JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Verda er ikkje rettvis

I 2021 auka den norske formuen i utlandet med 2000 milliardar. I 2022, mykje på grunn av Putins invasjon av Ukraina, kjem vi til å tena langt meir pengar enn nokon gong før.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Condeep-plattforma Troll A står på 303 meters djup i Nordsjøen og er 472 meter høg. Trollfeltet er største gassfunnet i Nordsjøen, med om lag 40 prosent av dei samla gassreservane på norsk kontinentalsokkel. Gjeve prisen på olje og gass som Ukraina-krigen har ført med seg, kan 2022 verta eit nytt unikt år i norsk økonomisk historie.

Foto: Øyvind Knoph Askeland, Norsk olje og gass

14702
20220311

Fakta

Nasjonalinntekta vår gjekk opp med 24 prosent i 2021.

Utlandsformunen vår gjekk opp med 2000 billionar kroner.

Vi investerte nye 410 milliardar i utlandet.

Eksport

jon@dagogtid

Det er tre ting Europa vil ha av Noreg, sett vekk frå olje og gass, som dei sjølvsagt òg vil ha: billig straum, billig metall og billig kunstgjødsel. Og no vil dei ha det meir enn nokon gong før, på grunn av krigen i Ukraina. Men korkje EU eller Storbritannia kan få dei same tre tinga samstundes. I skrivande stund er prisen på 1 kWh, som PC-en min går på, 8 kroner og 14 øre inkludert MVA, nærare ni kroner om vi tek med nett- og elavgift. Omverda tømmer Sør-Noreg for straum.

Nett no eksporterer Sør-Noreg om lag 5000 MW i timen, som svarar til 5 millionar kWh i timen, eller 120 millionar kWh i døgeret. Både englands- og tysklandskabelen går for fullt, og prisen er 42 gonger høgre i Sør-Noreg enn i resten av landet. Statnett meinte at dei to nye kablane over tid kom til føre til ein gjennomsnittsprisauke på 2 til 4 øre per kWh per år. Skal den spådomen slå til, må nordmenn i Sør-Noreg i fleire tiår framover få betalt for å nytta straum.

Meir straum

Statnett har sagt at dei vil sjå om dei snøggare enn planlagt kan auka overføringskapasiteten mellom Midt-Noreg og Sør-Noreg. Når den dagen kjem, og fastpriskontraktane til den kraftkrevjande industrien på ny skal tingast om, vil det nok verta endringar i mengda EU og Storbritannia får av kunstgjødsel og aluminium frå Noreg.

Men sanninga er at straumeksporten, og for den del metall- og kunstgjødselproduksjonen, druknar i det store biletet, som er olje og gass. EU og Storbritannia har valt norsk straum, og om ikkje eit eller anna uventa skjer, kan vi på sikt ikkje oppretthalda kraftkrevjande industri, korkje i Sør-Noreg, Storbritannia eller EU. Men gassen og oljen kjem til å flyta i mange år enno.

Yara

Jau då, det er kanskje mogleg at Yara held fram med å vera verdas største produsent av kunstgjødsel, men då neppe med Herøya og Nederland som utgangspunkt, slik stoda er no. Alt no er produksjonen lægre enn han elles ville ha vore, på grunn av dei høge gassprisane, og det sjølv om verda skrik etter kunstgjødsel.

Det er gale å seia at Noreg har hatt flaks, når utgangspunktet er elende. Men det er det vi har hatt, i mange år. Nett då verdas aksjemarknadar kollapsa i 2008 og 2009, hadde Stortinget vedteke å auka aksjedelen av Oljefondet til 70 prosent. Verdas sentralbankar fann samstundes ut at dei ville pumpa nytrykte pengar inn i finansmarknaden, og på toppen av det heile pressa Kina oljeprisen til rekordnivå. Oljefondet tok av.

Covid-19

Så fekk verda covid-19, og sentralbankane, men særleg USA, fann ut at finansmarknaden hadde trong for endå meir pengar. Då pandemien byrja å gå over, hadde Noreg Johan Sverdrup i produksjon og vedtok å auka investeringane på sokkelen. I 1990 var prognosane frå Finansdepartementet at vi på 2020-talet skulle produsera halvparten så mykje som då. Vi produserer meir enn dobbelt så mykje, og produksjonen er stigande.

Og no har vi altså fått krigen i Ukrainia, som driv prisane på olje og gass, og for den del kunstgjødsel og aluminium, til rekordnivå. Men før vi ser på konsekvensane av Ukrainia, lat oss halda oss til det som er sikkert, tala for 2021 som Statistisk sentralbyrå (SSB) la fram i slutten av februar og i byrjinga av mars.

Tala i februar handla om bruttonasjonalproduktet (BNP) i Noreg i 2021, tala i mars handla om bruttonasjonalinntekta (BNI). Båe framleggingane drukna, naturleg nok, i nyhenda frå Russland og Ukraina, men dei er likevel sensasjonelle.

Definisjonar

BNP er den samla produksjonen av varer og tenester i eit land målt i såkalla faste prisar. BNI seier meir om kor godt betalt vi får her og no for det vi lagar, og bytetilhøvet mot utlandet. BNI er BNP pluss overføringar til og frå utlandet.

BNP gjekk særs godt i 2021. Vi produserte meir enn før, og no snakkar vi ikkje om sokkelen og utanriksflåten, vi talar om Fastlands-Noreg. BNP målt i faste prisar gjekk opp med heile 4,2 prosent. Frå mars til november gjekk BNP faktisk opp med 5,9 prosent. Allereie i juni, då vaksineringa hadde skote fart, var BNP på fastlandet over det nivået BNP var i februar 2020, før nedstenginga, syner nasjonalrekneskapen. I november 2021 var vi truleg der vi hadde vore om vi ikkje hadde fått covid-19 i det heile.

Stengde grenser

Nei, det var ikkje full fart i utelivs- og reiselivsbransjen, turistane held seg framleis unna, men det heile vart meir enn kompensert for ved at varehandelen hadde gode dagar, medan grensene var meir eller mindre stengde.

Og eksporten av slikt som aluminium, fisk og kunstgjødsel hadde teke seg opp. I tillegg var arbeidsdeltakinga høgre enn nokon gong sidan finanskrisa. Når færre utlendingar kom til Noreg for å arbeida og fleire drog heim, kom nordmenn her heime i arbeid. Eller som SSB skriv: «Mange utenlandske arbeidstakere som måtte reise hjem da grensene stengte, har heller ikke kommet tilbake.»

Dessutan såg vi ei reversering av trenden frå 2020, der offentlege tilsette tok ein mykje større del av lønskaka enn tilsette i privat sektor. Den gjennomsnittlege lønsveksten i Noreg vart på 3,5 prosent, men i det private næringslivet auka løningane med 3,9 prosent.

At fastlandsøkonomien har gått så godt, har sjølvsagt mykje å gjera med at regjeringa Solberg pøste på med pengar, som nok er ein av hovudgrunnane til at inflasjonen ser ut til å koma attende, og rentene må opp til eit høgre nivå enn dei var før pandemien.

Meir pengar!

Mange av pengane til koronatiltak gjekk via den tradisjonelle velferdsstaten i form av arbeidsløysepengar og liknande, men det kom sjølvsagt ekstraløyvingar, som nordmenn nytta til auka sparing: «I 2020 ble det til sammen bevilget 131,3 mrd. kroner over statsbudsjettet til økonomiske tiltak i møte med pandemien.» Det same talet for 2021, midt under ein stor oppgang i økonomien, var på 90,4 milliardar.

Når det er sagt: Staten har nytta langt mindre enn han har tent. Lat oss inkludera sokkelen og dei norske flagga på verdshava, det som i nasjonalrekneskapen vert kalla «Petroleumsvirksomhet og utenriks sjøfart». Der skjedde det tilsynelatande ikkje så mykje målt i faste prisar. BNP i den kategorien gjekk opp med berre 2,6 prosent.

Investeringsauken etter oljepakken slår ikkje inn i produksjonstala på ei stund enno. Faktisk gjorde sokkelen, som det reelt sett er snakk om – utanriksfarten er ikkje det han ein gong var – det dårlegare enn privat sektor på fastlandet, som gjekk opp med 4,1 prosent i faste prisar.

God betaling

Så var det løpande prisar, då, altså kor mykje produksjonen gjekk opp, inkludert prisvekst, og det er, for å seia det slik, løpande prisar vi lever av. Sokkelen og utanriksfarten gjekk opp med heile 139, 2 prosent. Om vi inkluderer kreti og pleti, sokkel, utanriksfart og alt på fastlandet målt i løpande prisar, gjekk BNP opp så det song etter. «Målt i løpende priser økte samlet BNP hele 21,5 prosent, eller 734 milliarder kroner. Dette er den høyeste prosentvise årsveksten i nominelt BNP på mange tiår.»

Då gjorde det kan henda ikkje så mykje at Erna Solberg nytta 220 milliardar på koronatiltak, eller at inflasjonen tek litt av. Men tala vert meir interessante om vi ser på bruttonasjonalinntekta, altså BNI, for kva hjelper det om det vi produserer, går opp i pris, om det vi importerer, og det er mykje, går endå meir opp i pris?

Vel, det skjedde ikkje. Jau, importvarer gjekk opp i pris i 2021, globaliseringa gjekk i revers, og flaskehalsane i verdas transportkanalar vart mange. Ikkje på langt nær alle norske born fekk det dei ynskte seg til jol, og det dei fekk, var dyrare enn det dei fekk i 2019.

Rå auke

Dyrare jolegåver bleiknar samanlikna med det vi nordmenn fekk betalt av utlandet for det vi produserer. Det held i grunnen å sitera ingressen i pressemeldinga frå SSB då dei i førre veke la fram tala for BNI: «Bruttonasjonalinntekten økte med 788 milliarder kroner i 2021, målt i løpende priser. Det tilsvarer en oppgang på 22,2 prosent. Disponibel realinntekt for Norge vokste 24,2 prosent.»

Eller som leiaren for nasjonalrekneskapen Pål Sletten seier det i den same pressemeldinga: «Siden prisene på eksportvarer økte mye mer enn prisene på import, fikk Norge betydelige bytteforholdsgevinster». I 2021 tente vi nordmenn fleire pengar enn nokon gong før. Vi har aldri vore i nærleiken av å ha ei så høg gjennomsnittsinntekt som i 2021.

Nei, vi merka det kanskje ikkje så godt direkte på lommeboka, sidan straumprisane gjekk opp, og sidan staten tek så mykje av inntektsauken via tvangssparinga i Oljefondet. For sjølv om Stortinget pøste pengar over oss, gjorde offentleg forvalting det særmerkt godt. Sidan skatteinntektene frå oljesektoren gjekk kraftig opp saman med dei direkte inntektene frå Petoro, som styrer det staten eig direkte på sokkelen, vart overskotet for offentleg forvalting på 375 milliardar kroner, det høgste sidan 2012. Desse pengane hamnar i praksis rett i Oljefondet, som også gjorde det greitt i 2021.

2000 milliardar

Det som SSB kallar «nettofordringer mot utlandet», som i røynda er krav vi har mot omverda, eller sparing i utlandet, gjekk opp med heile 2000 milliardar, eller to billionar kroner, syner utanriksrekneskapen, som vart publisert same dagen som BNI-tala. Aksje- og eigenkapitalvinsten i utlandet, som i stor grad handlar om oppgang i Oljefondet, men også det nordmenn generelt har investert i utlandet, gjekk opp med knapt 1,4 billionar, og så måtte vi i tillegg investera alle dei nye pengane vi tente, difor auka vi sparinga i utlandet med nye 410 milliardar. I tillegg kom litt valutavinst.

Her kan vi stilla oss eit naivt spørsmål? Får vi nokon gong brukt alle sparepengane og alle dei auka verdiane vi har i utlandet? Det er freistande å svara nei. I ein makroøkonomisk forstand sparer vi så lenge vi går med overskot på alle kapital-, handels-, betalings- og driftsbalansane som SSB opererer med.

Ny plan

Men den opphavlege planen frå tiåra før år 2000 var at vi gradvis skulle byggja ned fastlandseksporten og leva av oljen og avkastinga som sparepengane våre i utlandet gav. Og jau, det gjer vi i ein viss forstand.

Vi har færre tilsette i industrien på fastlandet enn vi hadde før vi byrja med all eksporten av olje og gass, og særleg har importen auka etter at vi byrja å leva meir på avkastinga frå Oljefondet. Men sanninga er òg at industrien på fastlandet held fram med å vera mykje større enn det tenkjarane på 1970-talet såg føre seg.

Grunnane til at det er slik, er fleire: Det eine er at i takt med at fleire nordmenn har vorte tilsette i skjerma sektor, altså sektorar som ikkje driv med direkte konkurranse med utlandet, har vi tilsett fleire utlendingar i industrien og dimed ikkje hatt trong for å leggja ned så mange industriverksemder.

I tillegg kjem det at vi heile tida har hatt billigare straum enn det omverda har. Dimed har den kraftkrevjande industrien vorte oppretthalden. Noreg er framleis den leiande eksportøren av aluminium og kunstgjødsel på kontinentet. Og på toppen har vi fått lakseoppdrett, som vi har særmerkt gode vilkår for.

Politikk

I tillegg kjem det politiske presset, både frå særinteresser og frå partia sjølve. Denne regjeringa har lova å auka eksporten frå fastlandet med 50 prosent innan 2030. NHO og LO og andre særinteresser, som til dømes Kjell Inge Røkke, presser på for at vi skal produsera store mengder havvind og vera ein sentral aktør i det grøne skiftet, sjølv om vi alt no produserer mest grøn energi på kontinentet relativt sett.

Det er i tillegg få om nokon teikn til at Noreg har tenkt å gje seg som olje- og gassprodusent. Ingen demokrati er i nærleiken av å investera så mykje i olje og gass som vi nordmenn. Denne satsinga må per definisjon føra til at vi importerer stadig nye industriarbeidarar frå utlandet, medan fleire nordmenn må gå inn i helse og omsorg etter kvart som eldrebylgja manifesterer seg.

Treng ikkje industri

Men sanninga er òg at så lenge vi har olje og gass og Oljefondet, treng vi ikkje lenger eksportindustri å tala om i Noreg, om vi tenkjer kaldt makroøkonomisk. Pengane renn inn i ein skala vi aldri har sett før. Denne veka er eksportverdien på oljen og gassen på over 10 milliardar kroner per dag. Oljepakken til Stortinget som berre kosta 8 milliardar, vert særs lønsam for staten på grunn av dei auka investeringane som han førte med seg. Men når det gjeld framtidsprisane i Europa ut 2029, trur marknadsaktørane at prisane skal kraftig ned neste år.

Dei trur altså på fred i Ukrainia, og at Russland får halda fram med eksport av olje, kol og gass dei komande åra òg. Likevel: Med ei flat produksjonsutvikling av olje og gass på norsk sokkel ut dette tiåret, seier marknaden, i skrivande stund, at vi skal få 11,7 billionar kroner for oljen og gassen dei neste sju åra.

Gjeve prisen på olje og gass som Ukraina-krigen har ført med seg, vil 2022 verta eit nytt unikt år i norsk økonomisk historie. Ja, det meste tyder på at aksjeprisane går ned. Men det vi eventuelt taper på utlandssparinga i 2022, og hugs at vi auka utlandsformuen med 2000 milliardar i 2021, kjem olje- og gasseksporten til å kunne kompensera for i svært stor grad i dei komande åra.

Jau, risikoen for at verda går i stå og at vi av ulike grunnar – krig, revolusjon eller kva det skal vera – taper det meste av det vi har spart, er der alltid. Pengane Oljefondet hadde i Russland, er no etter alt å døma tapte. Men går verda i stå, går også eksportverdien av industrivarene vi har frå fastland, kraftig ned i verdi.

Imperiet

For dei som har eit ekstra svart syn på framtida, kan vi nemna Storbritannia, som var verdas største sparar og «fordringshaver» før fyrste verdskrigen: Etter krigen hadde dei tapt halvparten av det dei hadde spart. Etter andre verdskrigen hadde dei tapt alt, og dei hadde ei gjeld på 250 prosent av BNP. Men på den andre sida: Britane har den dag i dag særs høg levestandard.

Eitt vondt faktum står der: Ukraina lid, og Noreg tener store pengar på det. Det filosofiske spørsmålet er likevel om Ukraina, eller for den del verda, hadde vore ein betre stad utan Noreg. Når Svartehavet er stengt, treng verda mykje meir kunstgjødsel frå Yara, som produserer gjødsla med både norsk gass og norsk straum.

Nett då den siste setninga i denne artikkelen var skriven ferdig, plinga det i telefonen. Shell trekkjer seg heilt ut av Russland og sluttar med alt kjøp av russisk olje. Oljeprisen gjekk vidare opp.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eitt vondt faktum står der: Ukraina lid, og Noreg tener store pengar på det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis