JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Ei korrupt verd

Amerikanaren Jared Bibler var sjefetterforskar på Island etter bankkrisa. No har han skrive ei nattsvart bok om både den islandske og den internasjonale finansmarknaden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jared Bibler.

Jared Bibler.

Foto: Dominic Buettner/Zuerich

Jared Bibler.

Jared Bibler.

Foto: Dominic Buettner/Zuerich

14140
20220211

Bakgrunn

Jared Bibler er amerikanar med bakgrunn frå Wall Street.

Før bankkrisa på Island arbeidde han i Landsbanki. Han slutta og tok arbeid som sjefetterforskar.

Han fortel soga om bankkrisa i boka Iceland’s Secret. The Untold Story of the World’s Biggest Con.

Finans

jon@dagogtid.no

Den fyrste innsidesaka det islandske Finanstilsynet (FME) sende over til statsadvokaten, som hadde fått i oppdrag å døma i det minste nokre av svindlarane, var nokså enkel, men pikant. Han som var skulda for innsidehandel, arbeidde nemleg i det islandske finansdepartementet, og det er alltid uheldig når tilsette i eit finansdepartement vert skulda for å nytta innsideinformasjon til å gjera seg sjølv rikare. Det er difor tilsette i finansdepartementet stort sett verda over har forbod mot å eiga aksjar i einskildfirma.

Kva var så byråkraten skulda for? Jau, rett før bankkollapsen i Landsbanki, den eldste banken på Island som i si tid hadde vore sentralbanken, hadde byråkraten eit møte med den administrerande direktøren i Landsbanki. Direktøren sa at det gjekk mot konkurs. Då møtet var over, ringde byråkraten straks meklaren sin og bad han selja alle aksjane byråkraten hadde i Landsbanki. Byråkraten hadde aksjar som då var verde 2,3 millionar dollar. Etter salet sette byråkraten inn pengane på ein vanleg bankkonto.

Samstundes arbeidde finansdepartementet med ei naudlov som Lagtinget vedtok då Landsbanki og dei to andre store bankane, Kaupthing og Glitnir, gjekk konkurs hausten 2008. Lova gav fullt vern for alle pengar islendingar, men ikkje utlendingar, hadde ståande på bankkonto. Det islandske penge- og betalingssystemet måtte haldast oppe. Byråkraten var sikra alle dei 2,3 millionane dollarane han hadde selt aksjar for.

Finansråden

Kven var så byråkraten? Det var sjølvaste finansråden, den mektigaste embetsmannen i den islandske regjeringa, Islands svar på slike som Arne Øien, Svein Gjedrem og Tore Eriksen. Soga er henta frå den nye boka Iceland’s Secret. The Untold Story of the World’s Biggest Con, som har fått strålande kritikkar i mellom anna Financial Times. Boka er skriven av amerikanaren Jared Bibler, som er utdanna ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) og arbeidde som programmerar på Wall Street, før han fann ut at han ville flytta til Island.

På Island byrja han fyrst som kodar for eit lite firma, før han tok seg arbeid i Landsbanki, der han mellom anna arbeidde med å laga ulike investeringsprofilar for dei islandske pensjonsfonda. Berre dagar før Landsbanki gjekk konkurs, sa han opp arbeidet. Han var lei av den totale mangelen på profesjonalitet og integritet. Nokre månader etter konkursen fekk han arbeid som sjefetterforskar ved FME, der han la grunnlaget for å få dømt nokre av dei største dokumenterte svindlarane i verdssoga.

Sveits

Tysdag denne veka intervjua eg Bibler, som no bur i Sveits, via Zoom. Det er ein desillusjonert mann eg snakkar med. Han tok ein liknande jobb i Sveits som den han hadde på Island. Han sa opp på Island av di han meinte det var altfor liten vilje til å gå etter dei kriminelle. Det same gjorde han etter kvart i Sveits.

I boka fortel han om alt han fekk til på Island, men han fortel endå meir om det han ikkje fekk til, og all sabotasjen han og dei andre etterforskarane møtte då dei prøvde å få svindlarane dømde. Bibler meiner enkelt og greitt at det ingen stad i verda finst ein verkeleg vilje til å gå etter alle dei som kvar einaste dag stel pengar frå fellesskapen.

Eg protesterer og seier at det til dømes er utenkjeleg at ein norsk finansråd driv med innsidehandel, og at det som skjedde på Island, umogleg kunne ha skjedd i dei andre nordiske landa, som tapte lite på den islandske galskapen. Eg påstår at Island er og vert eit klansamfunn, der alle kjenner alle og gjer kvarandre tenester i påvente av ei motyting.

– Ja, eg er klar over at resten av Norden såg og ser på Island som ville vesten. Truleg var det difor at de heller ikkje tapte pengar på øya. Men her i Sveits og i den tysktalande delen av Europa er Island det store, reine landet i nord. Når eg fortel folk her nede at Island er fullt av korrupsjon, nektar dei å tru det. Det er kanskje også difor bankar i Tyskland lånte så mykje pengar til islendingane. Men Island har noko å seia til oss alle.

Usamd

Bibler er elles heilt usamd med meg i påstanden om at vi kan forventa at det øvste byråkratiet er ukorrupt i såkalla velfungerande land. Han seier eg er naiv når eg trur dei øvste tilsette i det norske Finansdepartementet per definisjon er reine.

– Her i Sveits er det berre eit par år sidan sjefen i sentralbanken vart teken i innsidehandel. Han nytta kona si. At du ikkje høyrer om svindel, er ikkje det same som at svindel ikkje går føre seg. Svindelen på Island kunne ikkje ha skjedd utan at store delar av resten av verda hjelpte til eller såg bort.

– Du har heilt mista tilliten til systemet?

– Eg har ikkje mista trua på menneskeslekta, men eg har mista trua på at det finst nokon vilje der ute, nokon stad, til å føra store kriminalsaker mot finanssvindlarar. Eg har skrive denne boka på grunn av korrupsjonen eg møtte og den manglande viljen til å føra påtale, ikkje berre på Island, men overalt. Bodskapen min er at dette ikkje handlar om Island, men noko større, ein generell svikt i ein global skala. Eg vonar verkeleg ikkje at du, etter å ha lese boka, sit att med eit inntrykk av dette berre var og er eit islandsk problem.

Multinasjonal

Og nei, bankkrisa og svindelen var på ingen måte avgrensa til Island. Alle dei store islandske bankane var multinasjonale.

Bibler hadde møte med finanstilsyn og politi i Luxembourg, USA og Sverige. Det var ikkje alltid slik at kundar der vart svindla for pengar direkte, men i alle desse landa dreiv dei islandske bankane med manipulasjon og nytta lokale finansinstitusjonar til å skjula ulovlege handlar og til å skaffa seg pengegarantiar og lån på falskt grunnlag.

Bibler gav påtalemakta i desse tre landa gryteklare saker som kunne ha gått rett til domstolane. Ingenting skjedde.

– Kaupthing var også notert på den svenske børsen og gjennomførte der ein stor manipulasjon av aksjekursen. Etter det meste å døma var dette den største kursmanipulasjonen i svensk soge. Eg hugsar godt kva ein i korrupsjons- og finansavdelinga i det svenske politiet sa til meg under eit møte der eg la fram prova på manipulasjon: «Vi lit på styresmaktene på Island.» Det var absolutt ingen vilje der til å få personar dømde.

Dette temaet kjem Bibler igjen og igjen attende til under intervjuet.

– Korleis kan eit så stort og velfungerande land som Sverige berre ignorera det faktum at finanssystemet deira hadde vorte misbrukt på dette viset i så mange år? Island gjorde at korrupsjonen i verda vart mykje lettare å sjå, men resten av verda vil ikkje sjå. Det finst ingen finansregulator i verda som har spesialteam som kan sendast ut og gjennomføra militærliknande operasjonar. Eg var i alle desse møta internasjonalt og la fram prov. Eg kunne like godt ha fortalt dei at månen var lilla. Dette var berre Islands problem.

182 milliardar dollar

Bibler har eit poeng. Det er som om verda ynskjer å gløyma det som skjedde på Island. Men framleis, den dag i dag, er omfanget av svindelen knapt til å tru. Om ein legg saman utlåna, innlåna og eigenkapitalen – balansen – til dei tre islandske bankane dagen før dei gjekk konkurs, stod han på 182 milliardar dollar, som representerte meir enn elleve gonger den samla islandske økonomien. Om norske bankar i dag hadde hatt ein tilsvarande stor balanse, hadde det same talet vore om lag 40 billionar kroner.

Då amerikanske Lehman Brothers gjekk konkurs, var bankbalansen 93 prosent av USAs BNP. Det islandske banksystemet var relativt sett 15 gonger så stort som det amerikanske. Om lag 90 prosent av pengane som islandske bankar hadde lånt, gjekk tapt. Viljen til å gløyma var elles størst i Tyskland, kanskje av di tyskarane var dei mest viljuge utlånarane til islandske bankar. Til dømes gjekk den største banken i Bayern konkurs og vart teken over av den tyske føderalstaten og fusjonert inn i ein annan bank på grunn av utlåna til islandske bankar.

Men heller ikkje i Tyskland vart nokon dømde, sjølv om Deutsche Bank gav eit aktivt tilskot til at islandske bankar kunne manipulera marknaden. Både finansielt, gjennom finansinstrument og via rådgjeving gjorde Deutsche Bank nærast det dei kunne for å halda på dei islandske bankane som kundar.

Kanarifuglen

– Min påstand er enkel: Finansreguleringsmakta verda over er ikkje laga for å avsløra finanssvindel eller påtala slik svindel. Eg vil gå så langt som å seia at svindlarar i finansverda får springa fritt, og at svindel går føre seg i ein massiv skala. Island er kanarifuglen i kolgruva. Eg ser det same her i Sveits. Eg tok jobb som leiar av interngranskinga på den sveitsiske børsen. Jobben min var å finna innsidehandel. Kvar veke sende avdelinga minst éi stor potensiell innsidehandelssak til påtalemakta. Alle vart lagde i den store skuffa. Eg slutta.

Når det er sagt, Bibler går med på at Island var særmerkt. For bankane var så store. Glitnir, Kaupthing og Landsbanki utgjorde til saman minst 75 prosent av alle børsnoterte aksjar på Island. Samstundes var islendingane verdas fremste pensjonsspararar. Om ein på Island hadde litt rikdom eller litt pensjonskapital eller prøvde å spara ekstra, så var ein per definisjon eksponert mot dei tre store bankane. I tillegg var dei store pensjonsselskapa pålagde å investera ein stor del av forvaltingskapitalen på Island. Islendingane hadde med andre ord ikkje noko alternativ.

– Eigarane av bankane laga i røynda ei perfekt felle. Om du ville spara til pensjon, om du ville investera i aksjar, så måtte du investera hjå dei. I røynda var det berre to store aktørar som kjøpte aksjar på den islandske børsen: dei store pensjonsfonda og bankane sjølve.

Kjøp!

Bibler hadde ansvaret for etterforskinga av Kaupthing og laga saka mot leiinga og eigarane. Då gjekk han gjennom alle store handlar med Kaupthing-aksjar som gjekk via meklarar i same Kaupthing-banken.

– Nesten alle desse handlane vart gjennomførte av selskap med underlege namn, selskap som var kontrollerte og laga av Kaupthing sjølve. Dei einaste større handlane i Kaupthing-aksjar utanom stråselskapa var i regi av dei islandske pensjonsfond. 60–70 prosent av aksjane pensjonsfonda hadde i porteføljen, var i dei tre store islandske bankane. Slik var regelverket for pensjonsfonda. Dei måtte investera ein stor del i den heimlege marknaden.

Pyramidespel

Alle desse pensjonspengane forsvann, og det er sjølvsagt djupt tragisk. Men bankkriser har skjedd før, rett nok ikkje i ein slik skala, og bankkriser kjem til å henda på ny. Det som derimot er så vanskeleg å få tak på i den islandske bankkrisa, er kva ho handla om. Islandske bankar var til dømes ikkje eksponerte mot den amerikanske subprime-marknaden, der bankane laga verdi­papir på basis av «rotne» bustadlån til enkeltpersonar, og dei dreiv ikkje med store utlån til industri på kontinentet eller til skipsfart eller olje i Noreg, for den del. Ja, dei gav bustadlån og forretningslån til islendingar og islandske verksemder, men det var ikkje i nærleiken av nok til oppretthalda bankdrift i stor skala. Kva var sjølve forretningsideen?

– Å halda oppe aksjeverdien. Då bankane vart privatiserte, fekk dei nye eigarane aksjane så godt som gratis. Så lånte eigarane pengar på basis av desse aksjane. Desse låna nytta dei til å kjøpa endå fleire aksjar i eigne bankar, og når aksjane så gjekk opp av di bankane kjøpte aksjane, lånte dei endå meir i utlandet. Det var eit reint og uforfalska pyramidespel. Før eg kom til Island, var eg sjølv ein stor tilhengjar av frie marknader, og eg kjende meg trygg på at marknadsaktørane rydda dårlege aktørar bort. Eg hadde aldri tenkt over at nokon kunne manipulera ein marknad i så stor skala. Dei islandske bankane makta å gjera dette i ti år.

– Men når du kjøper aksjar, vel, så har du aksjar? Ein eller annan stad måtte desse aksjane syna att?

– Ja, dei måtte dumpa dei ein stad. Tilbakekjøp av aksjar går føre seg heile tida i ein marknad, men firma som kjøper attende aksjar, annonserer normalt sett desse kjøpa og trekkjer så dei tilbakekjøpte aksjane frå marknaden. Dei vert destruerte, og så går verdien av dei resterande aksjane opp. Men dei islandske bankane skjulte kjøpa. Det siste året åleine nytta Kaupthing 1 milliard dollar berre på den islandske børsen på å kjøpa eigne aksjar. I tillegg nytta dei 250 millionar dollar i Sverige.

Skatteøya

Kvar hamna aksjane? I eitt eller anna skatteparadis, der det no var eit stråselskap som sat på aksjar som dei kunne nytta som pant til å låna endå meir pengar frå Kaupthing og nytta dei nye pengane til å kjøpa endå fleire Kaupthing-aksjar på børsen.

– Ved slutten av kvart kvartal såg det ut som bøkene var i orden. Lån var gjevne på basis av aksjeverdiar, kommisjonar vart utbetalte, og på slutten av kvart år kom bonusane. Dette er i grunnen heile soga. Det verka, til det ikkje verka lenger. Men då hadde ei mengd menneske tent enormt med pengar på basis av verdiar andre hadde skapt, spart og mista.

Ja, fleire av eigarane og leiinga i dei store bankane var dømde og fekk fengselsstraff. Men domar vart støytte om, saker trekte ut i tid, og få vart sitjande meir enn nokre månader. Dei som vart rike under bankveksten, er stort sett rike den dag i dag og er no store aktørar i turistboomen som langt på veg har øydelagt Island som vi kjenner det.

Men Bibler var trass alt med på noko ingen andre statar fekk til i kjølvatnet av finanskrisa: å døma og fengsla dei største svindlarane mellom oss.

– Eg snakka nett med ein ven som var etterforskar saman med meg etter bankkrisa. Han fortel at spelet på ny er i gang på Island. Verksemder som han ikkje anar kva tener pengar på, vert noterte på børsen og får skyhøge verdiar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Bodskapen min er at dette ikkje handlar om Island, men noko større, ein generell svikt i ein global skala.

Jared Bibler

Emneknaggar

Fleire artiklar

Frostrøyk i Kyiv.

Frostrøyk i Kyiv.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KrigSamfunn

Kyiv, Brussel, Budapest – ei forteljing om tre byar

Ei tjukk skodde heng over Kyiv og heile det sentrale Ukraina. Lufta er fuktig og tung, og hindrar sikten. Sjølv på ein god, rett veg må du køyre med låg fart.

Andrej Kurkov

Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).

Foto: Thomas Fure / AP / NTB

PolitikkSamfunn
Marita Liabø

Mors liv i salen

Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.

President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.

Foto: Javad Parsa / NTB

KommentarSamfunn
SveinTuastad

Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.

Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.

Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Ane Tusvik Bonde

«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»

Statsminister og Ap-leiar Jonas Gahr Støre på veg inn til gruppemøtet til Aps stortingsgruppe onsdag denne veka.

Foto: Ole Berg-Rusten

Samfunn

Når nokon har snakka saman

Det er ikkje slik at media berre er megafonar for dei som vil kaste Støre, seier kommentator Magnus Takvam.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis