Økonomi
Permittert i æva
Å utvida permitteringsperiodane er eit gode for verksemdene, men neppe for arbeidstakarane.
Dei norske tilsette i Norwegian har stort sett fått løna si frå den norske staten sidan mars i fjor. No ligg dei an til å vera permitterte fram til 1. oktober i år. Her demonstrerer dei for å få Stortinget til å skyta meir pengar inn i selskapet.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Ja, vi skal koma til permitteringsordninga, men fyrst nokre meir generelle observasjonar: Gode ordningar for dei som ei tid er utstøytte frå arbeidsmarknaden, er eit adelsmerke for ein velferdsstat. I så måte er Noreg best. Ingen har så gode offentlege forsikringsordningar som vi. Men dei har ei bakside: Di betre dei er, og di lenger dei varer, di fleire vert utstøytte av arbeidslivet permanent.
I 1977 fekk vi alle rett til 100 prosent sjukepengar samanhengande i eitt år. Uføreutvalet frå 2007 såg på ulike forklaringsmodellar for kvifor vi år etter år såg ein slik sterk auke i talet på uføretrygda. Dei såg på kva talet ville ha vore om ein tok omsyn til at fleire kvinner var komne ut arbeidslivet, og at arbeidstakarane vart eldre. Dei samanlikna 1980 med 2006. Arbeidsinnvandrarane frå Aust-Europa var altså ikkje ein faktor. Funna var ikkje opplyftande.
«Dersom uføreratene hadde holdt seg konstante på nivået i 1980, ville det vært 193 800 uføre i 2006. Det faktiske antall mottakere av uføreytelser i 2006 var knapt 328 000, og ut fra dette kan vi anslå at demografiske forhold forklarer 21 prosent av veksten fra 1980 til 2006. Veksten i antall uførepensjonister i hele perioden siden 1980 må altså i hovedsak forklares med andre forhold enn demografiske endringer.»
Betre med full konkurs
Det same utvalet såg også på effekten av arbeidsløyse og påfylgjande risiko for uføretrygd og gjekk gjennom forskingslitteraturen. Nei, det er ikkje bra å verta arbeidslaus, også det aukar risikoen for å verta uføretrygda, særleg for dei over 50. Men «forskerne fant også at mulighetene for å få jobb etter nedbemanninger synes å være større dersom en jobber i en bedrift der alle mister jobben, enn dersom en jobber i en bedrift med delvis nedbemanning. En grunn til at det kan være en slik effekt er at det kan være stigmatiserende å bli ’valgt ut’ til oppsigelse». Ting kan altså tyda på at konkurs er betre enn delvis nedskalering. Seigpining er verst.
Men tid utanfor arbeidslivet er kanskje den sterkaste forklaringa på kvifor folk endar som uføre. Lediggang er verkeleg rota til mykje vondt. I 2010 la den såkalla «ekspertgruppa» på sjukepengeordninga fram ein rapport for Stoltenberg II-regjeringa om problema med sjukepengar. Dei slo fast at tid på sjukepengar, og nivå på sjukepengar, var det avgjerande. Dei meinte å påvisa at ein reduksjon på 10 prosent i nivå på sjukepengar ville føra til ein reduksjon på 10 prosent i bruken av sjukepengar, 20 til 20 og så bortetter. Dei ynskte at graderte sjukmeldingar skulle verta norma, av den enkle årsak at dei fleste som kjenner på noko, faktisk går på arbeid, og det er ein glidande overgang mellom å vera sjuk og å vera frisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.