JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Kjem ikkje til å nå 2-gradersmålet

No deler svenskane ut Nobels minnepris i økonomi til ein som påstår at verda vert fattigare om vi prøver å avgrensa den globale temperaturauken til 2,5 grader – om alternativet er å gjera ingenting.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit isfjell smeltar sakte ved Kulusuk på Grønland. Dei lærde stridest om kva konsekvensane er no og i framtida.

Foto: John McConnico / AP / NTB scanpix

12812
20181207

Bakgrunn

William Nordhaus er ein av to vinnarar av den svenske nasjonalbankens minnepris for Alfred Nobel i 2018.

Nordhaus vert rekna som ein av verdas fremste forskarar på kostnadene ved menneskeskapt global oppvarming.

Nordhaus er demokrat og var økonomisk rådgjevar for Jimmy Carter.

Den store debatten i det økonomiske miljøet går mellom baron Stern, som vil ha store kutt no, og Nordhaus, som meiner at vi må taka større kutt seinare.

Klima

jon@dagogtid.no

Komande måndag vert den ikkje heilt ekte nobelprisen i økonomi delt ut til noko så uvanleg som ein nokså kjend forskar, nemleg William Nordhaus. Berre spør Baron Stern av Brentford om han kjenner til Nordhaus. Så lat oss prøva å finna ut kvifor Nordhaus er kjend utanfor eit smalt fagfelt. Men fyrst eit sitat for å syna at Nordhaus har ei viss observasjonsevne, og sjølvsagt for å visa at han ikkje er ein såkalla klimaskeptikar. For slik har det vorte: Omtaler ein nokon som klimarørsla ikkje liker, må ein understreka at vedkomande ikkje er klimaskeptikar, men Nordhaus er altså demokrat og særs uroa for menneskeskapte klimaendringar. Han er likevel irriterande for mange av di han på vitskapleg grunnlag har rekna seg fram til at særs omfattande tiltak her og no er mykje dyrare for framtida enn å lata ting halda fram som før.

Sitatet er frå 1977. Nordhaus skreiv då ein av dei fyrste fagartiklane sine om klima og økonomi; sameininga av dei to fagområda i éin modell er elles den konkrete grunnen til at Nordhaus får den svenske nasjonalbankens pris til minne om Nobel: «Når vi snakkar om den framtidige kursen for økonomisk vekst i Vesten, er forskarane delte mellom ei gruppe som roper ’ulv’, og ei anna gruppe som meiner at arten ikkje finst. Éi uro er at den økonomiske aktiviteten som vi menneske driv, kan nå eit nivå der det globale klimaet vil verta monaleg påverka. Dette eine ulveropet meiner eg bør takast på verkeleg alvor.»

Men ikkje så alvorleg som økonomen Nicholas Stern, som altså seinare vart baron, tok det i 2006. Året før hadde Sterns sjef i det britiske finansdepartementet, Gordon Brown, bede Stern, som var tidlegare sjeføkonom i Verdsbanken, fortelja byråkratane i departementet at dei skulle laga ein rapport om økonomien i klimaendringane. Byråkratane under overoppsyn av Stern leverte rapporten etter vel tolv månader.

Religiøs mottaking

Rapporten var ein kombinasjon av Bergpreika og Johannes’ openberring, i det minste tok mange mot han slik. Statsminister Tony Blair sa at den vitskaplege konsensusen Stern-rapporten synte, var «overveldande», og at konsekvensane for verda av ikkje å fylgja tilrådingane i rapporten ville vera «katastrofale». Rådet i rapporten var å få klimautsleppa ned på førindustrielt nivå, og det skulle skje gjennom å kutta 80 prosent av alle klimagassar, og dei store innsparingane i CO2 måtte byrja med ein gong. Ei av dei mest vidgjetne setningane i rapporten er denne: «Kostnadene ved klimaendringar svarar til eit årleg kutt på 20 prosent i forbruk per capita, frå no og til evig tid.» Menneskeskapte klimaendringar hadde altså allereie ein høg kostnad.

Bruken av «no» irriterte Nordhaus, og kritikken offentleggjorde han i fagartikkelen A Review of the Stern Review on the Economics of Climate Change i september 2007. Korleis hadde Stern kome fram til 20 prosent redusert konsum, altså levestandard i dag? Stern lest som om framtida var det same som notida, sa Nordhaus: «Faktum er at om ein nyttar rapportens eigen metode, skjer over halvparten av dei forventa skadane i ’frå no og til evig tid’ etter år 2800.»

Det same som pensjon

Problemet oppstår ved Sterns bruk av «noverdi» og «diskonteringsrate». Diskonteringsrate og noverdi er litt vanskeleg, men vi menneske bruker, eller prøver å bruka, det heile tida. Om vi skal investera her og no, vil vi gjerne vita kva denne investeringa er verd i framtida, kor mykje vi må låna, og kva ein eventuell sum som vi er lovd i framtida, er verd her og no. Lat oss seia at tante Olga på 55 har lovd at ho skal gje deg to millionar når ho døyr. Du reknar med at ho døyr når ho er 90 år. Noverdien av 2 millionar er om lag 1 million i dag dersom inflasjonen er 2 prosent. Om du bruker 2 millionar med ein gong du får vita at tante Olga vil gje deg 2 millionar, er du altså ikkje særleg lur. Men treng du desperat 1 million her og no til ein god operasjon, og har tilgang til pengar, men berre nyttar 500.000 til ein dårleg operasjon, er du heller ikkje særleg lur.

Det var ikkje heilt dette Stern gjorde, alle detaljane er litt for kompliserte til å koma i avisa. Men dersom diskonteringsraten, det vil seia renta og den moglege avkastinga, er låg, og vi vil ha mykje av noko i framtida, må vi spara mykje no og framover. Dersom vi meiner at renta vil vera høg, må vi spara mykje mindre – nett som når vi sparer til pensjon. Altså: Låg rente i framtida vil seia at vi bør spara inn mykje på CO2-utsleppa no og investera grønt; høg rente og avkasting på grøne investeringar i framtida inneber at vi kan sleppa ut meir CO2 her og no. Nullrente vil seia at vi må spara – kutta ekstremt mykje CO2 med ein gong – for å få det mykje betre i framtida.

Det Stern grunnleggjande sa, meinte Nordhaus, var at 1 prosent av velferda eller verdiskapinga, bruttonasjonalproduktet (BNP), no er det same som 1 prosent av BNP om hundrevis av år. Det kunne Nordhaus ikkje akseptera, det ville skada både noverande og framtidig velferd for fattige for mykje: «Dei store skadane av global oppvarming kjem gjennom bruk av store og spekulative skadar langt inn i framtida som vert forstørra til ein stor noverdi av ein diskonteringsrate på nær null.» Men eit av sjølve grunnelementa i økonomifaget er at ressursar eller velferd ein får tak i no, er meir verd og betre enn velferd og ressursar i framtida. Kva vil du helst ha om du manglar bil, ein Toyota no eller 100 sportsbilar om 100 år?

Ikkje innlysande

Svaret er for mange innlysande, men det var det ikkje for Stern. Kutta måtte byrja no, og kutta måtte vera like store som i framtida. Men om du er fattig og reknar med at barneborna vert rikare, kor lurt er det å spara mykje no? Stern ville at vi skulle byta ut ei sikker krone no, notidig velferd, med usikre kroner, altså usikker velferd i framtida, sa Nordhaus. I tillegg viste Nordhaus at Sterns eigen metode synte at BNP ville gå opp med 1,3 prosent per år. Det vil seia at BNP per innbyggjar på kloten ville gå opp frå 10.000 dollar i 2006 til 130.000 dollar i 2206. Gjev det då meining å seia at 1 prosent av BNP i 2206 har ein noverdi på 1 prosent av BNP i 2006? Og: «Kor overtydande er ein etisk posisjon som seier at vi må redusera vårt noverande forbruk med eit monaleg nivå for å auka velferda til rike komande generasjonar?»

Konklusjon til Nordhaus var hard. Om verda gjorde som Stern ynskte, kom ikkje det til å skapa ei betre framtid for etterkomarane våre på grunn av for høge CO2-innsparingar og for låge investeringar i velferd og utdanning no: «Den tilrådde strategien vil føra til at framtida får det absolutt verre.» I klartekst: I eit økonomisk perspektiv var det betre ikkje å gjera noko enn å gjera det Stern ville. Nordhaus gav eit sterkt tilskot til at Brown la rapporten i skuffa og sparka Stern over til Overhuset.

Gjera litt

No seier ikkje Nordhaus at vi ikkje skal gjera noko no, men han reknar på kva som skjer om vi gjer mykje, lite eller ingenting, han reknar på kva som skjer med levestandarden vår i ulike scenario. Og det er nett det han gjer i den siste artikkelen sin, Projections and Uncertainties about Climate Change in an Era of Minimal Climate Policies frå august i år. Same veka som det vart kunngjort at Nordhaus ville få Nobels minnepris, la FNs klimapanel, IPCC, fram ein ny rapport der Nordhaus som så ofte før var mykje sitert, og der dei særleg åtvara mot dei ekstremt negative økonomiske konsekvensane av ei utvikling som no gjekk mot ein menneskeskapt auke i temperaturen på 3 grader. IPCC bad om «handlingar utan presedens» i historia, altså heilt unike.

Nordhaus byrjar artikkelen med å kritisera nett IPCC for ikkje å vilja rekna på dei økonomiske konsekvensane av ikkje å gjera noko – «i staden studerer dei stiliserte framtidsbaner som berre er lausleg relaterte til aktuell politikk, produksjon og utsleppsbaner». Og dette seier han altså om eit panel som påstår at dei mellom anna byggjer utgreiingane om sosiale og økonomiske konsekvensar på Nordhaus’ arbeid. Men kva seier modellen som Nordhaus nyttar, om kva som skjer ved 3 graders oppvarming? «Modellen syner at skadane er 2,1 prosent av den globale inntekta ved 3 graders oppvarming.» 2,1 prosent er mindre enn vanleg årsvekst i den globale økonomien.

Og nei, dette er ikkje ein modell som produserer særmerkte resultat, Nordhaus samanliknar sjølvsagt sin eigen reviderte modell med modellane til andre. Han kjem til stort sett dei same resultata som dei fleste andre forskarar. Nordhaus seier rett nok at om det såkalla 2-gradersmålet – som har ein «implisitt» stor kostnad ved ein auke på meir enn 2 grader, og som igjen må tyda at mykje gale må henda etter 2 grader – er rett, så er hans eigen modell feilkalibrert. Då vil «Stern-tilrådingane vera mykje meir økonomisk attraktive. Men noverande skadestudium viser ingen av desse tendensane».

Ikkje uventa funn

Det funnet er heller ikkje uventa. 2-gradersmålet vart i hovudsak valt av di det var eit rundt tal. To grader er truleg heller ikkje eit vippepunkt der klimaet slit seg laust når ein passerer det målet. For utan dramatiske forsterkingsmekanismar avheng global temperatur logaritmisk av CO2-innhaldet i atmosfæren. Ei dobling av CO2 gjev eit fast tal grader med auke. Så om ei CO2-dobling frå 200 til 400 PPM (parts per million) i atmosfæren gjev 2 grader med auke, må vi altså til 800 PPM for å få 4 grader og til 1600 PPM for å få 6 grader høgre temperatur.

Men om vi likevel seier at vi skal nå 2-gradersmålet, vil vi få til det? Nordhaus seier at om vi kuttar 70 prosent av utsleppa frå 2020 og 100 prosent frå 2030, «noko som er urealistisk gjeve politikken til store land», er «sannsynet for at temperaturauken i 2100 vil vera mindre enn 2 grader, omtrent 40 prosent». Igjen vil somme seia at dette ikkje kan stemma, og det kan vera rett, men igjen kan vi berre seia at Nordhaus har sett på kva andre forskarar har kome til: Seks ulike modellar som har som utgangspunkt at prisen for å sleppa ut CO2 skulle gå frå 18 dollar per tonn i 2015 til 520 dollar per tonn fram til 2100, synte ein gjennomsnittleg temperaturauke på 2,8 grader. Det lægste overslaget var 2,2 grader. Dei seks modellane er elles urealistisk optimistiske, sidan den reelle globale gjennomsnittsprisen for å sleppa ut CO2 var under 2 dollar i 2015.

Så kva temperaturauke er det realistisk å sikte seg inn på? Det seier ikkje forskaren Nordhaus, den politiske framtida kjenner ingen, men han har rekna på kva auke som vil vera mest økonomisk lønsam. Han har rekna på Stern-tilrådinga, eit mål på 2,5 grader, og det å gjera ingenting. Han kjem til at den «optimale» temperaturauken om ein tenkjer økonomisk, er 3,5 grader. Nei, dette er ikkje ein auke som er lønsam for alle. Det vil vera frykteleg å måtta forlata heimen sin, eller for ein bonde å sjå grøderik jord verta ørken. Nordhaus snakkar om gjennomsnitt.

Enorme kostnader

Nordhaus har òg sett ein prislapp på dei ulike temperaturaukane med utgangspunkt i det å gjera ingenting, noko som vil føra til ein temperaturauke på 4 grader i 2100. 4 grader set han altså til null (nei, kostnadene ved 4 grader er sjølvsagt enorme, vi snakkar her om ein skala, ikkje om det normative). Vinsten ved å få auken ned til 3,5 grader, eit scenario der CO2-nivået i atmosfæren byrjar å flata ut etter 2080, er på 29,9 billionar 2010-dollar av global BNP, eller om lag 30.000 milliardar dollar. Om ein satsar på 2,5 graders oppvarming, er kostnaden samanlikna med det å gjera ingenting – der utsleppa altså held fram med å auka også etter 2080 – minus 43,2 billionar dollar. Og om ein vel å følgja Sterns tilrådingar, vil det redusera det globale BNP med 67,3 billionar dollar. For dei pengane kan ein bøta på mange framtidige skadar. Så får kvar og ein gjera seg opp ei meining om kven ein vil lytta til: Nordhaus eller Stern. Det avheng sjølvsagt av politisk ståstad. Men mellom fagpersonar er det Nordhaus som har prestisjen om nobelprisen er ein indikasjon.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om ein vel å følgja Sterns tilrådingar, vil det redusera det globale BNP med 67,3 billionar dollar i 2100.

«Modellen syner at skadane er 2,1 prosent av den globale inntekta ved 3 graders oppvarming.»

William Nordhaus, nobelprisvinnar i økonomi

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis