Økonomi
Det halvfulle og halvtome inntektsgapet
SSB seier at inntektsskilnadene er mykje større enn vi trudde. Men dei tel på ein annan måte enn før. Det er ikkje utan problem.
Norsk kapitalist: John Fredriksen er den rikaste nordmannen i verdssoga. Men han har flytta frå landet sjølv om det norske skattesystemet er nokså gunstig for kapitalistar. Fredriksen fekk endå betre vilkår andre stadar.
Foto: Ints Kalnins Reuters / NTB
I førre veke kom Statistisk sentralbyrå med ein ny og særs akademisk rapport om inntektsskilnader i Noreg. Det tradisjonsbundne byrået vil ha oss til å tenkja nytt om inntekt. Rapporten har tittelen Ulikheten – betydelig større enn statistikken viser og fekk stor merksemd sist veke. Innleiinga til rapporten sa i grunnen det meste: «Inntektsulikheten i Norge er mye større enn det offisiell inntektsstatistikk viser. Forklaringen er at statistikken bare tar med inntekt som er rapportert i de personlige skattemeldingene, og at eiere av selskap har hatt insentiver til å ta ut mindre aksjeutbytte etter at utbytteskatt ble innført i 2006.»
Det SSB seier, er tilsynelatande nokså revolusjonerande. Men mykje kjem an på augo som ser. Ein alternativ tittel kunne vore «Utbyteskatten verkar». Innleiinga kunne vore formulert slik: «Overskotet vert halde attende i norske verksemder, nett som Stortinget ynskte. Norske rikfolk finansierer arbeidsplassar og verksemder i staden for eige forbruk. Dei held konsumet sitt nede og sparer massivt.»
Dette vert ein litt komplisert artikkel, men det vert lettare mot slutten. Men fyrst: Kva er inntekt? Og kva er skilnaden på formue og inntekt? Når skal vi forresten telja, og over kor lang tid, for slik å skilja mellom dei to storleikane? Å gje eit eintydig svar på det er alt anna enn enkelt.
Definisjonsmakta er noko som i det minste før låg hjå leksikonforfattarar. Artikkelen om inntekt i Store norske leksikon er skriven av Hilde Bojer, som var samfunnsøkonom ved Universitetet i Oslo. Ho skriv: «Inntekt er definert som den øvre grense for hva en person eller en gruppe personer kan forbruke i løpet av en periode uten å minske formuen (eller stifte gjeld).» Ok, då kan vi seia at inntekt er det vi har, før vi eventuelt tærer på formuen. Men så kjem SSB med denne definisjonen: «Inntekt er penger som en person eller bedrift mottar i bytte mot å selge en vare, utføre en tjeneste eller som avkasting på investert kapital. I tillegg bidrar staten med overføringer.»
Forvirrande
Sjølv om definisjonane er nokså like, fører det likevel til forvirring. For rapporten til SSB handlar om utbyte, som er å henta kapital ut av ei verksemd, og korleis staten skattlegg dette utbytet. Eit typisk døme på utbyte er det staten ofte gjer med reine statsselskap. Det er nokså mange statsbudsjett som har vorte gjorde opp ved at regjeringa har henta ut utbyte frå til dømes Statkraft. Det har tradisjonelt ført til at direktørane og styret i Statkraft har klaga over at dei vert tømde for kapital og ikkje har nok pengar til å halda ved like den realkapitalen dei har. Jens Stoltenberg har understreka at ein av grunnane til at han ville delprivatisera Statoil, var at han ville hindra staten i å tappa Statoil for kapital på ein uføreseieleg måte. For når fleire eig ei verksemd, må eigarane verta samde og handsamast likt. Det gjer ting litt meir føreseielege. Det er no styret i Equinor som set utbytenivået, ikkje staten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.