Politikk

Norske slagord i utakt med verda

Politiske parolar kryssar både parti- og statsgrenser. Internasjonalt blir eit fåtal ord særleg mykje brukte. Få av desse går att i valkampmottoa til norske parti.

«Sylvi på veien mot bompenger og bypakker», var slagordet på bubilen til Frp i 2021, her i Sogn.
Publisert Sist oppdatert

I USA stilte John F. Kennedy til val i 1960 med slagordet A Time for Greatness. Den republikanske presidentkandidaten Barry Goldwater ville i 1964 gjere Amerika storarta att, make America great again. Lat oss gjere Amerika storarta att, melde Ronald Reagan i 1980. Saman kan vi gjere Amerika storarta att, sa Bill Clinton i 1991. Uttrykket var ein seiemåte, eit munnhell. Likevel greidde Donald Trump å få det registrert som varemerke i november 2012. Det kosta han 25 dollar.

Historisk kan slagord førast attende til epigramma, dei offentlege innskriftene, i antikken. Noko av det klaraste som er formulert om slagord på norsk, blei sagt alt i 1930-åra. Den retorisk-strategiske forståinga som Haakon Lie hadde på den tida, er framleis gyldig. Det er dei enkle orda som har vore avgjerande når det røyner på som mest, poengterte han på Arbeidarparti-landsmøtet i 1936 og viste til suksessen med «Hele folket i arbeide» i 1933. Vi må samle valkampen om enkle saker, «utkrystallisert i enkle slagord som enhver mann og kvinne forstår». Han fekk det som han ville. Standarden var sett.

Sju store ord i Noreg

Over år har eg samla og listeført slagord frå norske parti 1945–2025. Knapt andre parti enn Arbeidarpartiet har gjort noko for å ta vare på denne retoriske og politiske samtidshistoria. Siste oppteljing viste 313 slagord, men enno manglar somt.

I dei norske slagorda er sju ord dei mest brukte. Trygg/ trygghet. Framtid/ fremtid. Menneske. Vi. Ny. Folk. Arbeid. Slagord er mykje meir enn å koke i hop noko ved hjelp av eitt eller fleire nøkkelord. Som alltid i retorikk må ein gå inn i situasjonen og forstå høvet. Kva eit slagord tyder, kan dessutan ikkje alltid isolerast til enkeltord, og der er mange synonym. Slagord er retorisk brukskunst som først og fremst må vurderast ut frå funksjon. Dei tener til å samle og stadfeste og flyttar nok i liten grad veljarar frå andre stader enn gjerdet.

Mest brukte er trygg/ trygghet, framtid og menneske. At så mykje handlar om tryggleik gjennom 80 år, overraskar. Som småstat har Noreg andre tryggingspolitiske interesser enn våpensterke stormakter og folkerike statar, men desse utanrikspolitiske vilkåra viser berre att dei første etterkrigsåra. Då skulle mangt byggjast opp att, og dei sosiale vilkåra var slett ikkje gode for alle. Fleire parti heldt fram med å peike på sosial tryggleik, tryggje det som er oppnådd, og fremje tillit også når velferdsstaten faktisk ikkje var i fare. Partia snakka lite om å styrkje og mykje om å verne og tryggje. Der har altså vore ein verdikonservativ grunntone i norske slagord som har nærma seg det strukturkonservative.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement