Leiar

Støtt opp om folkehøgskulen

Publisert

Det er stadig omkampar om folkehøgskulane. I år òg. I fjor tok dei bort tilleggspoenga for elevane, gjeldande frå 2027. I år vil regjeringa kutta 40.000 kroner av stipenddelen til elevane ved skulane og auka lånedelen tilsvarande.

Regjeringa forsvarer kuttet med at endringa ikkje påverkar «likviditeten til studentane undervegs i folkehøgskuleopphaldet», men berre den delen som blir omgjord til stipend i etterkant.

Det hjelper lite. Lånet skal jo betalast tilbake. Framlegget frå regjeringa er usosialt og vil gjera folkehøgskulane mindre attraktive for elevar som ikkje har foreldre som kan bidra økonomisk.

Regjeringa grunngjev kuttet med at dei vil «stimulera til effektive utdanningsløp». Målet deira er at flest mogleg skal koma raskt i gang med den høgare utdanninga og ut i arbeid.

Snakk om å misforstå. Det er trist at regjeringa viser ei slik instrumentell tilnærming. Det er ikkje alle som er klare eller motiverte for studium rett etter vidaregåande skule eller militærtenesta. På folkehøgskulane kjem unge i tett kontakt med medelevar, dei får praktisk røynsle og får brynt seg på livet i lag med andre. Mange har godt av eit skuleår utan karakterpress.

Sidan 1800-talet har folkehøgskulane vore ei kraft og eit godt tilbod til mange ungdomar. Vi har i dag 80 frilynte og kristne slike skular. I staden for å svekkja dei bør regjeringa styrkja dei. Vi treng eit mangfald av utdanningsinstitusjonar i dette landet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement