Økonomi

Full kok i økonomien

NHO er vortne optimistar. Men dei vil framleis ha balanserte offentlege budsjett, seier Øystein Dørum.

Om du vil ha frakta ein container frå Kina til Rotterdam, kostar det 90.000 kroner. Prisen har gått opp fem gonger etter covid-19. Her frå hamneterminalen i Hong Kong 6. juni i år.
Om du vil ha frakta ein container frå Kina til Rotterdam, kostar det 90.000 kroner. Prisen har gått opp fem gonger etter covid-19. Her frå hamneterminalen i Hong Kong 6. juni i år. Om du vil ha frakta ein container frå Kina til Rotterdam, kostar det 90.000 kroner. Prisen har gått opp fem gonger etter covid-19. Her frå hamneterminalen i Hong Kong 6. juni i år.
Publisert

Det er sol ute og sol inne, skal vi tru NHOs kvartalsrapport «Økonomisk overblikk» som vart lagd fram denne veka. Verdsøkonomien ligg an til å veksa med 6 prosent i år, og her heime trur NHO at veksten på fastlandet i BNP vert på 3,3 prosent i år og 3,5 prosent neste år. Øystein Dørum er sjeføkonom i NHO.

– Jau, det er stadig betre stemning i verksemdene, smittetala går stadig ned og stadig fleire vert vaksinerte. Vi ser òg eit ytterleg lyft i etterspurnaden. Vi skal nytta pengane vi har spart inne, og svi dei av ute.

– Har krisa betra den langsiktige vekstkrafta i økonomien?

– Der er juryen nok framleis ute. På den eine sida er vi vortne langt meir digitaliserte. Du slepp å fara på pressekonferansar, eg slepp å reisa land og strand rundt med fly. Verksemdene kjem til å nytta meir fjernjobbing framover. Men vel å merka berre der dei kjenner seg trygge på at fjernjobbing er meir effektivt enn alternativa. Teorien seier at næringslivet vel det som er mest produktivt. Det er ikkje heilt lett å måla slikt, men eg kjenner meg nokså trygg på at framskundinga av digitaliseringa har lyfta og kjem til å lyfta produktiviteten.

– Så var det den andre sida.

– Kriser fører til omstillingar på godt og vondt. Det vil taka to år før vi er på arbeidsløysa vi var på før krisa, vi snakkar om tidleg 2023. Å vera lenge utanfor arbeidslivet fører ofte til varig utstøyting, og vi hadde alt før krisa eit problem med fallande arbeidsdeltaking. Nei, det i seg sjølv fører ikkje til eit fall i produktiviteten, men i produksjonen. BNP vert ikkje like høgt per innbyggar som det kunne ha vore. Vi kan også få ein lægre vekst i realkapitalen, men den frykta har eg i stor grad lagt frå meg, samanlikna med kvar eg var for eit år sidan. Vi har fått ein skarphogd «V» i verdsøkonomien og ikkje den langstrekte «U»-en vi såg etter finanskrisa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement