Fortid for alle pengane
Kor mange museumsbygg- og gjenstandar treng vi, og kor store ressursar skal vi bruke på dei?
Nær ti tusen gjestar kjøpte i fjor billett for å sjå Heljegardsstabburet og Vigdalsloftet i De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.
Foto: Bjorn Erik Pedersen / Wikimedia Commons
Freding og vern
Alt i Gulatingslova frå 1100-talet og Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 blir det oppmoda om å ta vare på kulturminne og kulturmiljø. Dagens kulturminnelov – frå 1978, endra i 2018 – er basert på Lov om Fredning og Bevaring af Fortidslevninger frå 1905.
I lova står det: «Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Med kulturmiljø menes områder hvor kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng.»
Ifølge kulturminnelova er kulturminne frå før reformasjonen (1537) automatisk freda. Dei skal bevarast fordi dei er vitskapelege kjelder, og fordi alle skal få høve til å sjå dei.
Mens freda bygg er freda gjennom kulturminnelova, er verna bygg verna gjennom plan- og bygningslova. Då er det den enkelte kommunens krav og restriksjonar som gjeld. Krava til oppussing av freda bygg er strengare enn for verna bygg.
Ordet verneverdig blir av mange brukt om både freda og verna bygg.

Kulturminnevern
marita@dagogtid.no
Ein dag i juni rusla dronning Sonja rundt ved Jølstravatnet i Sunnfjord. Sola skein, folk lufta bunaden, og det var – som ordførar Jenny Følling sa – som om alle dei frammøtte sat i eit Astrup-måleri.
– Astruptunet har fått ei skikkeleg ansiktsløfting. Det er eit solid stykke fagleg arbeid som er utført. No er det om lag slik det var den gongen Astrup gjekk rundt her i tunet, talte ho.
Ansiktsløftinga ho sikta til, før dronning Sonja klipte snora, er eit resultat av fire års restaureringsarbeid med ei økonomisk ramme på 46 millionar kroner. Sparebankstiftelsen DNB løyvde 10 millionar. Ein stor slump gjekk til å restaurere den store hagen til Nikolai Astrup, som tok vare på og eksperimenterte med artar.
Landskapsarkitekten som har jobba med tunet i fire år, gjer i ein rapport til kommunen greie for vedlikehaldsbehovet framover. Ho meiner dei bør tilsette tre gartnarar.
– Her er det to oppfatningar av røynda, seier museumsdirektør Jan Heggheim.
– Du har den optimale situasjonen, som landskapsarkitekten presenterer, og så har du den reelle situasjonen. Vi var heldige som fekk pengar av DNB-stiftinga, men frå no av er det den kommunale økonomien som styrer. Vi håpar vi kan ha ein gartnar i full stilling. Men vi treng òg fleire pedagogiske ressursar. Vi må drive kostnadseffektivt.
Uoverkommeleg
DNB-stiftinga eig delar av Astrup-samlinga. At dei investerer i Astruptunet, er ganske sikkert motivert av at dei ønsker å oppretthalde verdien av samlinga.
– Eg har tatt til orde for eit vedlikehaldsfond som gir private fond, verksemder og offentlege institusjonar høve til å skyte inn midlar. Dette arbeidet vil bli følgt opp i haust, opplyser direktøren.
Heggheim styrer ikkje berre eitt, men tolv museum: Musea i Sogn og Fjordane (MiSF). Dei blei slått saman i 2009, i ei nasjonal reform som skulle sikre betre drift og samarbeid. Då var dei ni. Talet på museum går altså ikkje ned. I 2009 var det 4866 kulturhistoriske bygningar i Noreg. I dag er det 5067, ifølge Statistisk sentralbyrå.
– Hadde ikkje musea blitt slått saman, hadde vi ikkje vore i nærleiken når det gjeld vedlikehald. Vi er langt betre rusta enn dei var for 15 år sidan. Men det er berre å slå fast at vedlikehaldsoppgåva er uoverkommeleg.
MiSF består av over 160.000 verneverdige objekt, mellom anna 176 kulturhistoriske bygningar og 142 farkostar. Dei hadde 48.459 besøkande i 2023. Mest besøkt er De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, med 9735 selde billettar i fjor. Drifta krev 64 årsverk og 65 millionar kroner i offentlege tilskot.
Heggheim meiner MiSF har gjort mykje rett.
– Vi har ein god handlingsplan og veit kva vi skal bruke pengar på. Vi har gjort ein grundig jobb dei siste fire åra og er blant dei som har komme lengst når det gjeld å ha oversikt over bygningsmassen og kor vi skal drive formidling.
Når det gjeld vedlikehald, ligg MiSF midt på treet, meiner han.
– Med tanke på at verda ikkje er perfekt, får vi det ganske bra til. Konflikten vi sit i, er at vi må velje kva vi skal ta vare på og ikkje. I eit makroøkonomisk perspektiv tar vi vare på for mykje. På den andre sida, på mikronivået, har lokalsamfunna behov for å ta vare på ting.
Gåver og dugnad
Konflikt blir det når kommunar og fylkeskommunar skal velje og vrake blant alle som treng tilskot. Ser ein på lokalavisene, vekker museumsdrift, kulturminnevern og pengane det skortar på, kjensler. Som når Kulturhistorisk museum i Bergen må halde stengt og oppgraderast i ti år fordi branntryggleiken er for dårleg, blant anna.
Tinn museum, som Norsk industriarbeidermuseum (NIA) har ansvaret for å vedlikehalde, har fått kritikk både for å halde stengt på grunn av vedlikehald og for ikkje å pusse opp fort nok. Seinast 20. august, i ei sak i Rjukan Arbeiderblad, understreka museumsdirektør Anna Hereid at å ta vare på over 100 gamle bygg og det dei rommar, er eit stort samfunnsoppdrag. Økonomien er ikkje tilpassa oppdraget, seier ho.
I ei anna sak, i Bygdeposten, seier direktør Tom Oddby ved Buskerudmuseet, som består av 250 antikvariske bygningar frå Hemsedal i nord til Kongsberg i sør, at musea er og blir underfinansierte og avhengige av gåver og tilskot frå private aktørar.
Ved mange museum bidrar frivillige med arbeidskraft eller midlar, men kulturminnevern krev kompetanse. Som direktør Marianne L. Nielsen ved Bymuseet i Bergen sa i Bergens Tidende for nokre år sidan: «Som museumsdirektør er jeg fortvilet, og jeg skjemmes. Man trenger ikke å være ekspert for å se forfallet, men det kreves fagutdannelse for å forvalte dette på en forsvarlig måte. (…) Hvor er tiltakene som monner og viser at våre politikere tar ansvar for kulturarven og kulturell bærekraft både fra et drifts- og klimaperspektiv? Vi kan ikke drive et profesjonelt museum på dugnad.»
Skarve 3,5 prosent
Utviklinga har gått i rykk og napp. I 2005 la Stortinget fram ein nasjonal plan om at freda og verneverdige kulturminne og -miljø skulle vere sikra og ha eit «ordinært vedlikehaldsnivå» innan 2020.
I 2009 sa Riksrevisjonen at måla neppe ville bli nådde, blant anna fordi forvaltninga mangla oversikt over verneverdige kulturminne. Det måtte eit kunnskapsløft til.
I 2014 anslo Riksantikvaren at staten måtte bruke 825 millionar kroner fram mot 2020 for å hindre at kulturminne i privat eige blei øydelagde etter å ha blitt forsømde i generasjonar. Nær 2000 av 3362 freda bygningar hadde behov for restaurering.
NRK besøkte Anno Museum i Hedmark, med nær 500 bygningar og minst 180.000 gjenstandar, og konstaterte at mange hus var såpass prega av rote og andre skadar at det ville koste 250 millionar kroner å sette dei i stand.
I 2018 utførte Kulturrådet ei kartlegging der det kom fram at over halvparten av dei nasjonale museumsbygningane hadde restaureringsbehov. 900 hadde den dårlegaste tilstandsgraden ein bygning kan ha. Kostnaden blei estimert til 3,2 milliardar kroner.
I 2020 konkluderte regjeringa med at måla ikkje ville bli nådde.
Hoppar vi fram til 2024 og tilbake til Anno, ser vi at 15 av dei 500 bygningane – skarve 3,5 prosent – ikkje krev vedlikehald eller restaurering, ifølge museets siste årsrapport.
Millionar her og der
Samtidig blir det sett nye besøksrekordar. Anno hadde rundt 180.000 besøkande – og ei omsetning på 148 millionar kroner – i fjor. For å ta eit par døme til hadde Vest-Agder-museet 132.914 besøkande, Lofotr Vikingmuseum, eit av 21 museum i Museum Nord, 119.162 og Frammuseet i Oslo 473.494.
Om eit museum manglar ressursar til vern, vedlikehald, forvaltning og oppbevaring, kan dei ikkje berre stenge. Eigarane av dei rundt 9000 freda bygningane i Noreg er lovpålagde å halde dei ved like – fordi dei er vitskapelege kjelder, og fordi alle skal få høve til å sjå dei. Og dei treng billettinntektene.
Kven som elles skal ta rekninga, er ikkje automatisk gitt.
Ifølge Statistisk sentralbyrå blei det delt ut nær 5,3 milliardar kroner til museum og samlingar i 2023. Dei nasjonale musea søker, staten gir det han vil gi, og Kulturdirektoratet, som har ansvaret for fleirtalet av dei, sjekkar at musea som får tilskot, gjer det dei skal.
Når det gjeld kyrkjene, får dei frå no av pengar til vern via eit nyoppretta kyrkjebevaringsfond, som har delt ut 94 millionar kroner i år. Riksantikvaren på si side deler ut 152 millionar til vern av freda bygningar i privat eige.
Norsk kulturminnefond delte ut 119 millionar i fjor, etter å ha fått 1685 søknader om tilskot – til alt frå fagseminar til båt- og bygningsrestaurering – på til saman 533 millionar.
Blant anna bad Fløirestauranten i Bergen om 10 millionar kroner; dei fekk 0.
Jølstramuseet i Sunnfjord søkte om 753.800 kroner og fekk 500.000 til å restaurere eit av dei opptil 400 år gamle husa på museet, Strandstova, som var rote- og fuktskadd.
Ei vekes tid etter at dronning Sonja opna det restaurerte Astruptunet i sommar, opna ekteparet Heidi og Frode Årdal Strandstova. Av eiga lomme brukte dei over 500.000 kroner, som dei må tene inn igjen gjennom utleige og restaurantdrift.
Vurderingar og tiltak
Mange meiner at det blir mykje byråkrati – at avstanden mellom det utette taket og kontora til riksantikvarane og kulturpolitikarane er for stor. Før musea kan søke om tilskot til reparasjonar, må dei søke om få gjort undersøkingar. Ofte vil mange ulike fagpersonar som veit kva dei treng på sitt felt, bli involverte i prosessen.
I tillegg skal musea drive med forsking og opplysningsarbeid, kanskje i samarbeid med andre – som når Norsk Bergverksmuseum i Kongsberg samarbeider med Universitetet i Søraust-Noreg om kultur-, forskings- og formidlingsprosjekt.
Det høyrer òg med at ein del kulturminne og -miljø av nasjonal betydning står i fare for å gå tapt som følge av ekstremvêr og klimaendringar. Riksantikvaren meiner at kulturmiljøvern må vere ein del av det generelle beredskapsarbeidet i landet, og ønsker at kommunane utarbeider tilstandsvurderingar og risikoanalysar og set i verk sikringstiltak. Ein kan blant anna heve bygg, og ein kan sette opp erosjonssikring.
Vågåmo kommune, som har mange freda bygningar, har utført ein «moglegheitsstudie» for å sjå på korleis dei kan sikre seg mot ekstremvêr. Prislappen kjem på 31,6 milliardar kroner, ifølge Noregs vassdrags- og energidirektorat.
100 års digitalisering
Men det som brenn no, ifølge Kulturdirektoratets siste museumsvurderingar, er forvaltning – og då særleg registrering og digitalisering av samlingane. Mange heng etter med planarbeid, og det har vore for lite samarbeid og kompetansedeling.
– Det er stor frustrasjon ute i feltet, seier Svein Skarheim, som er direktør ved Norsk Bergverksmuseum.
– På dette området har musea ei umogleg oppgåve. Kulturdirektoratet påpeikar at samlingsforvaltning og -bevaring utgjer den største utfordringa, men det blir ikkje løyvd ekstra ressursar. Tida går og etterslepet veks.
Kulturdirektoratet har peika på at med dagens arbeidstakt vil musea ha registrert samlingane sine i 2078, og digitaliseringa vil vere ferdigstilt i 2121. Musea har ikkje ressursane som trengst til å løyse utfordringa.
– Her må vi få inn nasjonal overordna tenking og berekraftige løysingar, seier Skarheim.
Han fortel at slik det er no, må kvart museum finne si eiga løysing på dei same utfordringane: arbeide politisk med å få støtte til å bygge sitt eige magasin, skaffe pengar, etablere byggekomitear, velje ventilasjons- og brannsløkkingssystem og så vidare.
– Dette gjer museumsdirektørjobben til ein av dei artigaste jobbane som finst, understrekar han.
– Men er det rasjonell bruk av offentlege midlar?
Elefanten i rommet
Det er lett å seie at når eit museum ikkje klarer å få oversikt over samlingane sine eller halde bygningane ved like, så er det museets eiga misere.
– Men spørsmålet er sjølvsagt viktigare enn som så, seier Skarheim.
– Vi snakkar om vår felles kulturarv. Men skal ein tru signala frå Kulturdepartementet, får vi ingen substansielle økonomiske løft til drift i sektoren.
Ifølge Kulturrådets museumsstatistikk forvaltar dei 106 norske musea som ligg under Kultur- og likestillingsdepartementet, 3,7 millionar kulturhistoriske gjenstandar, 8,5 millionar arkeologiske gjenstandar, 10,6 millionar naturhistoriske gjenstandar og 47 millionar fotografi. I tillegg kjem gjenstandane som er utstilte og lagra på universitetsmusea, dei samiske musea og dei kommunale musea, som ligg under andre departement.
Altfor mange av gjenstandane blir ikkje forsvarleg oppbevarte, altså kan dei bli øydelagde.
– Synest du vi tar vare på for mykje?
– Éin museumsdirektør kan meine at to stabbur og sju karjolar er ei passe stor samling. Men når alle musea isolert sett gjer slike vurderingar, kan resultatet bli at vi samla sett tar vare på for mykje.
Spørsmålet er ikkje nytt, seier han. Likevel er det ein elefant – eller karjol – i rommet.
– Vi treng ei overordna nasjonal prioritering for kva musea skal ta vare på.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Konflikten vi sit i, er at vi må velje kva vi skal ta vare på og ikkje.
Jan Heggheim, direktør ved
Musea i Sogn og Fjordane
– Det er stor frustrasjon ute i feltet.
Svein Skarheim, direktør ved Norsk Bergverksmuseum
Fleire artiklar
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Statsminister Michel Barnier på veg til talarstolen i den franske nasjonalforsamlinga 4. desember, der han vart kasta i eit mistillitsvotum frå eit klårt fleirtal.
Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB
PARIS: Frankrike er i uvisse om framtida etter regjeringskrise.
Opprørarar frå islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham ved Aleppo 29. november. Den største byen i Syria fall raskt da opprørarane gjekk til åtak.
Foto: Mahmoud Hasano / Reuters / NTB