, auka forbruket rundt omkring i landet.

Under leiing av professor Jostein Askim ved Universitetet i Oslo såg ei gruppe i fjor på korleis kommunane har handla etter at reforma vart lansert i 2014. Dei finn at kommunane verkeleg har handla og investert. Funna var ikkje uventa: «Det er for øvrig helt i samsvar med forskning fra flere land, bl.a. Sverige og Finland: Fra det blir kjent at det blir en kommunereform til de nye kommunestyrene er på plass, investerer nedleggingstruede kommuner i større, flere og andre prosjekter enn de ellers ville gjort», sa Askim til Aftenposten i oktober i fjor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement