JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Ei offentleg utgreiing for arkivet

Dei leiande økonomane i Noreg har skrive om kva vi bør gjera med norsk økonomi etter covid-19-pandemien. Det er nokså mykje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utvalsleiar Jon Gunnar Pedersen og finansminister Jan Tore Sanner under pressekonferansen der den endelege rapporten frå «Norge mot 2025» vart presentert. Passande nok hadde Sanner munnbind.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

14716
20210409

Bakgrunn

Straks Noreg stengde ned i mars 2020, sette Finansdepartementet ned eit utval som skulle gje råd om korleis vi skulle handtera dei økonomiske problema landet kom til å få. 

NOU 2021:4, Norge mot 2025, vart lagd fram rett før påske. 

Utvalet vil ha eit endra skattesystem og ein strammare finanspolitikk, og åtvarar mot tilkaring. 

Økonomi

jon@dagogtid.no

«Der er det mykje å gjera og lite å få gjort», sa visstnok Einar Førde om Europarådet. Hadde han vore i live i dag, kunne han sagt det same om norsk økonomi. Vi veit det i grunnen frå før: Produktiviteten står stille, arbeidsdeltakinga går ned og staten gjev dei noverande innbyggjarane velferdsgode som komande generasjonar ikkje kjem til å få. Noko må gjerast, og lite vert gjort. Det vert helst til at politikarane plagar kvarandre med kven som har skulda for stoda.

For nokre veker sidan sende mannen med den for tida fremste politiske teften, Trygve Slagsvold Vedum, eit spørsmål til finansminister Jan Tore Sanner. Poenget med å stilla ministrar spørsmål er det same som grunnen til at advokatar stiller spørsmål i ei rettssak: ikkje for å få vita noko dei ikkje visste, svaret kjenner dei sjølvsagt på førehand, nei, spørsmål vert stilte for å undergrava truverdet til motparten. Det tilsynelatande fromme ynsket frå Vedum var dette: «Kan statsråden legge frem oversikt over utviklingen i disponibel realinntekt per innbygger for hver ulike regjering Norge har hatt siden 2. verdenskrig og frem til i dag, eventuelt legge frem en tilsvarende oversikt fordelt på hver stortingsperiode?»

Svaret frå Sanner vart som Vedum visste det måtte verta: Ingen har vore i nærleiken av å gjera det så dårleg som regjeringane til Erna Solberg. Ikkje berre har inntektene slutta å auka, dei har byrja å gå tydeleg attende, og ikkje berre i éin av periodane til Solberg, men i båe. Dei åtte åra til Solberg har vore unikt negative i nyare norsk økonomisk historie. For, synte tabellen Sanner måtte leggja fram: Mellom 2013 og 2017 gjekk disponibel realinntekt, altså det kvar innbyggjar i gjennomsnitt hentar inn av inntekter for AS Noreg, attende med 4,7 prosent. Mellom 2017 og 2021 var talet 8,5 prosent. Vedum går væpna inn i valkampen.

Ikkje covid-19

Nei, covid-19 kan ikkje forklara meir enn ein liten del av attendegangen. Tendensen har, som vi ser, vore der lenge. Sanner gav to forklaringar på attendegangen: at vi har vorte langt fleire her til lands, all innvandringa gjer at vi må dela det vi tener, på fleire, og fallet i oljeprisen. Båe delar er sjølvsagt rett. Men når andre nasjonar slit, kan dei ikkje pøsa inn meir pengar frå bankkontoen kalla Oljefondet, slik Noreg har gjort, for på det viset hindra at dei som framleis er i arbeid, sit att med mykje mindre pengar i løns­posen. Andre land må omstilla seg og finna nye inntekter når dei gamle inntektene turkar inn. Men det gjer ikkje Noreg i særleg grad. Arbeidsdeltakinga går ned, offentleg sektor tilset endå fleire, og stadig fleire unge vert anten førte inn i kamuflert arbeidsløyse i høgre utdanning eller enkelt og greitt gjevne trygd.  

Sånn kan vi ikkje halda fram, har NOU etter NOU fortalt. Sanners svar på dei dårlege tala, som lenge har vore kjende, har vore å be endå eit utval om å laga endå ei offentleg utgreiing. Denne gongen heiter NOU-en Norge mot 2025 – Om grunnlaget for verdiskaping, produksjon, sysselsetting og velferd etter pandemien. Utgreiinga skal fortelja oss korleis vi skal omstilla oss etter pandemien. Utvalet har vore leia av økonomen Jon Gunnar Pedersen, som elles har vore statssekretær i Finansdepartementet.

Det Pedersen ikkje fekk til medan han var der, skal han no prøva å få dei som tek over leiinga av økonomistyringa til hausten, til å gjera. Utvalet har, som slike utval alltid plar ha, med seg representantar frå dei ulike partane i arbeidslivet og den fremste akademiske ekspertisen. Sekretariatet, dei som skriv og hentar dei fleste tala, har vore byråkratar frå nett Finansdepartementet. Også det samsvarar med tradisjonen. Den som vil læra seg noko om økonomi, gjer ikkje dumt i å byrja med denne rapporten. Dei to sekretariatsleiarane, Erik Storm og Per Øystein Eikrem, er både skriveføre og pedagogiske. 

Mest om det meste

I grunnen seier Norge mot 2025 ikkje så mykje om konsekvensane av pandemien. Han seier mest om dei generelle problema norsk økonomi slit med, og bøteråda mot desse. Men det utvalet er klare på, er at pandemien etter det meste å døma forsterkar dei grunnleggjande problema vi har med omstilling og arbeidsdeltaking: «I Norge har staten i mer omfattende grad enn noen gang kompensert bedriftene for inntektsbortfall under krisen. Dette er noe nytt som krever særlig aktsomhet. (…) Kompensasjonsordningen kan bidra til at også ikke-levedyktige bedrifter blir videreført. Denne ulempen må forventes å tilta over tid.»

Og kven er det vi særleg ikkje bør lytta for mykje til? Særinteressene, dei som vil ha pengar frå staten i staden for marknaden: «Næringsinteresser bør konsulteres, men ikke komme i en særstilling som rådgivere for ordninger hvor de også er mottaker av støtte.» Sagt i klartekst: Ver på vakt mot dei som prøver å kara til seg.

NOU-en har elles eit litt uventa trekk: Han dreg opp dei verkeleg store og lange historiske linene. Alt er ikkje svart: «I flere tusen år kunne mennesket bevege seg så raskt som en hest med rytter kunne løpe. I 1825 åpnet et damplokomotiv den første jernbanen mellom Stockton og Darlington. I 1903 tok det første motordrevne flyet av fra Kitty Hawk i North Carolina. Sekstiseks år senere landet det første mennesket på månen. (…) Det ser ut til å ha tatt kinesiske forskere om lag ti dager å sekvensere virusets arvestoff. To dager senere hadde legemiddelselskapet Moderna i USA utviklet en mulig vaksine som vi i Norge begynte å bruke 364 dager senere.»

Men hovudbiletet er diverre negativt, både nasjonalt og internasjonalt: «I 2025 vil krisen (i Noreg, red.merk.) merkes gjennom de spor den har etterlatt. I husholdningene, i arbeidsmarkedet, i næringslivet og i statens finanser. (…) Pandemien har utløst et fall i verdensøkonomien som vil prege utviklingen i lang tid fremover.»

Kva no?

Så kva, med Lenin, lyt gjerast? Det vi alltid bør streva etter, meiner utvalet: Vi må betra koordineringa, både mellom alle dei offentlege etatane som har ansvar for å få til omstilling, og dei som administrerer arbeidsmarknadstiltaka, som diverre ikkje er evidensbaserte og heller ikkje har viste seg å fungera. Nav bør få eit større overordna ansvar, etterutdanninga bør verta betre, og vi må dessutan få meir lønsame arbeidsplassar. I tillegg bør klimapolitikken, som også i denne NOU-en er sentral, verta meir nøytral. «Prinsipper for en effektiv klimapolitikk tilsier at alle utslipp skal prises og at avgiften skal være lik over alle sektorer for å sikre at kuttene skjer der de koster minst for samfunnet. Dette er ikke oppfylt i Norge. Olje- og gassektoren står overfor både kvotepris og CO2-avgift. En del sektorer innenfor ikke-kvotepliktig sektor står overfor en lavere pris enn den generelle avgiften, og en del sektorer er unntatt avgift.»

Og som alltid i slike NOU-ar må skattesystemet verta betre. Om vi tettar smotthol, fjernar frådrag, skattlegg eigedom hardare og hentar inn grunnrente vi ikkje hentar inn i dag, kan vi setja ned skatten på løn, som igjen gjer at vi får fleire i arbeid og at dei som arbeider, arbeider meir. «Skatt på arbeidsinntekt fører til at gevinstene ved å arbeide blir mindre. Det svekker arbeidstilbudet.»

Korleis har utvalet tenkt å få ei omlegging av skattesystemet? Dei føreslår at vi får eit nytt utval: «Utvalget foreslår at det nedsettes et eget utvalg som foretar en helhetlig gjennomgang av skattesystemet og vurdere sider ved skattesystemet som kan justeres for å styrke produktivitetsveksten og konkurransekraften, samtidig som fordelingshensyn og hensynet til naturens bærekraft ivaretas.»

Tax-free? Nei!

Men eitt framlegg kjem dei med, som dei meiner vi ikkje treng endå eit utval for å få gjennomført: «Utvalget foreslår også at tax free-ordningen avvikles.» Ordninga undergrev både det norske avgiftssystemet og Vinmonopolet, og dessutan fører ho til ikkje-naudsynte reiser, som igjen aukar klimautsleppa. Også her er utvalet på line med ei rekkje tidlegare utval, som til dømes eit Kristin Halvorsen sette ned. Hennar svar var det same som finansministrane etter henne også har kome med, eit klart nei: «Jeg vil ikke være en festbrems.»

Men sjølv om råda ikkje er uventa, og den samla oversikten utvalet gjev, samsvarar med det tidlegare utval har kome med, kjem det sjølvsagt fram nye ting for lekfolk. Trass alt er rådet sett ned på grunn av ein unik pandemi. Særleg i starten av pandemien var det debatt om kor sterke tiltaka burde vera: Kor langt burde vi gå i smittevern? Hadde det kanskje vore best å lata viruset spreia seg for slik å nå flokkimmunitet?

Utvalet landar i hovudsak på at smitteverntiltaka har vore fornuftige, og at dei landa som har vore best til å hindra smittespreiing, er dei landa som er minst skadde økonomisk. Utvalet har likevel ikkje noko fasitsvar: «IMF antyder at en tilstrekkelig streng nedstengning over en kortere periode gir bedre resultater enn mildere og mer langvarige tiltak. Til tross for at streng nedstengning reduserer smitte, finner OECD at utover et visst nivå gir ytterligere nedstenging liten effekt.»

Den internasjonale konsensusen ser ut til å vera at når ein har fått ned smitta, bør resten handla om slikt som munnbind, sporing og generelt smittevern – altså omtrent der Noreg har vore under store delar av pandemien. Så er då også Noreg, som utvalet peikar på, eit av dei landa som er minst råka av økonomisk nedgang. «Den økonomiske nedgangen under koronapandemien har vært mindre i Norge enn i de fleste andre land i Europa. En årsak til dette er at vi i Norge lyktes i å holde smitten på et relativt lavt nivå.»

Men samstundes seier utvalet at tiltaka i liten grad har vore forskingsbaserte, og at pandemien bør føra til ny forsking, som igjen kan fortelja oss om korleis vi skal oppføra oss neste gong eit virus slår til.

Ein katastrofe

For verdsøkonomien har covid-19-pandemien vore katastrofal, for Norden uheldig. Dei nordiske landa er mellom dei som har nytta relativt minst for å hjelpa folk og verksemder gjennom krisa, noko som delvis vert forklart med at vi frå før var dei største velferdsstatane i verda. Vi har dei beste forsikringsordningane, andre må betala dyrt når krisa er der. Samla har verdas land nytta vel 13 prosent av verdiskapinga, BNP, på tiltak, noko som har auka gjeldsnivået dramatisk. Frå før hadde dei rike landa ei gjeld på 105 prosent av BNP, no er gjelda på 123 prosent, eit gjeldsnivå vi ikkje har sett sidan andre verdskrigen.

Men krigen vart avløyst av rekordhøg økonomisk vekst og ein særs positiv demografi, Vesten kunne veksa seg ut av gjeldsbøra. Noko slikt er det ingen som ser føre seg skal skje etter denne krisa. I tillegg var det private gjeldsnivået alt før covid-19-pandemien rekordhøgt. Verda har no ei samla skuld på 250 prosent av global BNP. Kva utslag dette kan gje, vedgår utvalet at dei har vanskar med å sjå føre seg, særleg av di så mykje av gjelda har kome i hendene på sentralbankane. Kanskje får vi inflasjon, kanskje ikkje. Kanskje får vi ei finanskrise, kanskje ikkje. Vi seglar i ukjent farvatn.

Unnatakslandet

Noreg er ein annan stad, men også vi kjem til å merka krisa på offentlege budsjett i framtida. Vi har nytta særs mykje oljepengar, både i 2020 og i 2021, som er ei av forklaringane på at norsk BNP har halde seg såpass høgt gjennom krisa. Staten har delt ut pengar både til dei verdige og dei uverdige: «Tas det hensyn til budsjettsvekkelsen som følger av lavere skatteinntekter og økte utgifter til dagpenger for permitterte og arbeidsledige, kan merbruken av oljepenger over disse to årene anslås til om lag 370 mrd. kroner. Alt annet likt bidrar merforbruket til at verdien av Statens pensjonsfond utland blir tilsvarende lavere, noe som innebærer et tap av finansieringsbidrag fra fondet til statsbudsjettet på om lag 11 mrd. kroner i alle fremtidige år.» Dei 370 milliardane kjem på toppen av dei om lag 500 milliardane vi i alle høve skulle taka ut av Oljefondet utan viruskrisa. 

Samstundes kjem nok krisa til å føra til ei vedvarande lægre sysselsetting, for mange har vore støytte ut av arbeidslivet for lenge til å kunne koma attende. Om vi seier at arbeidsdeltakinga går ned med så lite som 0,2 prosentpoeng varig, går BNP ned med 12 milliardar. Allereie før krisa visste vi at i Noreg var det å få opp arbeidsdeltakinga og produktiviteten det viktigaste av alt. No er det endå viktigare. I dei tolv åra før finanskrisa i 2008 gjekk verdiskapinga per innbyggjar opp med 3 prosent per år. I dei tolv åra etter har talet vore 0,7 prosent.

Det meste av nedgangen i BNP-veksten kjem av den manglande veksten i arbeidsproduktivitet. «Dette er svært bekymringsfullt, fordi vekst i produktiviteten er den definitivt viktigste driveren bak oppgangen i inntekt og levestandard på lang sikt». Det hjelper heller ikkje at norsk industri har hatt lægre produktivitetsvekst enn utanlandsk industri dei siste 20 åra.

Samla sett

Skal vi summera opp kva utvalet meiner bør gjerast, er det med få ord dette: Vi må få eit betre skattesystem som gjer det meir attraktivt å arbeida, vi må føra ein stram finanspolitikk som inneber at vi i vanlege år må nytta klart mindre enn 3 prosent av Oljefondet – politikarane må ikkje gløyma at Oljefondet er laga i eit generasjonsperspektiv,  og vi må for all del ikkje gje etter for næringsliv og lobbyistar som seier at dei treng meir pengar frå staten, for slik å gjera oss meir klimavenlege. Det er i hovudsak skatte- og avgiftssystemet som må nyttast i klimakampen.

Kort og litt flåsete sagt ynskjer utvalet at Noreg skal vera der vi var under den fyrste Stoltenberg-regjeringa: «Også den økonomiske politikken i bredere forstand må ta sin del av ansvaret for en stabil utvikling, og leve opp til Stortingets ønske fra 2001 om at bruken av oljeinntekter over statsbudsjettet skulle bidra til vekstkraft i norsk økonomi. Denne føringen må holdes fast i en tid der mange næringsformål under merkelappen grønt skifte løftes frem som verdige trengende i kampen om statens budsjettmidler.»

Om vi skal våga oss på ein spådom: Også denne NOU-en vert lagd djupt ned i arkivskuffa, saman med alle dei andre NOU-ane Stortinget har valt å ignorera dei siste ti–tolv åra.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Pandemien har utløst et fall i verdensøkonomien som vil prege utviklingen i lang tid fremover.»

NOU 2021:4 – Norge mot 2025

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis