JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Våpen, etikk, moral og pengar

Oljefondet kan framleis ikkje investera i våpenprodusentar som er livsviktige for det norske forsvaret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 2019 vart nokre av dei nyinnkjøpte F-35-flya viste fram på Rygge flyplass. Det norske Oljefondet har ikkje lov til å investera i selskapet Lockheed Martin som produserer desse flya.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

11983
20220429

Bakgrunn

Mange av dei største våpenprodusentane i Vesten er kasta ut av Oljefondet.

Om eit selskap på nokon som helst måte produserer eller held ved like atomvåpen, vert det ekskludert frå Oljefondet.

Lockheed Martin vart kasta ut i 2005. Aksjen har stige med over 1000 prosent sidan då.

Våpenindustri

jon@dagogtid.no

Denne artikkelen skal til slutt handla om konsekvensane av krigen i Ukraina, men fyrst: Margaret Thatcher vart ein gong spurd om kvifor freden mellom stormaktene hadde vart så lenge. Ho svarte «atombomba», som ho hevda var den «store fredskaparen».

No var nok denne utsegna meir skildrande enn normativ, får vi tru. Thatcher sa ikkje at atombomba i seg sjølv var eit gode. Men når atombomba fyrst er der, meiner nok eit fleirtal av oss at det er bra at USA, Storbritannia og Frankrike har atomvåpen, når Russland, Kina, Pakistan og Nord-Korea og truleg snart Iran har det.

Eller for å seia det slik: Det er få i Ukraina i dag som er nøgde med at Ukraina i si tid inngjekk ein avtale med Russland om å gje frå seg atomvåpena – i byte mot ein lovnad om aldri å verta invadert av nett Russland.

Kva er den offisielle haldninga til Noreg om atomvåpen? Er vi nøgde med at Frankrike, USA og Storbritannia har atomvåpen og vernar oss gjennom den såkalla atomvåpenparaplyen?

Vi liker det ikkje. Vi vil helst ikkje ha noko med atomvåpen særmerkt og våpen generelt å gjera. Kvar dag sender vi USA og Storbritannia meldingar om kvar russiske atomundervassbåtar er, kvar dag nektar vi å vera med på å finansiera atomvåpena til Nato og våre næraste allierte. Ei slik haldning får konsekvensar i den verkelege verda.

ESG

ESG er ei forkorting som stadig fleire av oss møter, og som får stadig større konsekvensar. Lurer du på kvifor dieselen kostar så mykje, er mykje av svaret ESG, som står for Environmental, Social, and Governance, som vi på norsk kan kalla «etisk investering».

Det er vanskeleg å koma med ein presis definisjon av kva etisk investering er, men eit godt døme er EUs grøne taksonomi, som skal gjera det særs dyrt å investera i olje og kol, som tradisjonelt har gjeve høg avkasting, og særs billig å investera i sol og vind, som gjev låg avkasting. At Vesten dei siste åra har investert lite i olje og gass, handlar mykje om ESG.

Det stoggar ikkje ved miljø. Om du går inn og sjekkar kvar pensjonspengane dine er investerte, vil du sjå at pensjonsselskapet ditt ikkje berre held seg unna kol, men også tobakk, sex, pengespel og våpen. Tanken er enkel: Jo færre som er med på å reisa kapital til det som er uetisk, jo dyrare vert kapitalen dei «vonde» vil ha tak i, verta. Og når kapitalen vert dyrare, går investeringane ned, nett som vi har sett når det gjeld olje og gass dei siste åra.

Supermakt

Noreg er, som tidlegare statsminister Lars Korvald sa det, «et lite land i verden, herr president», men innanfor ESG er Noreg ei supermakt, og vi var tidleg ute. Straks Kristin Halvorsen (SV) vart finansminister i 2005, byrja storreingjeringa. Airbus kjenner dei fleste av oss som produsent av passasjerfly, men selskapet er òg involvert i noko vi ikkje liker: produksjon og vedlikehald av franske atomvåpen. I 2005 og 2006 kasta Finansdepartementet Airbus ut av Oljefondet.

Omtrent samstundes byrja Forsvarsdepartementet å sjå nærare på kva for kampfly som burde erstatta F-16. Etter kvart landa dei på F-35, som vi så langt har nytta om lag 100 milliardar kroner på, og som gjennom levetida kjem til å kosta rundt 400 milliardar. Kven produserer F-35? Amerikanske Lockheed Martin, som vi i 2005 sparka ut av Oljefondet av di også dei var med på å laga atomvåpen.

Vel enkelt sagt: I 2005 og 2006 kasta vi ut ei rekkje av dei store vestlege våpenprodusentane, ikkje berre dei som produserte eller heldt ved like atomvåpen, men også ei rekkje andre produsentar, til dømes dei som laga klasevåpen eller landminer.

Dyre pengar

Hjelper ESG? Fører det til at dei slemme tener færre pengar og at verda vert ein betre stad? For å seia det slik: Det finst ikkje eit svar med to strekar under. Men det vi kan slå fast, er at dei som har halde fast på investeringar i det som Oljefondet og Finansdepartementet meiner er uetisk, ikkje nett har tapt pengar.

Det er enkelt og greitt slik at «synd»-aksjar over tid har gjort det mykje betre enn etiske aksjar. Tobakk har dei siste 50 åra gjort det mykje betre enn grønsaker. Om du vil tena pengar og få ein god pensjon, er ESG noko av det siste du bør halda på med.

Vi kan sjå på Lockheed Martin. Då Oljefondet i 2005 kasta selskapet ut, kosta aksjen 38 dollar. I skrivande stund, onsdag klokka 10.40 denne veka, stod aksjen i 446 dollar. Oljefondet eigde 0,68 prosent av Lockheed Martin i 2005. Hadde vi halde på denne investeringa, ville avkastinga ha dekt heile innkjøpet av F-35. Og hadde vi halde fram med å kjøpa aksjar i selskapet i takt med at vi har investert stadig meir av olje- og gassinntektene, hadde aksjen truleg meir enn dekt både innkjøp, vedlikehald og driftskostnader gjennom heile levetida.

Dyrare pengar

Men at Noreg har takka nei til «gratis» fly frå slemme våpenfabrikantar gjennom avkasting, er kan henda likevel ikkje dumt i eit etisk perspektiv. Avkasting er eit resultat av risiko. Når marknaden meiner at noko har høg risiko eller er uetisk, forlangar som sagt den same marknaden høgre betaling for kapital.

Enkelt sagt: Når kapital vert dyrare, og det har han vorte både for våpen og oljeprodusentar dei siste åra, må produsentane av olje og våpen investera klokare og mindre for å overleva. Og når produsentar lagar mindre av ei vare, til dømes våpen og olje, går prisen på vara opp. Ved å nekta å investera i Lockheed Martin, seier finansteorien, har Oljefondet gjeve eit tilskot til lægre produksjon av våpen, men høgre avkasting for dei slemme investorane.

Det er tomt

Politikken ser ut til å ha lukkast eit stykke på veg. Sett på spissen: Den vestlege verda er tom for våpen. Som Hal Brands, som er professor ved Johns Hopkins-universitetet og sit på den prestisjetunge Henry Kissinger-stolen, skriv i Bloomberg-media: «Krigen i Ukraina tømmer USAs demokratiarsenal.» Og så skriv han vidare: «Dei vestlege allierte står no andsynes eit val: senda fleire våpen til Ukraina eller halda på våpenlagera dei treng til eige forsvar.»

Lockheed Martin produserer ikkje berre atomvåpen og F-35. Dei produserer panservåpen, granatar, artilleri og luftvern, ja, nesten alt som tenkjast kan av det som er naudsynt for å forsvara eit land mot ein invasjon eller invadera ein nasjon. Men det er ikkje til å koma forbi: Dei lagar det som Hal Brands meiner er naudsynt for å forsvara demokrati. Lockheed Martin produserer til dømes Javelin-missilet, som er heilt suverent til å taka ut pansra køyrety og stridsvogner og er lett nok til at ein soldat kan fyra det av frå skuldra.

Stinger

Lockheed Martin har teke seg godt betalt for Javelin-missila, som har ført til høg avkasting på aksjar, men som igjen har ført til lægre innkjøp frå vestlege land. Ukraina skrik etter fleire Javelin-missil, men Lockheed Martin kan ikkje auka produksjonen på mange månader.

Stinger-raketten som USA fôra Muhjahedin-rørsla i Afghanistan med, og som øydela mykje av det sovjetiske flyvåpenet, vert også nytta av det ukrainske forsvaret, som er i ferd med å gå tomt. «USA kan ikkje raskt skalera opp produksjonen av Stinger av di arbeidsstyrken som produserer raketten, knapt finst lenger», skriv Brands. Det tek tid å læra opp nye arbeidarar.

Hellas var mellom dei fyrste som leverte våpen til Ukraina. Dei sa også at det vart den siste leveransen.

Thales

Det måtte kanskje gå slik. Den store franske våpenprodusenten Thales slit også. Dei har opplevd ei halvering av europeiske aksjonærar sidan 2016 og påstår at dei møter store kapitalkostnader. Men problemet er endå større lenger nede i kjeda til våpenprodusentane. Ei rekkje europeiske underleverandørar av slikt som stål og motorar gjekk i februar ut og fortalde at bankar over heile EU no nektar å gje lån, sjølv om dei leverer så lite som 5–10 prosent av produkta til våpenprodusentar.

Rheinmetall, som leverer pansra køyrety og mellom anna forsyner det norske – og ukrainske – forsvaret med lastebilar, sa i januar at selskapet på grunn av ESG-krav i den tyske finansnæringa hadde mista bankkontaktane sine. For vel eit år sidan gjekk til dømes den svenske storbanken SEB ut og fortalde at dei som ein del av berekraftsatsinga ikkje ville gje fondskundar høve til å investera i verksemder som hadde meir enn 5 prosent av omsetninga si i noko som hadde med våpen å gjera.

EU

Problema våpenindustrien har stått i, har – ikkje uventa – vore mykje større i Vest-Europa enn i USA. Pentagon har oppretthalde forskings- og utviklingskapasiteten og tinga inn «gamaldagse» våpen som Javelin og Stinger. I EU og Noreg har ikkje statane berre redusert forsvarsbudsjetta sidan den kalde krigen, dei har òg gjeve ESG direkte påverknad på forsking og utvikling. EU har langt på veg nekta å finansiera noko som helst av forsking som på eitt eller anna vis kan tenkjast å ha militær nytte.

Forsvar i EU er som i Noreg ein del av klimasatsinga. Solberg-regjeringas reglar om framtidig auke av CO2-avgifta gjeld også Forsvaret, som – dersom planane vert oppretthaldne – skal betala 1,5 milliardar i avgift i 2040.

Men no har ting byrja endra seg. I januar sette SEB seg ned og såg nærare på ESG-satsinga si på grunn av «den alvorlege tryggingssituasjonen og veksande global spenninga». I byrjinga av mars kunngjorde banken at seks av 100 fond han forvalta, no skulle få høve til å investera i selskap som hadde meir enn 5 prosent av omsetninga i våpen. EU-kommisjonen har no levert frå seg ein ny ESG-rapport. Der legg dei vekt på at ESG-eksklusjonskriteria for våpenindustri ikkje skal inkludera anna enn verksemder som bryt med internasjonale konvensjonar, og kommisjonen strekar under at EU eigentleg har eit mål om strategisk autonomi i forsvars- og tryggingspolitikken.

Ikkje fri

Men Ukraina-krigen har synt at EU ikkje er i nærleiken av å verta uavhengig. Nesten alt av våpen til Ukraina har kome direkte frå regjeringane i USA og Storbritannia eller frå våpenprodusentar i dei to landa.

Peggy Hollinger, redaktør i Financial Times, skriv det på denne måten: «Det er tragisk å sjå at det måtte ein krig til for å få forståing for kor viktig den europeiske forsvarsindustrien er. Det må då vera slik at det å gje EUs innbyggjarar tryggleik og sikring i det minste må telja litt med når ein skal vurdera dei sosiale kriteria ved ESG-regimet. Og korleis kan Europa verta strategisk uavhengig utan ein sterk og motstandsdyktig forsvarsindustri?»

Kva med Noreg? Då muren fall, hadde vi eit luftvern som dekte heile austlandsområdet og store delar av resten av landet. Alle område som skulle taka imot Nato-styrkar, var dekte. No har vi ingenting att anna enn eit lokalt og undermanna vern av Ørlandet flystasjon. Russiske fly og ubåtar kan når som helst uhindra senda av garde rakettar som kan øydeleggja alt vi har av oljeinstallasjonar, til dømes.

Israel

No går det føre seg tingingar mellom dei baltiske landa og Polen om eit rakettskjold. Leverandøren dei tingar med, er israelsk våpenindustri og staten Israel. Det ser ut til at mykje skal finansierast av Tyskland, og det er mogleg Danmark koplar seg på. Ein av leverandørane av rakettskjoldet er det israelske selskapet Elbit Systems. Det er kasta ut av Oljefondet av di det i si tid var med på å byggja murar mot Vestbreidda. «Vi ynskjer ikkje å finansiera selskap som er med på brot på folkeretten», sa Kristin Halvorsen då ho kasta ut Elbit.

Det vi trygt kan slå fast, er at Noreg i framtida kjem til å kjøpa mange nye og fine våpensystem frå produsentar Oljefondet ikkje investerer i.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Det er tragisk å sjå at det måtte ein krig til for
å få forståing for kor viktig den europeiske forsvarsindustrien er.»

Peggy Hollinger, redaktør i Financial Times

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis