Økonomi
Klimapolitikk utan tal
I mars lovde Finansdepartementet å fortelja kva den norske klimapolitikken kostar i det komande nasjonalbudsjettet. Dei gav opp.
Equinor skal forsyne installasjonane på felta Snorre og Gullfaks med straum frå flytande havvind. Kostnadene er venta å bli kring fem milliardar kroner.
Illustrasjon: Equinor
Ja, det vert kanskje litt mykje om nasjonalbudsjettet i Dag og Tid for tida, men det kjem berre éin gong i året og er det viktigaste styringsdokumentet vi har. I alle høve: Nasjonalbudsjettet skal gje eit samla oversyn over dei offentlege utgiftene og inntektene og fortelja oss kor mykje pengar staten nyttar på eit område, og kvifor. Men gjer nasjonalbudsjettet det? Forklarar byråkratane oss alltid kor mykje og kvifor?
Det området det vert snakka mest om i offentlege styringsdokument, og ikkje minst i det offentlege ordskiftet for tida, er klima og klimapolitikken. Denne avisa er ikkje noko unnatak. Alle regjeringar, om vi skal tru dei fleste avisene, aktivistane, ungdomane og ikkje minst opposisjonen, gjer for lite. Eit betre spørsmål hadde kanskje vore om det som vert gjort, er rett, og kor mykje det vi gjer, eventuelt kostar. Eit anna spørsmål er om regjeringane og Stortinget held seg til handlingsregelen. Bruker dei så lite av avkastinga frå olje- og gassnæringa som dei hevdar?
Fotnotepolitikk
På side 90 i nasjonalbudsjettet finn vi ein litt interessant fotnote. Vi gjev att heile noten: «Stortinget sendte 15. mars 2019 følgende spørsmål til Finansdepartementet: ’Når kan det forventes at Finansdepartementet er ferdig med sin belysning av samfunnskostnadene av den førte politikk for å redusere utslipp av den livgivende gassen CO2?’ Spørsmålet ble besvart i brev av 25. mars 2019. I sitt svar skrev finansministeren avslutningsvis: ’Spørsmålet vil bli belyst i Nasjonalbudsjettet 2020.’»
Det er vel ingen stor løyndom når vi fortel at ordet «livgivende» avslører kven som stilte spørsmålet. Om de alt har gissa at personen bak spørsmålet er Carl I. Hagen, har de heilt rett. Legg òg merket til ordet «samfunnskostnadene». Hagen vil ikkje berre vita kva politikken kostar det offentlege, han vil vita kva politikken kostar oss som samfunn. Eit typisk døme på samfunnskostnad finn vi i Nasjonal transportplan (NTP), som seier at ei tredje rullebane på Gardermoen vil ha ei samla avkasting for samfunnet på 700 prosent per investert krone. Klimakostnader er med i NTP. Mykje kan likevel tyda på at Stortinget seier nei til ei slik rullebane av di ho etter fleirtalet sitt syn fører til auka utslepp av CO2. Men då går vi som samfunn glipp av den store avkastinga. I alle høve sa altså Finansdepartementet i svarbrevet sitt at dei vil prøva å svara på spørsmålet frå Hagen.
Kastar korta
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.