NRK som problem

Ei meiningsmåling syner at 45 prosent av dei spurde ikkje vil betala for digitale aviser av di NRK har så mykje godt gratis. – Skremmande, seier Nordlys-redaktøren.

Publisert

Førre veke kom Tinius-stiftinga, som eig mykje av Schibsted-avisene, med ei gransking om kor mange som er viljuge til å betala for ei digitalavis. Halvparten av dei yngste sa at dei aldri kom til betala for nettaviser, 46 prosent at dei berre ville betala for éi eller to nettaviser. Men kvifor ville så mange ikkje betala for slike tilbod? Jau, sa 45 prosent, det ville dei ikkje av di NRK hadde eit så rikt gratistilbod.

Helge Nitteberg er sjefredaktør i Nordlys i Tromsø.

– Målinga du viser til, er skremmande frå eit bransjeperspektiv. Det er openbert at NRK utgjer ein sterk, kanskje for sterk konkurranse for andre digitale aviser. For Nordlys isolert sett så merkar vi ikkje så mykje av den heftige konkurransen lokalt i det daglege. Men det er klart at når NRK nesten samstundes gjev det same som vi, men gratis, då merkar vi det. Vi har døme på at NRK, etter at vi har publisert ei sak, produserer ei heilt identisk sak. Dei intervjuar dei same kjeldene og har dei same bileta. Dei hentar i praksis saka frå oss og gjev ho bort gratis.

– Dei gjev då ikkje berre bort ting gratis, dei reklamerer kraftig for sakene i tillegg?

– Ja, kort fortalt er eg kritisk til NRKs samla kraft og særleg korleis dei reklamerer for det dei lagar. Dei nyttar sosiale medium i svært høg grad for å promotera mykje av innhaldet dei tilbyr. Når vi veit at Facebook og Google har teke store delar av annonsekaka som før vart nytta til å finansiera uavhengig journalistikk, er det ikkje bra at NRK forsyner dei med innhald nærast ukritisk.

– Men høyrer ikkje NRK på dykk når de kjem med kritikk?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement