Energi
Nyansane i noregsprisen
Statkraft ville helst hatt ein fri kraftmarknad, men trur skadeverknadene av noregsprisen blir moderate.
Statsminister Jonas Gahr Støre og olje- og energiminister Terje Aasland på ein pressekonferanse om forsyningstryggleik for kraft i fjor. Denne veka fekk dei fleirtal for forslaget om noregspris på straum.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Denne veka sikra Arbeidarpartiet seg fleirtal for den omstridde ordninga med såkalla noregspris på kraft: eit tilbod til privatkundar om å inngå fastprisavtale på 40 øre per kWh for straumen. Tiltaket har løfta Ap på meiningsmålingane, men har fått hard kritikk av dei fleste opposisjonspartia, fornybarbransjen og miljørørsla.
Kva meiner dei som skal levere omtrent halvparten av straumen i Noreg? Dag og Tid har spurt Manus Pandey, som er leiar for energi- og klimapolitikk i Statkraft. «En del av kritikken mot Norgespris villeder mer enn den veileder», skreiv han nyleg i eit innlegg i nettavisa Europower.
– Vi deler noko av kritikken, men noko er overdrive. Vi vil bidra til ei nyansert tilnærming, seier Pandey.
Moderat effekt
For ordens skuld: Noregspris kjem ikkje til å påverke inntektene til Statkraft direkte. Selskapet sel ikkje straum direkte til hushalda, men i kraftmarknaden. Og når prisane i marknaden er høgare enn noregspris, er det staten som skal dekke differansen. Likevel får ordninga konsekvensar også for produsentar som Statkraft.
– Hushalda står for kring ein tredjedel av straumforbruket i Noreg, og noregspris vil trekke i retning av høgare straumforbruk om vinteren. Det vil påverke prisane, og kan føre til at investeringane i kraftproduksjon vil auke litt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.