Odvar Nordli
(1927–2018)
AP-politikar og tidlegare statsminister Odvar Nordli.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Odvar Nordli var hedmarking, og var stolt av det. Det er det same kvar den nye flyplassen skal liggje, sa han i Gardermoen-debatten, berre han ligg nær Mjøsa.
Som frontfigur i Arbeidarpartiet ser han ut til å vere den siste av sitt slag. Bakgrunnen hans var distrikt og lokalpolitikk, og han var varaordførar i Stange i ti år før han kom på Stortinget. Etter han kom embetsmannsborn og menn som hadde hatt heile sitt arbeidsliv i partiet, frå AUF og oppover. Lokalpolitisk røynsle vart det lite av, distriktsbakgrunn også.
Dette gjorde Odvar Nordli til ein jordnær politikar, nær dei han representerte. Forma hans var jovial og humørfylt og kontaktskapande.
Arbeidarrørsla er ei politisk rørsle som langt på veg har nådd måla sine: utjamning, betre kår for alle. Utdanningsvegane vart opna. Utdanning var etter kvart også vegen til topps i politikken. I 30 år, frå 1935 til 1965, hadde ingen norsk statsminister anna utdanning enn 7-årig folkeskule, om vi ser bort frå John Lyng, som sat i tre veker. Og Noreg vart styrt med forstand. I dag har vi ingen statsministerkandidat av det slaget.
Etter valnederlaget har Arbeidarpartiet fått kritikk for å ha høyrt for lite på folk på arbeidsplassane. Politikken er blitt fjern for mange, ei sak for ambisiøse elitar. Medlemstalet i partia går ned.
Odvar Nordli tilhøyrde dei politikargenerasjonane som var med og løfta folket, heile folket, over heile feltet: arbeidsvilkår, økonomi, helse, utdanning, trygdesystem og mykje meir.
Så kom han til å oppleve at dette nye og utjamna samfunnet kom til å produsere nye styrande elitar, som delar av folket kom til å oppleve som fjerne og maktfullkomne.
Han såg dette. «Je sitter nå her i denne kontorkassa oppe på Hamar, je», sa han om fylkesmannsjobben ein gong eg snakka med han. Han kjende avstanden til dei han var komen frå.
Odvar Nordli hadde ei lyrisk åre. Eg bad han ein gong om å skrive ei personleg bok om sitt Hedmark. Det trudde han ikkje han kunne. Han hadde berre drive med utgreiingsspråk, innstillingsspråk, byråkratspråk. Å gi språk til sitt Hedmark var over hans evne. Meinte han. Eg bad han prøve.
Så kom manuset. Der hadde han eit par uvanleg vakre naturskildringar. På ein fisketur går han seg bort i tåka. Vakrare tåkeskildring, stille, tett og grå, har eg sjeldan lese. Ho burde få plass i lesebøkene, om slike finst lenger.
Då eg møtte han etter å ha lese, ville han ha desse skildringane ut. Usikker som han var på sine språklege evner, hadde han testa manuset på eit par politiske journalistar. Dei ville ha meir politikk, og ikkje slikt sentimentalt naturskvalp.
Eg forsvara manuset slik det var, med tåkeskildring og det heile. Eg nedkjempa dei politiske journalistane, med sine tydelege politiske miljøskadar. Det vart han glad for, og tåka kom med.
No er han gått inn i historia. Livet og arbeidet hans fortel ei sterk historie om ei tid som var.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.