Økonomi
Når alle andre gjer det, må Noreg òg
Så lenge andre rike land garanterer for eksporten sin, kan neppe Noreg late vere.
Det er noko litt gammaldags over verksemda til Garantiinstituttet for eksportkreditt (Giek). Dei fleste økonomar er i dag truleg samde om at subsidiar er konkurransevridande og velferdsøydande greier.
Og å tilby statlege garantiar for selskap som skal handle med norske eksportørar, liknar mykje på ein subsidie. Men det er det ikkje, ifølgje definisjonane til Verdshandelsorganisasjonen. Denne typen statsstøtte er det pussig nok brei internasjonal aksept for, og andre OECD-land held seg med liknande garantiinstitutt.
Kor stor effekt har så desse garantiane på norsk eksport? Menon Economics, som lagar evalueringar som Giek sjølv viser til i årsrapportane sine, meiner verknaden er stor. Eksportkontraktane som kom i stand med Giek-garantiar i 2019, gav til dømes sysselsetjing for 6000 menneske i eksportbedriftene og 14.000 i underleverandørar til prosjekta, har Menon rekna ut. Og dei same kontraktane skal ha ført til ei verdiskaping i Noreg på 25 milliardar kroner i 2019. Men kor stort er eigentleg nettobidraget frå desse garantiane til norsk økonomi?
Kontrafaktisk
Rapportane til Menon er i stor grad baserte på intervju med eksportørar og kundane deira, og funna må kallast usikre. Kontrafaktisk økonomi er vrien vitskap, og det er umogleg å seie kor stor sysselsetjinga og verdiskapinga i dei same selskapa ville vore utan Giek-garantiane.
Alle desse menneska ville neppe tvinna tommeltottar heile året om det ikkje var for garantiane, og det er mogleg at eksportørane og kundane deira «snakkar opp» bidraga frå Giek fordi dei ønskjer at ordninga skal halde fram. Men det verkar likevel truleg at verksemda til Giek har vore lønsam for norsk økonomi totalt sett. I alle fall var det konklusjonen i ei evaluering som Oslo Economics gjorde av Giek i 2017, rett nok med fleire atterhald enn Menon Economics: «Det virker rimelig sikkert å anta at samfunnet er tjent med statlige utlån og garantier til kjøpere av norsk eksport. Størrelsen på de totale effektene er likevel usikre», heitte det i evalueringa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.