Balladen om Entra
Ei soge om korleis staten kvitta seg med husa sine for å kunne betale leige til investorar inn i æva.
Nasjonalbiblioteket i Oslo, reist i 1914, er utleigd av Entra til staten.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Entra Eiendom
Oppretta som eit statleg eigedomsselskap i 2000
Entra fekk med seg ein fjerdedel av bygningsmassen til Statsbygg
Staten var eineeigar av Entra
I 2014 vart Entra børsnotert, og staten selde litt over halvparten av aksjane
I dag eig staten berre 8 prosent av aksjane
59 prosent av porteføljen til Entra er utleigd til offentlege leigetakarar

Økonomi
peranders@dagogtid.no
Eigedomsselskapet Entra er i spel. Den svenske eigedomsgiganten Samhällsbyggnadsbolaget (SBB) har bydd kring 30 milliardar kroner for heile selskapet. Men styret i Entra har så langt takka nei, og prisen kan stige, for ein annan mogleg kjøpar luskar visstnok i kulissane, skriv Dagens Næringsliv denne veka.
I stor grad handlar denne bodkampen om kven som skal hauste årlege milliardutbyte frå å leige ut lokale til den norske staten. Svært mange av desse bygga vart i si tid reiste for skattepengar, men har via Entra hamna på hendene til private investorar – for prisar svært langt under dagens marknadsverdi.
Spørsmålet om det blir svenske SBB eller andre storinvestorar som endar opp med denne pålitelege pengemaskina, er ikkje prinsipielt viktig. Men soga om Entra fortel mykje om korleis Noreg har endra seg dei siste 20 åra. Det er ei soge frå gråsonene i grenselandet mellom offentleg og privat sektor, om milliardverdiar som har gått frå staten til private investorar, om leiarar som fekk millionbonus for å ta imot faste leigeinntekter, om statsråd etter statsråd som hyttar avmektig med neven mot lønsfesten, om forsøk på å lure Riksrevisjonen og toppsjefar som har gått i vanære (med solid etterløn).
Siste kapittel spelar seg ut no. Staten har i dag berre 8 prosent av aksjane i Entra og er truleg heilt ute snart. Og vinnaren av bodrunden om Entra kan tene seg enda rikare på husleige frå Nasjonalbiblioteket, Oljedirektoratet, Politihuset i Bergen og andre offentleg finansierte bygg rundt i landet, heilt til Dovre fell. Men korleis kom vi hit?
Leigde av seg sjølv
Soga om Entra tok til i slutten av 1990-åra, under sentrumsregjeringa til Kjell Magne Bondevik (KrF) og arbeids- og administrasjonsminister Eldbjørg Løwer frå Venstre. Løwer ønskte å omorganisere Statsbygg, som da hadde ansvaret for å forvalte den statlege eigedomsmassen. Ordninga med såkalla rammestyring var alt innført – det vil seie at statlege verksemder skulle betale husleige også for bruken av statens eigne lokale.
«Regjeringen mener at vedlikeholdet av statens eiendommer blir best ivaretatt ved å skille forvalter- og brukerrollen», heitte det i stortingsproposisjonen frå regjeringa i juni 1999. Statsbygg hadde for mange hattar, meinte regjeringa, og foreslo ei oppdeling: «De mest konkurranseutsatte byggene i Statsbyggs eiendomsportefølje kan forvaltes mer effektivt hvis de organiseres for seg i en rendyrket forretningsmessig enhet.»
Formuleringa om «konkurranseutsatte bygg» verkar litt underleg: Trass i alt handla dette om bygg som staten leigde av seg sjølv. Og dei innbygde paradoksa i det nye selskapet er synlege i denne formuleringa frå regjeringa: «Selskapets hovedformål vil være å dekke statlige behov for lokaler. Virksomheten skal drives i et åpent marked, og med samme krav til forretningsmessig drift som andre aktører.»
«Ei gladsak»
Stortinget gav tilslutnad til den personlegdomsspalta nyskapnaden, som bar det trauste namnet Statens utleiebygg inntil konsulentar kokte opp namnet Entra Eiendom. Ein fjerdedel av eigedomsmassen til Statsbygg, kring 600.000 kvadratmeter, vart overført til det nye selskapet. Porteføljen inkluderte ei rekkje attraktive bygg i dei store byane, og vart i 1999 verdsett til 3,2 milliardar kroner. Medgifta til Entra inkluderte mellom anna Nasjonalbiblioteket i Oslo, i tillegg til ei rekkje høgskular, politistasjonar, domstolsbygg, trafikkstasjonar, trygdekontor, tollkontor og andre administrasjonsbygg rundt i landet. Inkludert var òg ei rekkje bygg som bar namnet Statens hus.
I byte fekk staten alle aksjane i det nye selskapet. Og organiseringa i eit AS var tilsynelatande ikkje så prinsipielt viktig. Husleiga i dei overførte bygga skulle jo staten i praksis framleis betale til seg sjølv – dei skulle berre gå via Entra.
Det nye selskapet hadde fleire politiske fødselshjelparar: Administrasjonsminister Laila Dåvøy (KrF) signerte stiftingspapira til det nye selskapet i mars 2000, rett før regjeringsskiftet. «Jeg husker det som en gladsak. Endelig skulle vi få ryddet opp i alt rotet rundt statlige eiendommer», sa Dåvøy seinare til Aftenposten. Da Entra vart formelt etablert 1. juli 2000, var det under Ap-regjeringa til Jens Stoltenberg og administrasjonsminister Jørgen Kosmo – som nokre år seinare skulle gje same selskap fleire breisider som riksrevisor.
Aggressive kjøp
Sjølv om staten var eineeigar og hovudføremålet til selskapet var å halde staten med lokale, byrja Entra under direktør Erik Løfsnes snart å likne eit privat selskap. Entra investerte i ei rekkje kontorlokale for utleige i den private marknaden. I ettertid kalla Løfsnes sjølv framgangsmåten for «aggressiv» og «brutal», skreiv Aftenposten i 2012. Mellom anna kjøpte selskapet det tidlegare hovudkvarteret til Telenor og Postgirobygget i Oslo – der Entra-leiinga sjølv sikra seg toppetasjen. Og på eiga hand sette selskapet seg som mål at 20 prosent av leigetakarane skulle vere private. Denne kursendringa fekk seinare kritikk frå Riksrevisjonen for å vere i strid med føremålet, utan at det fekk følgjer.
Entra dreiv òg med det ein kallar omdømebygging. Til dømes vart selskapet sponsor for både fotballklubben og ishockeyklubben til Vålerenga. Det var ikkje ein openberr del av samfunnsoppdraget til eit selskap som skulle forvalte statlege eigedomar, men lukrativt for Vålerenga: Avtalen sikra Vålerenga Fotball 24 millionar kroner og Vålerenga Ishockey sju millionar frå Entra. Entra-direktør Erik Løfsnes fekk gleda av å sitje i styret for ishockeyklubben. I tillegg førte relasjonen til at Entra kjøpte to eigedomar ved Youngstorget i Oslo frå hovudaksjonæren i Vålerenga Ishockey for 50 millionar, avdekte Dagens Næringsliv i 2007 – noko som viste seg å vere eit svært dårleg kjøp.
Løfsnes måtte gå av som Entra-sjef same året, etter å ha halde att informasjon overfor Riksrevisjonen i samband med to andre tvilsame eigedomshandlar. Men desse sakane er på sida av hovudtemaet her. Meir interessant: Korleis og kvifor vart Entra privatisert?
«Idioti»
Statusen til Entra som heilstatleg selskap kom snart under press. Alt i eigarskapsmeldinga si i 2002 gjekk Bondevik II-regjeringa inn for ei privatisering av Entra. Private eigarar hadde «bedre forutsetninger for å påvirke lønnsomheten positivt», meinte næringsminister Ansgar Gabrielsen.
Regjeringa fekk motbør frå Arbeidarpartiet. Olav Akselsen, som var leiar i næringskomiteen, brukte harde ord i 2004: «Det finnes bare ett ord for dette. Idioti. Hvis staten selger seg ut, betyr det en privatisering av politikamre, lensmannskontorer, domstoler og andre statlige institusjonsbygg. I dag leier man av seg selv, og jeg er overbevist om at det ikke er lønnsomt å selge ut for å leie av andre», sa Akselsen til Dagsavisen.
Men nokre år seinare, da Arbeidarpartiet var i regjeringsposisjon att, såg partiet annleis på saka. Det var ikkje lenger idioti å privatisere domstolsbygg og politistasjonar.
Den raudgrøne regjeringa var rett nok først litt lunka til privatisering. I ei eiga stortingsmelding om Entra i 2009 heitte det: «Mange statlege institusjonar har Entra som den viktigaste leverandøren av kontorlokale. Det har ei viss eigeninteresse for staten å ha hand om ein så viktig leverandør, sjølv om selskapet opererer i ein konkurranseutsett marknad.»
Så snudde Ap. I alle fall gjorde Trond Giske det.
Billegsal
I eigarskapsmeldinga som næringsminister Giske la fram i april 2011, gjekk regjeringa inn for ei delprivatisering av Entra og opna for at to tredelar av aksjane i selskapet kunne seljast til private investorar. Dette skapte lite debatt. Da Rune Olsø, som hadde hatt leiarstillingar i Entra i sju år, vart tilsett som administrerande direktør i 2012, vart det derimot mykje rabalder fordi Olsø var ein ven av Giske. (Giske avviste at han hadde hatt med tilsetjinga å gjere, men Olsø trekte seg.) Sjølve privatiseringsvedtaket vart det derimot lite oppstuss om. Men nedsalet i Entra skjedde ikkje før i 2014, etter at Høgre og Frp hadde teke over regjeringsmakta.
I oktober 2014 vart Entra børsnotert, og staten selde 50,3 prosent av aksjane. Ved noteringa var kursen 65 kroner aksjen. Blant kjøparane var investoren John Fredriksen, ein mann kjend for næringsvit, som sikra seg 10 prosent av aksjane i Entra. Og sidan da har staten selt seg ned i fleire omgangar. Dei transaksjonane har vore betre butikk for kjøparane enn for seljaren. I skrivande stund er Entra-kursen på 169 kroner. Ved det første nedsalet i 2014 var heile selskapet verdisett til 12 milliardar kroner, no er det snakk om oppkjøp av selskapet for kring 30 milliardar.
Entra er det finanspressa kallar ei utbytemaskin. Hausten 2017, berre tre år etter børsnoteringa, oversteig det samla utbytet og verdistiginga på Entra-aksjane til saman kjøpesummen for dei aksjane staten hadde selt til da, skreiv Klassekampen. Og verdistiginga har halde fram. I desember i fjor selde staten 14 prosent av aksjane i Entra for 3,4 milliardar kroner. I dag ville dei aksjane ha vore verde nesten ein milliard kroner meir.
Verdas sikraste
I aksjemarknaden er det latterleg lett å vere etterpåklok, og det var ikkje opplagt at Entra-kursen skulle stige slik han har gjort sidan 2014. Men at Entra ville vere ei nokså sikker investering på sikt, var mogleg å sjå – ikkje minst for staten. Sjølv om selskapet har investert mykje i kontoreigedom for den private marknaden, er framleis 59 prosent av eigedomane til Entra utleigde til det offentlege. Og den norske staten er ein av dei sikraste betalarane i verda. Dette gjer Entra svært attraktivt for svenske SBB, som har spesialisert seg på å leige ut til offentlege leigetakarar og alt er ein storaktør i Noreg.
«I SBB er inntektene våre offentlig støttet, noe som antakeligvis gjør eiendelene våre til verdens minst risikable», sa toppsjefen Ilja Batljan på ein pressekonferanse denne veka, sitert i Klassekampen.
Logikken hans er grei å skjøne. Det er ikkje fullt så lett å skjøne kvifor den norske staten gav frå seg høvet til å vere herre i sine eigne hus, og har gjort seg til ein leigetakar som er prisgjeven marknaden.
Dag og Tid sende onsdag nokre spørsmål til Nærings- og fiskeridepartementet i samband med denne saka, men fekk ikkje svar før avisa gjekk i trykken.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«I dag leier man av seg selv, og jeg er overbevist om at det ikke er lønnsomt å selge ut for å leie av andre.»
Stortingsmann Olav Akselsen (Ap) i 2004
Fleire artiklar
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»
Teikning: May Linn Clement