Økonomi
Trygd til folket
Folketrygdfondet står der og putrar og går og gjer oss alle rikare.
Foto: Folketrygdfondet
Tysdag la denne merkelege konstruksjonen, Statens pensjonsfond Noreg, fram årsrapporten. Som vanleg var det ei suksesshistorie. I fjor, som nesten kvart år sidan finanskrisa, har Folketrygdfondet gjeve det som vert kalla meiravkasting, altså ei høgre avkasting enn marknaden. Kvart år sit dei tilsette, som stort sett går på fastløn, og plukkar ut verdipapir som gjer staten, og dimed oss, rikare. Direktøren er Kjetil Houg.
– Kva er bakgrunnen for Folketrygdfondet?
– Vi vart oppretta for over 50 år sidan. John Lyng vart statsminister nokre veker, og Einar Gerhardsen sette seg ned og pønska ut folketrygda. Planen var at folketrygda delvis skulle finansierast gjennom fondering, at overskotet frå trygdeavgifter skulle nyttast til å byggja opp kapital, og avkastinga av kapitalen skulle gå til pensjonar. Dette høyrdest enkelt ut, sidan folketrygda ikkje var oppretta enno og staten difor ikkje hadde forpliktingar. Men det gjekk diverre ikkje fort nok å byggja opp kapital. Dessutan vart folketrygda utvida, og utover i 1970-åra fann politikarane ut at alt av folketrygda måtte finansierast gjennom direkte skattar og avgifter. Det siste innskotet av kapital til Folketrygdfondet kom i 1979. Etter det har det ikkje kome pengar inn, men det har heller ikkje vorte teke pengar ut. Kapitalen har sidan 1979 gått frå 11 milliardar til 292 milliardar.
– Eg tenkjer av og til på Folketrygdfondet som eit pedagogisk verktøy. Det syner nordmenn kva ein kan få til gjennom sparing.
– Ja, vi er eit krondøme på rentes rente-effekten, kapitalistens beste ven. Det fyrste året set ein inn éi krone og får rente. Det neste året investerer ein så både krona og renta, og slik held det fram. Så skal det seiast at renta i startfasen var svært høg. Men etter kvart vart det opna for at vi kunne investera i anna enn rentepapir. I samband med bankkrisa på byrjinga av 1990-åra fann staten ut at vi kunne nyttast til å gje norsk næringsliv kapital gjennom aksjemarknaden. I 2001 fekk vi så lov til investera litt i dei andre nordiske landa. Den siste milepålen kom i 2006. Då laga Stortinget Statens pensjonsfond. Oljefondet vart utanlandsdelen, vi den nasjonale. Sidan då har fordelinga lege fast. 85 prosent av kapitalen skal investerast i Noreg, 60 prosent skal vera i aksjemarknaden, 40 prosent i rentepapir.
– De har ei merkeleg stabil avkasting, dei siste fem åra har de gjeve mellom 6 og 8 prosent i avkasting?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.